| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Talemål og forvirring.Det er noko som stadig dukkar opp i høve hjortejakta, og det er ord som “bukk”, “spissbukk”, o.s.v. Bukk og geit er henta frå rådyrjakta på sørlandet for det meste, og her er kanskje bukk og geit henta frå tida under og etter krigen, då mest alle hadde geiter. Då visste alla her at ein bukk var ein geitebukk som ikkje var heilt ufårleg, for dei kunne stanga fælt når dei fann på det. Som jeger sidan 1955, har det irritert meg at dei lokale namna på ymse hjortedyr, ver skifta ut med sørlands- og austlandsuttrykk, der det har vore hjort i berre nokre få år. Eg dristar meg til å systematisere uttrykka slik:Nyfødde heiter kalv. Eg stiller meg og skeptisk til den nye boka om dei fortreffelege hjortejegerane. Det er ikkje sikkert at han som har skote flesteparten av hjortane på bøen er noko tess som hjortejeger. Det er mykje meir krevjande å jakta drivjakt, og ta i bruk dei teknikkane som der måtte koma til nytte. Men bøajakta bør vere ei sikker jakt, og eignar seg nok for baneskyttarar, jamvel om mange av dei og er glimrande “skogsjegerar”. Drivjakta er nok ei vanskeleg jakt, og det set store krav til om ein skal skyte eller la dyret fare. Så om denne nye boka om hjortejakt har funne dei ti beste hjortejegerane, trekkjer eg hermed i tvil. Ein burde kanskje få innspel frå område der ein har hatt og drive jakt på hjort i generasjonar. Det kunne nok balansert det heile noko meir.
Vist 154 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||