Du må logge inn for å sjå denne sida

Nei til kolonivelde

SOGN OG FJORDANE ER 69 PROSENT EIGNA FOR ULV, sa Kurt Oddekalv til avisa Firda 1. oktober. Han hadde kasta seg rundt med kalkulator og eit kart. Lite vegar og få folk gjer Sogn og Fjordane til det fylket i landet som passar best til å ha ulv, meinte Miljøvernforbundet.

(…)

Det er på tide å kreve råderett over eigne naturressursar. Vi kan ikkje stillteiande akseptere at fylket går i ulvane, blir verna i ihjel av nasjonale interesser når det passar dei nasjonale interessene, eller på andre sida bli rasert og øydelagt når dei same nasjonale interessene finn det for godt. Ein kan heller ikkje sitte som dumme apekattar på gjerdet når vindmølletoget går forbi. Det er no det gjeld å kome med.

Les heile kronikken min i dagens Bergens Tidende

Det er fullt mulig å ha berekraftig naturutnytting. Men då treng ein vi lokal råderett.

Vist 271 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Veldig bra nesten alt du skriv her! Sjølv er eg ikkje heilt einig når det gjeld vindmøller langs kysten vår. Lat oss heller få lov å bruke kyststripa til beste for dette fylket, og ikkje øydelegge utsikta med monstermøller for å produsere kraft til resten av landet. Vi vil ikkje vere ein koloni underlagt sentralmakta, heller ikkje i denne samanhengen.

Men bortsett frå det så er eg enig med alt (som eg hugsa av det, er litt ukonsentrert pga ein liten kar som klatrar høgt og lågt rundt meg her) du skreiv her, Anne!

Exclamation_desat_24

Det ligg mykje god informasjon om vindkraft på denne sona på origo.

Vindkraftbransjen er i høg grad prega av andre aktørar enn dei lokale.

Exclamation_desat_24

Det treng ikkje vere motsetning mellom ikkje-lokale aktørar, og lokale interesser.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir