Du må logge inn for å sjå denne sida

Bybussbillett halvert?

Firda melder at samferdslepolitikarane i fylket med Knut M. Olsen i spissen har som mål og m.a. halvere billettprisen på bybussen i Førde og Florø. Hurra!
Men der er eit MEN, og kvifor kan ikkje enkeltbillettane også kome inn i denne halveringa. Mine born har for lengst slutte ta bussen med meg, og mannen min dreg i anna retning enn meg i kvardagen. Så eg trur at halvering også av dei “impulsive” enkeltbillettane vil gi god effekt. Med god marknadsføring får ein godt vaksne til å la privatbilen stå og hive seg på bussen. Som sjølvsagt har hyppige avgangar og går til faste tider. Og eg støttar varmt halvering av familiebillett og månadskort. Reduksjon som monnar er vegen å gå, men også reisevanane må endrast med god marknadsføring og kløkt.

Vist 106 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir