Du må logge inn for å sjå denne sida

Biodiesel og konsekvens

”Team Jens Stoltenberg” driv vaksenopplæring i politikken. SV og SP sutrar over gjennomføring av vedtak dei sjølve har vore med på. Dei ville vente med innføring av avgift til mange fleire hadde konvertert til produksjon/bruk av dette drivstoffet. Då hadde gevinsten av lureriet vorte mykje større. Men, Jens var for utolmodig.
Strategien framstår som følgjer: Gi løfter om støtte til prosjekt som er ”politisk korrekte”, eks. produksjon/bruk av biodiesel. Vent til volumet på investering/forbruk har tatt av. Innfør så nytt avgiftsregime til fordel for Staten. Svekk økonomiske musklar i privat sektor.
Risikovilleg kapital har no fått klar melding: Ikkje stol på politikarar som berre skal profittere på andre sin innsats, for så å bruke pengane til eigne formål. Ikkje gå i fella ein gong til.
Media og oponionen verar politisk blod: Hylekoret er kollektivt einig om sin snevre vurdering av situasjonen. Så langt har ingen gått ”bak” argumentasjonen til den unge politikaren frå AP, Torgeir Micaelsen, som er leiar i Finanskomiteen, der han seier: Vi ønsker å bidra til mer klimavennlig drivstoff samtidig som vi vil ta etiske hensyn, blant annet når det gjelder verdens matvareproduksjon Det er ikke uten videre klart at omlegging frå matproduksjon til oljevekster er god klimapolitikk.
Underteikna har lenge utfordra m.a. Senterpartiet sin energipolitiske talsmann, Erling Sande, og bede han gjere greie for korleis SP kvalitetssikrar sine politiske programvedtak. Dette gjeld særleg for vindkraft og biodrivstoff, både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Denne utfordringa har eg tidlegare formulert slik:
”Grunngjev også, når vi no ser konsekvensane, korleis SP ser på at innfødde m.a. i MellomAmerika blir drepne, fordi politikarar vil ha 5% biodiesel på m.a. norske biltankar? Grådige profittjegerar konverterer no matjord/regnskog til oljevekstar i stort tempo, med det resultat at fleire millionar barn og vaksne svelt grunna denne ”klima- og miljøvennlege” politikken. Når Sande/SP går inn for å konvertere areal for matproduksjon til energiformål, både til havs og til lands, så akselererer ubalansen mellom rik og fattig. Prisen på mat frå ”restareala” vil stige.”
Problemstillinga ovanfor burde vere medveten for det hylekoret som no reiser seg p.g.a. avgift på ukritisk innføring av 1. generasjons bio-drivstoff. Både media og alle kritikarar av avgiftsvedtaket bør ta til seg problemstillingane og kome med gode svar. Sande og SP har så langt ikkje svart. Bellona-leiar, Frederic Hauge, burde tenkt over ”hvilket lik han sminker” før han kom med sine raseriutbrot mot Stoltenberg (ABC-nyheter 18.11.). Den unge AP politikaren i Finanskomiteen og ”Team Stoltenberg” burde få støtte for den tenkepausen som er heilt nødvendig, når det gjeld å kvalitetssikre vidare satsing på 2. generasjons biodrivstoff. Som ikkje må gå ut over matproduksjon og prisar på matvarer, korkje nasjonalt eller internasjonalt. Å brenne mat i bilmotorar vert aldri god klimapolitikk. Ei rad internasjonale organisasjonar i mange land ber EU stoppe subsidiering av biodrivstoff, grunna fatale konsekvensar m.a. i Indonesia, Colombia og fleire andre land.
Neste gong Regjeringa inviterer samfunnet til å investere tid, pengar, kreativitet og vilje til innsats for betre miljø, bør den ha velfunderte framlegg og holde lovnader i lang tid. Det er det investorar av alle slag kallar trygge rammevilkår. Det motsette er bedrag. Vil dei Raud-Grøne yte eit bidrag sjølve, så kan dei stoppe Statoil sin oljesandutvinning i Canada. Verksemda slepp ut meir Co2 enn heile den norske bilparken til saman pr år. Staten er majoritetseigar i Statoil. SP har olje- og energiministeren, samt leiaren for energi- og miljøkomiteen i Stortinget. Det er å vone at etikken ikkje er låst inn på eit bøttekott hos Statens Pensjonsfond Utland. .
Jon Nyheim, Bremanger.

Vist 422 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det er bra at du tek opp dette emnet, sjølv om eg er heilt usamd i konklusjonen. Det vert mykje populistprat om emnet for tida!

Eg var sterkt engasjert då den første bussen tilpassa naturgass vart bygt og konstruert i Noreg (Stryn). Etter å ha lagt ned mykje tid i å skaffe meg kunnskap om dette, er avgjerda om avgift på biodrivstoff heilt rett. Eg skal ikkje freiste forklare dette nærare, men vil vise til linken : http://e24.no/makro-og-politikk/article3381817.ece

Søker du på tyske sider om el-bilar, finn du at tyske miljøorganisasjonar dømmer el-bilen nord og ned med teknologien som er tilgjengeleg no. Berre om el-bilen vert konstruert og brukt slik at fornybar energi kan nyttast i produksjon og bruk, er el-bilen alternativ.

Samstundes ser eg at tunge industrielle aktørar i EU kastar korta når det gjeld hydrogen som alternativt drivstoff.

Det å hive nokre liter avgiftsfri biodiesel, biogass, naturgass eller flytande hydrogen inn som alternativ til rein nordsjødiesel i buss og ferjer for å ha samvit nok til å heise det grøne flagget er etter mitt skjøn rein toskeskap!
For meg står dette som vanvittig sløsing med energi!

Vil du hamne i selskap med Buchardt og Ultveit Moe som klagar på skattar utan perspektiv, er du sikkert velkomen!

Eg vil gjerne at vi skal halde kontakt, det du tek opp er viktig sjølv om vi ikkje er samde. Det er difor eg brukar tid på tilsvaret til deg, for meg tykkjest det greit å bruke tid å drøfte dette!

Ellers er eg rimeleg forbanna på Fjord1 og Statens Vegvesen, på nettet i kveld vert det fortalt om den store ferjedåpen av gassferjer i Polen! Døyper tre gassferjer | www.firdaposten.no http://bit.ly/1LInpQ

Sjøl om eg meinar at bruk av naturgass og biodrivstoff i transport er å fyre for kråkene, er det likevel tragisk at teknologi vi er sterke på skal brukast i Polen. Det er sikkert mykje godt billig drikke og anna kjekt å oppleve i Polen i samband med ferjedåp, kan du ikkje spørje Erling Sande om slikt?

Exclamation_desat_24

Kva konklusjon er du ueinig i, Hetle? Kva som er kjekt i Polen i samband med ferjedåp er totalt uinteressant for ålmenta i denne samanheng. Derimot bør det vere av interesse at styresmaktene får investorar til å satse millionar av kroner, for så å endre vilkåra slik at deira kapital/forteneste går tapt. Det bør og vere av interesse at politiske føringar, frå m.a. Noreg, får som konsekvens at millionar av menneske andre stader i verda svelt. Det skjer, fordi matareal vert endra til dyrking av betre batalt energiråstoff, 1. generasjons biodrivstoff. For å få til slike endringar vert det drepne menneske som står i vegen, fattige urinnvånarar som vert trengde bort frå sitt tradisjonelle livsgrunnlag. Konsekvensen er så stor prisstigning på mat, at fattige ikkje lenger har råd til å kjøpe den. Dette, for at leiande politikarar skal kunne rose seg av miljøvenlege tiltak, som berre har sybolsk effekt. Slike samanhengar bør interessere ålmenta. Det bør og vere av interesse kva grep offentlege eigarar av verksemder, eks. Statoil, gjer eller ikkje gjer for å fylgje opp sine politiske mål. Stopp av oljesandverksemda til Statoil i Canada er eit mogleg grep som ville gje stor effekt. Etiske retningslinjer, som gjer at Statens Pensjonsfond Utland dreg seg ut av ein teppefabrikk grunna barnearbeid, men profitterer på øydelegging av ein stor region i Canada, med svære konsekvensar for klima, må vere modne for revisjon. Kva er du ueinig i, Hetle?

Exclamation_desat_24

Sparket mitt til ferjer frå Polen går på systemet med anbod i ferjesektoren.

Frå eit anbod vert tildelt til trafikken skal i drift, er det knapp tid og også mangel på resursar til å bygge og ta i bruk den nyaste teknologien som er tilgjengeleg.

Så lenge den økonomiske risikoen med å ta i bruk den nyaste teknologien er reiarlaget sitt, trur eg neppe det er plass til store sprell. Resultatet er at vi kanskje tek i bruk fartøy som skal segle i 10 – 20 år med gammal gassteknologi på same tid som det i Noreg vert utvikla nye moderne konsept for bruk av naturgass i skip, og der det vert brukt mykje offentlege midlar nettopp å utvikle denne.

Konklusjonen min er at bruk av anbod i transport kanskje ikkje er det beste verkemiddelet når det gjeld innovasjon for bruk av alternative drivstoff. I alle høve bør den eine statlege handa vite kva den andre statlege handa gjer. Det tykkjest ikkje vere tilfelle no. Det som er sikkert er at om rett teknologi vert brukt, er det store gevinstar å hente når det gjeld miljø ved bruk av gass i skip. Denne gevinsten er vesentleg større enn ved bruk av nokre millionar liter biodisel.

Når det gjeld bruk av biodrivstoff er eg ikkje sikker på om vi er så usamde.

Biodrivstoff som lett kan framstillast frå avfall og som “restprodukt” frå annan produksjon (som treforedling o.s.v.) er eg for vert brukt effektivt og som erstatning for fossilt brennstoff. Biodrivstoff framstilt kommersielt (og sterkt subsidiert) til bruk i transport der energien i tillegg vert dårleg utnytta, likar eg lite.

Det er difor heilt rett at denne typen drivstoff i transport har dei same avgifter som anna drivstoff (og unnateke co2 avgift). Om ikkje kjem kjem utviklinga mot alternative drivstoff til å stoppe. Det vert som i gamle Romania der brød vart billigare enn kol, folk fyrte med brød.

Legg ved linkane: http://www.dn.no/forsiden/kommentarer/article1787012.ece og http://www.transportenvironment.org/low-carbon-fuels

Når du kritiserer Stoltenberg for å drive “voksenopplæring” skjønar eg lite, det er vel ikkje nokon produsent av biodrivstoff til transport som har kalkulert med at produkta deira for all framtid ikkje skulle betale avgifter til bruk av veg? I så fall må dei ha vore temmeleg einfoldige!

Exclamation_desat_24

Jens Stoltenberg og hans regjering er i realiteten samansett av 3 parti. Kva denne regjeringa vel å vedta må dei alle kollektivt stå til annsvar for, men i dette tilfellet gjer statsministeren det sjakktrekket og skyve annsvar over på sine regjeringsfeller SP og SV. Han veit at store delar av veljarflokken lett kan framstå som brikker som lett flyttar mot Ap når dei andre to “sviktar”, og når dette skjer, gjer det at både hans eigen og partiet sin possisjon vert styrka. Selvfølgelig då viss det framstår som AP er skuldlause i kva som her er vorte vedteke. Jens må i sin posisjon som regjeringssjef verte stilt til ansvar for regjeringa sine vedtak og i mine auge ikkje sleppe frå enkelte vedtak så lett som han og partiet til no har gjort.

Når det gjeld bruk av drivstoff er det eit annsvar på verdsbasis å stimulere til at dei rette energiformene vert utvikla viare. At regjeringa i denne saka til slutt valde å snu på “stimuleringa” til produksjon av biodiesel ser eg på som riktig med tanke på måten den energiforma til no har vorte tilverka på. Å la jorbruksland og potensielt sådan forspelast på produksjon av biodrivstoff er ingenting anna enn forkasteleg.

Det er riktig som det vert sagt at regjeringa understimulerer til bruk av risikovillig kapital ved å først å stimulere og seinare terminere bruken av denne energiform. Dette er alvorlig fordi vi treng den risikovillige kapitalen inn i framtida for å utvikle og produsere stadig nyare og reinare energiformer. Det ville være kritisk for alle miljøpolitiske standpunkt viss fleire regjeringar skulle ta etter Stoltenberg & CO. Den private kapitalen er livsviktig, ikkje minst for å få idegrunnlaget til nye og betre energiformer til å florere.

At elbiltilverkinga pr dags dato ikkje nødvendigvis er miljømessig effektiv må vi i første omgang velje å oversjå nettopp fordi utvikling av dette uansett må sjåast på som uvurderleg. Det er ikkje før etterspørselen er etablert ein kan byrje å sette krav til bruk av fornybar energi til drift av desse. Det er då ein som følgje av behovet for fornybar energi og vil sjå kor fort det kapitalistiske systemet vil skyte fart i utviklinga av denne.

Når ein kjem til om Staten burde gripe inn ovanfor Statoil er dette eit større vanvid. Dette nettopp fordi det kapitalistiske systemet tilseier at drivverdige førekomstar av oljesand uansett vil verte utnytta uansett kven pengane som finansierer framdrifta tilhøyrer. Dette er i utgangspunktet eit politisk problem fordi Canada sjølve tilsynelatande ikkje har motforestillingar mot at oljesanden DEIRA vert foredla. Dette vil med andre ord sei at om landet sjølve ikkje vil setje ned foten for denne drifta er det uviktig kven som profitterer på dette så lenge førekomsten er drivverdig. Dette er ei av baksidene med det kapitalistiske systemet når det ikkje er sett under avgrensing og å bekjempe det på andre måtar enn politisk vil være bortimot nyttelaust.

Ein annan følgje av det kapitalistiske systemet er at ein nesten uansett kva ny energikjelde det vil være snakk om skal utviklast, vil det medføre behov for ein viss grad av subsidiering for at utviklinga av denne skal kunne være gjenomførbar. Mellom anna er bruken av restmateriale frå den tidlegare nemnde treforedlinga eit glimrande eksempel på nettopp dette. Men som hetle seier; “bør den statlege handa vite kva den andre statlege handa gjer”, og eg meiner “Stoltenberg med venner” må sikre seg at dei stimulerer til bruk av meir riktige energiformer i framtida. Dette er uvurderleg og avgjerande skal ein legge til rette for ein framtidsretta og riktig energipolitikk.

Ferjene som vart døypte nyleg i Polen har etter det eg har moglegheit for å skjøne vorte produserte med dagens teknologi på området. Det har etterkvart vist seg at selskap ikkje heile tida kan vente på morgondagens teknologi for å gjennomføre nybygg av m.a. slike ting som gassferjer. Det ein derimot kan gjære er å lære av desse og bruke desse i utviklinga og forsking vidare for at morgondagens ferjer ikkje skal være av nett same type og bidra til same type problem.

Ein annan ting rundt tilverking av desse ferjene er problematikken rundt om dei burde vore tilverka i polen eller andre stader (som her heime). Problemet ligg faktisk i at verftsindustrien her i landet foreløpig i mindre og mindre grad synest liv laga (spesielt då med tanke på dei store båtbygga). Sterkt subsidierte selskap som då for eksempel fjord1 er avhengige av å velje billegaste alternativ for å tilverke sine ferjer, og det strået trekte Polen denne gongen. Eit selskap som og i så sterk grad er subsidiert, kan vi i desse dagar med så sterk bruk av oljepengar, faktisk berre sjå fordelen av at desse vert brukte mot utlandet. Dette fordi ein auka bruk av oljepengane våre i for stor grad mot innanlandske, selskap berre ville bidra til ein foreløpig falsk etterspørsel og auk inflasjon noko landets økonomi ikkje på sikt er tent med.

Norsk industri trur eg står på terskelen av ein stor omstillingsprosess. Denne prosessen bør i størst mogleg grad foregå upåverka fordi dette i større grad vil vise i kva retning industri og produksjon bør ta vegen i framtida. Eg personleg meiner dei justeringane vi bør ta må ta sikte på at vi burde bli leiande i nettopp energispørsmål og av det vi brukar av rikdomen vår no må satse på å byggje eit bredt kompetansegrunnlag for å oppnå nettopp dette. Framtida er etter det vi no kan sjå; energi og eg meiner det er essensielt at vi no tar steg for å møte denne.

Exclamation_desat_24

Takk til Hetle og Falkenstein for nyanserte kommentarar/linkar. Når eg skriv at Stoltenberg driv “vokseopplæring” i politikken, så er det berre konstatering av at han krev ansvar frå sine partnarar i Regjering. SV og SP har vore med i forarbeidet til Statsbudsjettet. At dei ikkje har vore “våkne i timen” må dei ta konsekvensen av. Når Solheim og Meltveit Kleppa svarar som dei gjer på TV er dette openbert for alle. (Ein kan lett lure på i kva andre viktige saker dei har teke seg ein blund) M.o.t. Statoil i Canada: Ja, dette er heilt klart eit politisk spørsmål. Set Noreg ned foten for denne verksemda og utfordrar Canada til å gjere det same, vert ansvaret lagt på topp politisk nivå – i dette tilfelle på Canada. Etter min vurdering er det dei rike industrilanda som må ta den største redusjonen i sin produksjon og forbruk, dersom ein skal nå klimamål som verkar. Då er det heilt avgjerande at politikken styrer økonomien og ikkje omvendt. Eg er sjølvsagt einig i vurderingane omkring ferjekontrakter og bruk av polske verft. I tillegg er der brukt el-energi frå kolfyrte kraftverk i byggeprosessen, slik at miljø/klimareknskapen vert endå dårlegare. Det er m.a. grunna slike samanhengar eg etterlyser “kvalitetssikring” av politiske framlegg frå våre styresmakter.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir