| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Ei kyrkje er borte i HønefossNokre hendingar gjer eit større inntrykk enn andre ting. For nokre få dagar sidan brann kyrkja i Hønefoss ned. Det var sterkt å sjå TV-bilda av kyrkjetårnet som datt ned til slutt. Så langt har eg oppfatta det slik at ein ikkje har grunnlag for å seie at kyrkja var påtent. Heldigvis. Tenk om det var ”di” kyrkje eller ”mi” kyrkje som brann ned? Det ville nok kjennast sterkare. For sjølv om mange medlemmer av statskyrkja er i gudsteneste mest til jul og gravferder, så er kyrkja ein heilag stad med djupe tradisjonar for slekt og lokalsamfunn. Hendinga i Hønefoss gjorde eit sterkt inntrykk på meg, då mi opphavlege heimekyrkje er i samme fylke – nokre mil unna. Litt før dette som skjedde i Hønefoss var det ein slags debatt i Bergen om kyrkjebrannar. Ein ”antikristen” musikar sa det var han ikkje tykte det var gale om nokon brenn ned kyrkjer. Deler av media elskar ytterpunkt i ein elles daglegdags kvardag, så dette vart slått stort opp. Her bør nemnast at 6. juni 1992 brann Fantoft stavkyrkje i Bergen ned til grunnen, truleg basert på påtenning. Naturlegvis reagerte biskop Halvor Nordhaug på det ferske utspelet om kyrkjebrannar, og det frå ein person som visstnok skal inn på lønningslista til Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Sidan 1993 har dette teatret hatt status som nasjonalt teater. Det er altså ikkje tale om ei revyscene kor som helst, for å seie det slik. I regionavisa Firda hadde dei ei nettsak om Nordhaug sin reaksjon – der overskrifta var ”… har fått biskopen på nakken”, omtrent som om det var ei sinna eldre dame som slo med paraply. Ikkje påtrengande respektfull omtale av dei geistlege, kan ein seie. Kva om ein norsk såkalla ”anti-islamist” hadde stått fram med synspunkt om at det var greitt å brenne ned bygningar med muslimske bønnerom? Den personen hadde blitt rekna som ekstremist og fått mest alle på nakken; kanskje og blitt politiovervåka. Og slike synspunkt er heilt uakseptable; det er forkasteleg å meir eller mindre legitimere grovt skadeverk eller verre ting mot religiøse bygningar. Men personen i Bergen-debatten blir i media omtala nærast som ein litt kuriøs kulturperson. Enda ein kjendis som barn og ungdom kan lese om, liksom. Toleranse for ulike meiningar er vel og bra, men det må det vere ein viss skilnad på rett og gale. Eg tykkjer det har gått for langt i vår tid med ”Dagbladet-toleranse” mot alt og alle. Biskop Nordhaug fortener ros for å ha vore så raskt ute og så klar i sin tale.
Ingvar Torsvik Myrvollen
Vist 315 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||