| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Sogn og Fjordane er i ferd med å bli ein koloni underlagt sentralmakta.Monsterlinja korumperer I desse dagar går debatten om monsterlinja, eller meir presist: krafleidningen 420 kV Ørskog-Fardal, som skal byggast gjennom delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Statnett planlegg eit rundt 300 kilometer langt luftspenn med master som er opp mot 45 meter høge, og 10.juni ga NVE konsesjon til å drifte linja som hensynslaust skal ture fram gjennom lokalsamfunn og natur. Feige lokalpolitikar Det er nesten ingen i Sogn og Fjordane som ønskjer seg dette luftspennet. Bergens Tidende skriv at tre av fire innbyggjarar meiner lina må leggjast i sjø- og jordkabel, men dei folkevalgte som skal representere våre stemmer, bryr seg ikkje. Dei går for luftlinje. Bygd står mot bygd Erling Sande (Sp) svarar, som resten, uklart og diffust, og innbyr til lokalt splitt og hersk: «Ein bør finne ein trasè for den som tek omsyn til busetjing og viktige naturområde.» Slik overlet ein til bygdesamfunn å slost mot bygdesamfunn, heller enn å ta ansvar og lytte når folk faktisk har sagt eit klart NEI til monsterlinja. Mister herredøme over naturen Kampen om vern av Gaularvassdraget er ein av dei lengste og hardaste stridane om vassdragsvern som har blitt utkjempa i Noreg, og hadde pågått sidan slutten av 1960-talet då det sju mil lange vassdraget vart verna i 1993. 19.-22.oktober skal Olje og energidepartementet, samt Miljøverndepartementet på synfaring langs traseen for luftspennet. I Soria Moria 2 står det at regjeringa vil «følge opp strategien om hvordan det skal tas sterkere hensyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn når forsterkninger i kraftnettet planlegges». (Artikkelen har stått på trykk som signert-kommentar i Klassekampen lørdag 17.oktober 2009) .. vi må sortera ut ein del rusk for å få Vestlandsmotoren i godt gjenge. Og for å gjera slutt på koloniveldet i samla flokk.
Vist 256 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||