| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Legg ikkje Jølstra i røyr!-Det å seie nei til ei kvar utbygging , vil i alle høve være dumt, skriv Firda-redaktøren om planane om å legge Jølstra i røyr. Ja, eg er en slik dumskalle. Jølstra må ikkje røyrast i dobbel tyding, er mi meining. Sjølv om dei hundre grunneigarane eig fallrettar og fiskeretten, kan dei ikkje berre ta omsyn til seg sjølv og selje heile elva for nokre skarve kroner. Jølstra er eit unikt innslag i det landskjende vakre natur- og kulturlandskapet . Elva er ein viktig del av identiteten og det daglige livsmiljøet for dei fleste jølstringane. Difor må alle som bur langs elva være med å avgjere lagnaden. -Alle veit at behovet for elkraft er stort og at rein energi er mangelvare i dag, skriv Firda-redaktøren. Sidan han ikkje er dum, ber eg han og avisa heller bruke dei kloke håvene sine til å utløyse dei kreative kreftene i Sunnfjord til å skape arbeidsplassar med den elkrafta vi allereie har og som vi sender ut av fylket, framfor å gå i lag med kraftkåte og grådige utbyggjarar som ikkje kjenner andre verdiar enn kilowatt-timar og feite sjekkar. Ingen i bygda vår får billigare straum. El-krafta vår sel vi til EU-landa til høgste marknadspris. Vi får berre røyr og betong og linjer som øydelegg stadig meir av den naturopplevinga som for mange av oss er en del av det gode liv. Jølstravatnet er kanskje det beste aurevatnet i heile Europa. Vi har ein unik storaurestamme med Jølstra som gyteelv og oppvekstplass for ungane sine. Under den siste vassdragsreguleringa tok utbyggarane særlig omsyn dette. Kravet i dag må være at vassdraget må vernast for vidare utbygging. No må elva få fred til glede for bygdefolket, fiskarane, dei som driv med vassport og andre turistar. Dette er og ein viktig del av næringsgrunnlaget for bygda. Visst kan nokre av oss gle oss over straumpengane, men det viktigaste er å ta vare på dei naturverdiane som gjev oss eit trivelig og godt bumiljø for oss og komande generasjonar. Kor finn vi konsekvensanalysane for økosystemet i dei nye planane for vassdraget? Kva negative konsekvensar for miljøet har utbyggaren ikkje råd til å ta omsyn til, og dermed må få løyve til å bygge ut uansett? Og kven er med på å turrlegge Gjesdalsfossen. Den er også eit viktig innslag i nærmiljøet for dei stadig fleire familiar som slår seg ned i Jølster nettopp fordi vi har ei så unik natur. Kjøsnesfjorden kraftverk kjem i drift før jul. Det er et glimrande ingeniørarbeid, men utbyggaren tok ikkje omsyn til reiselivsnæringa og kommunen sine ynskje om å føre straumen i kabel fram til Dvergsdal. I staden kasta dei seg på den billigaste løysinga og har laga eit langt skjemmande linjesår på heile den fantastiske fjellsida som turistane beundrar frå riksvegen på nordsida og som er eit av dei mest urøyrde partia i naturlandskapet. Utbyggaren måtte også turrlegge den finaste fossen innafor Sægrov. Vi som har sett på kraftutbygging andre stader frå et meir miljøsyn, veit at turrlegging av dei mange bekkane, vil redusere frodigheita og tørke inn mykje av den grøne skogen og plantelivet oppe i fjellsidene. Og vi som marknadsfører Sunnfjord som Fosseheimen. Før vi gjer fleire inngrep i naturlandskapet, treng vi ein debatt om naturverdiane våre og konsekvensane for ei vidare utbygging av Jølstravassdraget. Eg ber elveeigarane tenkje seg om endå ein gong. Vil vi verkeleg leggje elva vår i røyr. La oss ikkje drepe debatten med å seie at ”slik er det berre”. Eivind Fossheim
Vist 79 gonger. Ingen følgjer denne samtalen. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||