Du må logge inn for å sjå denne sida

Sats på auka busetnad- slutt å øyde natur!

Inspirert av FNF-samlinga (Forum for Natur og Friluftsliv),som var i Førde i helga, der m.a. Ingvild Austad frå Høgskulen i S. og Fj. snakka om “Kulturlandskapet er verd å ta vare på”, Merete Støfring frå Bondelaget heldt fram “Felles interesser næring og naturvern” og Stortingsrepsentant Erling Sande hadde innlegg; “Om det er greitt å byggje ut natur som ikkje er freda”, vil eg setje ord på mi oppleving av stoda i fylket vårt nett nå.

Desse markerte innleiarane hadde til felles å peike på verdiane som er her i fylke av kulturlandskap, bondenæring med eng og dyr og vatn som renn i elv og foss. Austad held fram at me har ein svært gamal arv å ta vare på, der mykje slit med hender og kropp var viktige reiskap, for å halde kulturlandskapet og jorda i hevd. Og dette arbeidet held fram, som også Støfring dokumenterte godt i sitt innlegg. Kulturlandskapet er til glede for alle som bur og ferdast i dette fylket.Og som meldt i media sist veke merkast dette utover fylke og landet sine grenser. Magasinet National Geographic sender norske fjordar til topps i si kåring av verda sitt mest ettertrakta reisemål.I kåringa som blei offentleggjort sist veke, vert norske fjordar skildra som eit utruleg landskap med velbevart dyreliv og ein natur som er tatt vare på.

Dette er ei storarta pris å få frå National Geographic og det var ikkje berre fjordane som tidlegare er sett pris på, men også vårt unike velhaldne kulturlandskapet dei kåra som verdast mest ettertrakta feriemål. Og korleis skal me tè oss, for å halde denne på denne statusen, som er til glede for oss som bur her i kvardagen og dei tilreisande?

Stortingsrep. SP, Erling Sande, ville ha skånsame inngrep i naturen, når han skulle byggje ut sin fornybare energi innan vass- og vindkraft her i fylke.
Og mitt spørsmål vert då: Korleis kan 420 kV-lina (gigantline gjennom to fylke), rutilutvinning i Engebøfjellet og 95-97% av massen dumpast i Førdefjorden (Nasjonal laksefjord)og arealkrevande vindturbinar på Luteland, Solund,Guleslettene m.fl som er nærare 200 meter høge + vegar og kraftliner, verte skånsame inngrep i vårt vakre, sårbare og velhaldne kyst- og kulturlandskap. Og dette er inngrep som gir minimalt med arbeidsplassar.

Bør me ikkje heller satse stort på å få fleire personar, som meg (innflyttar på 30.ande året og heilt frivillig), hit til fylket, som kan busetje seg og halde liv og skjøtte det vakre landskapet her. Skape mange gode og skånsame arbeidsplassar og tenkje stort og nytt og satse på alle dei gode kreftene som alt bur og driv her i eit mangfald av næring, skapartrong i kultur- og naturfylket Sogn og Fjordane. Og ordførarane og leiing helse nye folk (ikkje berre mase om ungdomen vår) velkomen hit og gjere bygd og by “bebygt i staden for utbygt”!

Vist 159 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir