Du må logge inn for å sjå denne sida

Nordfjord og Helse Førde.

Eg vert nesten mållaus når eg eg finn oppslaget i “Fjordabladet” sist veke om at ein i Nordfjord ikkje har lukkast samle seg om kandidat til styret i Helse Førde ( http://bit.ly/8NwaxH ).

Det er vil ikkje mykje nytt i å fortelje at det i denne delen av fylket har og er eit sterkt engasjement for korleis strukturen når det gjeld sjukehus kjem til å verte, ikkje minst gjeld dette framtida og funksjonane Nordfjord Sjukehus skal ha.

Samstundes er fleire store samferdselsprosjekt starta opp (mellom anna Kvivsvegen). Nord om fylkesgrensa går det føre seg ein debatt om framtida til lokalsjukehuset i Volda. Engasjementet i denne debatten står ikkje attende for den som vert ført i vårt fylke.

Eg skal ikkje spå om framtida og kva som vert den endelege skjebna for dei to sjukehusa. I verste fall vert ein naturleg region tett samanbunde med ferjefrie vegsamband mellom Storfjorden og Nordfjorden med til saman 75 000 – 80 000 innbyggarar utan lokalsjukehus. Sogn og Fjordane har nær 110 000 innbyggarar totalt berre for å samanlikne.

Det hadde difor vore naudsynt for Nordfjordkommunane denne gongen freiste å få inn i Helse Førde systemet dei beste folka som var å finne frå denne regionen.

Det er ikkje mangel på folk med brei røynsle både frå offentleg og privat verksemd og frå politikk. Folk med engasjement når det gjeld framtidig helsepolitikk manglar heller ikkje, folk med fagleg kunnskap og røynsle frå styrearbeid i større organisasjonar er heller ikkje mangelvare.

Eg leitar ikkje etter folk som skal “føre krig” i styret til Helse Førde, eg ser etter folk som kan ta med seg vidsyn, framtidsutsikter og ikkje minst målbere det som folk i Nordfjord ser kan finne stad om ting held fram som før – 80 000 innbyggarar mellom Ålesund og Førde kan verte utan lokalsjukehus om ikkje noko tek til vit!

Ikkje minst ser eg etter folk som har god nok kompetanse til å sitje i eit føretaksstyre med det økonomiske og administrative ansvaret som ligg i dette.

Etter mi meining at det trengs fornying i styret for Helse Førde. Dette har eg påpeikt tidlegare i innlegg her på Origo. Grunnen er svært enkel, kommunikasjonen mellom styret og leiing i Helse Førde, folk og institusjonar held ikkje mål!

Det er ikkje enkelt å kommunisere med 40 000 “kranglefantar” i Nordfjord og Sogn, men det er mogeleg om ein vil og kan, og med god strategi for kommunikasjon og informasjon.

Difor er det berre trist å sjå at kommunane i Nordfjord, Nordfjordrådet og andre gode krefter i regionen ikkje er i stand til å finne den eller dei personane som distriktet meir enn nokon gong treng – både for fornying av styret i Helse Førde og for å medverke til gode og tenlege løysingar for regionen vår når det gjeld sjukehustilbod!

Vist 488 gonger. Følgt av 2 personar.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir