| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Ida møtte Gull-Andreas på Norway Cup
EI STOR OPPLEVING! Ida Midtun avbilda i lag med dobbelt olympisk meister Andreas Torkildsen på Norway Cup. Til venstre sprintaren John Ertzgaard. All foto: Ida Børsand Ida Midtun frå Førde IL Fotball deltok i mesterskapet i 40 meter sprint for spelarar mellom 11 og 19 år under Norway Cup. Sprintaren John Ertzgaard var arrangør, og løparane kjempa om tittelen ”Slettas raskaste spelar”. Spydkastaren Andreas Torkildsen var entusiastisk tilskodar og medarrangør. Føremålet med mesterskapet var å syne dei unge fotballspelarane gleda ved å konkurrere i friidrett, samtidig som dei fekk litt avveksling frå fotballen. I fjor deltok over 2000 spelarar i mesterskapet i 40 meter sprint. Sprintaren John Ertzgaard hadde det praktiske ansvaret og sørgja for at konkurransen vart avvikla på ein skikkelig måte med profesjonelt tidtakerutstyr. Bemanningsselskapet Jobzone var ein av tre sponsorar. Adm. direktør Amund Alm hos Jobzone seier at sponsing av friidrett stemmer godt med Jobzone sine mål, strategiar og arbeidsmåtar. – Både i idretten og i arbeidslivet er det naudsynt å trene for å bli god_. Alm synest det er fint at unge spelarar får lære det tidlig i ein ordentlig konkurranse, kor det viktigaste framleis er å delta. Sidan starten i 2002 har Jobzone hatt nære band til friidretten. I år er Jobzone hovudsponsor for NM i friidrett som arrangerast på Lillehammer i perioden 31. juli – 2. august. Selskapet er dessutan sponsor for friidrettsutøverane Christina Vukicevic og Andreas Torkildsen. Andreas Torkildsen er spydspissen i Jobzones idrettssatsing, mens selskapet har også følgt Christina Vukicevic sidan ho var 16 år. Jobzone støttar morgondagens stjerner som hovudsponsor for Norges Friidrettsforbund og sponsar også friidrettsklubbane Tjalve, Tyrving, Minerva, Ski, Steinkjer og Lillehammer. Selskapet er i tillegg godt synlig i store arrangement i regi av Bislettalliansen. I Holmenkollstafetten stiller Jobzone med eigne lag, som har hatt lagleierar som Henry Rono og Hjalmar Hjallis Andersen.
Eivind Vallestad og Andreas Kalland avbilda i lag med John Ertzgaard og dobbelt olympisk meister Andreas Torkildsen.
Kampen om å bli “slettas raskaste” er blitt eit populært innslag under Norway Cup. Her er eit gutelag frå Førde IL Fotball foreviga i lag med medarrangørane John Ertzgaard og Andreas Torkildsen (bakerst til høgre). Dette er Jobzone
Vist 663 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||