Du må logge inn for å sjå denne sida

Nærløp i orientering

Onsdag 2. september arrangerer Førde IL Orientering nærløp på Langeland med frammøte/ parkering ved Kleiva skihus. Derifrå er det ein liten kilometer å gå vestover langs gamlevegen til samlingsplass og målområde. Kartet er ”Landskampskartet” frå 1989 med omfattande resynfaring og oppdateringar i sommar. Løypeleggarane tilbyr 4 løyper med ulik lengde og vanskegrad. Den lengste løypa er 5,2 km, medan nybegynnarløypa er 1,2 km. Dei som vel den lengste løypa får ein tur innom Bringelandsdalen, medan dei andre løypene går i terrenget vest for lysløypetraseane. Terrenget i Langelandsområdet er mellom dei finaste og mest lettløpte orienteringsterrenga i Sunnfjord – fritt for steinete ”bukkemark”, ugjennomtrengeleg einekratt eller knehøg lyngmark. Her kan det derfor springast fort for den som har kondisjonen i orden.

Vist 52 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir