| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
NRK Sogn og Fjordane vel sentrum venstre til sitt panel”Fredagspanelet” er personar redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane meiner er interessante for å kommentere aktuelle hendingar og oppsummere veka som er gått. Det er eit spanande tiltak og har ved fleire høve fungert godt – i ein stort sett bra distriktskanal som m.a. hadde valsendingar med høg kvalitet i fjor haust. Men rekrutteringa til ”Fredagspanelet” har utvikla seg skeivt. I byrjinga nytta ein journalistar frå andre medium rundt i fylket samt samfunnsdebattantar som slår i fleire retningar som den frittalande Ap-mannen Georg Arnestad osb. Men dei siste vekene har det vore ”klyppekort” for Kristine Timberlid (SV-politikar), Brigt Samdal (Ap-politikar), så kom Henning Rivedal (radikal informasjonssjef); før det andre tidlegare eller noverande SV-politikarar – og/el. ektefelle. Ein burde kanskje for moro skuld ha ført arkiv på dette, men det finst viktigare ting å halde på med. NRK er ei statleg verksemd som alle med TV i Norge betaler utgiftene til – anten me vil eller ei. Difor har det vore eit prinsipp at NRK skal prøve å vere nokolunde politisk nøytrale. Me får til ein viss grad leve med at dette ikkje har vist seg så lett å leve opp til i praksis, jamfør t.d. at Gro Holm då ho var nyhendedirektør i NRK sa frå offentleg at ho håpte på raudgrøn valsiger for nokre år sidan, berre for å nemne ein ting. Dei fleste NRK-toppsjefane har jo vore retrettstillingar for nyleg ”avgåtte” Ap-politikarar og. Men eg vil oppmode NRK Sogn og Fjordane om å ikkje gå i forsvarsposisjon med ein gong, men få auga opp for at 38 % av dei som røysta ved Stortingsvalet i 2009 i Sogn og Fjordane røysta mot at Det Kongelege Norske Arbeidarparti, Sosialistisk Venstreparti og det ny-radikale Senterpartiet skulle få halde fram med si regjering. I landet elles var prosenttalet som røysta slik høgare. Det finst blå lokalpolitikarar i ALLE 26 kommunestyra i fylket. Dersom ein ser seg litt vidare rundt, kanskje ein finn einkvan – innimellom dei ein er van med å bruke – som ikkje er på venstresida … Eg ønskjer lisensfinansierte NRK lykke til! Beste helsing
Vist 719 gonger. Følgt av 4 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Godt poeng – og eg trur at andre må bli meir offensive og.
Skal slikt bli interessant – og lærerikt – er mangfaldet viktigt. Er det ikkje det, dør det hen..
Ja,det byrjer å bli kjedeleg etter kvart,når ein veit svaret på førehand.S6Fj -har tross alt andre politiske partier som kunne vore intressante å høyra på.
Og ein kunne tenkja seg fleire samfunnsvitarar syn på ting som skjer rundt om i fylke.
Hadde det vore nokon til høgre for midten som er verdt å “syne fram”, er eg viss på at NRK Sogn og Fjordane finn dei. Men det må vel kunne seiast å vere ein temmeleg fargelaus masse. Er det nokon som kjenner seg kalla er det berre å marknadsføre seg. Origo er ein bra plass i så måte!
Det er ganske provoserande å lese Ap-mannen Rune Mikal Hetle sine kommentarar. NRK skal altså vere “smaksdommarar” og om ikkje stats-NRK finn nokon “blå” personar dei meiner er verd å syn fram, får det heller vere. Sett frå ein Ap-synstad er det kanskje god latin. Men er t.d. Frank Willy Djurvik (FrP) fargelaus? Eller for den del Jacob Nødseth/Flora el. Stine Sandvik/Luster (Unge Høgre)? Vil ein kunne seie at Trude Brosvik (KrF) er ikkje spenstig nok for NRK (eller Ap-Hetle)? Sveinung Rotevatn er nestleiar i Unge Venstre og kjem frå Nordfjordeid, han har så vidt eg veit mange offensive meiningar som kan vekke debatt. Men for fargelaus for NRK? Ein må heller ikkje berre sjå blant ungdommen – Høgre har og den eldste i fylkestinget, Claus Kvamme frå Fjærland. Og partiet har ein ung og frisk varaordførar i Askvoll i Frida Melvær. Så det blir for drygt å seie at berre SV/Sp/Ap har folk som kan setje farge på kvardagen!
Dette svaret likte eg mykje betre enn det førre innlegget ditt, eg trur nesten eg gjev deg “bra” for det!
Her kjem du faktisk opp med fleire spanande namn, nokre har eg høyrt om, ein av dei kjenner eg temmeleg godt, nokre av dei du nemner har eg aldri høyrt om.
Eg skal ikkje lovprise korkje høgre eller venstresida i fylket for fargerike og strålande kommentatorar, slik sett er det ikkje så mykje å hoppe i taket for kva grein ein sit på.
Såleis kan det ikkje vere heilt enkelt korkje for NRK eller andre lokale media å finne folk som kan ta del som kommentatorar, kåsørar eller som deltakar i den lokale debatten. Vidare krevst det både tid og mot å vere “meiningsytrarar”, mange korkje kan eller vil.
Men eg er samd med deg, om dei leitar og tek sjansen på å la “nye” sleppe til (du nemner fleire) treng ikkje det vere dumt, om dei sit på den høgre eller venstre greina bryr eg meg mindre om, berre det vert kjekt å høyre på eller lese.
Men at det du nemner i første innlegget ditt skal vere styrde “politiske” val frå NRK og andre media si side meiner eg framleis er tullprat. Det er so mykje “god blåfarge” internt i fylkesmedia våre at dette vert nok passa på, hadde det vore flust av folk å ta av hadde nok lista av dei som deltek vorte litt anna.
No tykkjer eg me forstår kvarandre godt. Litt skilnad på meiningane skal det vere, men dette er “fine greier”. Så får me håper NRK Sogn og Fjordane tenkjer over saka litt og …