Du må logge inn for å sjå denne sida

Den norske skule før og no.

Dersom vi går tilbake til femtiåra hadde eg som 14åring følgjande val:

1. Framhaldsskule
2. Realskule
3. Folkehøgskule
4. Handelsskule
5. Spesialskular

Neste steg var vidaregåande utdanning:

1. Yrkesskule
2. Gymnas
3. Maskinistskule/styrmansskule/sjømansskule
4. Andre privatskular

Tenkjer vi oss en konfirmantklasse på 50talet, så var normalfordeling av evner de same som i dag. Dvs at !/3 del streva med teoretiske fag. 1/3 del har svært gode evner. Resten ligg på begge sider av en loddrett line.

På den tida var det heilt vanleg å gå ut i arbeid etter folkeskulen (7år) særleg for dei som ikkje var skuleflinke, men og mange flinke tok seg arbeid. Dette kunne vere som fiskar,sjømann/kvinne, jordbruk,industri eller handel.

Den gongen var det spesialskular for dei som var annsleis av en eller annen grunn.

Alle som kan hugse attende til 50 åra, ser kva som har endra seg etter fleire reformar, som skulle bli til beste for ungdomen. Mykje er bra, men for mange er det nok mange vonde minner.

Litt om då ungdomsskulen blei obligatorisk.

1. Det vart obligatorisk med ungdomsskule for alle 14 åringar. (Framleis hadde vi spesialskular) Korleis føler ein 14 åring dette, som av ulike grunnar, strever med teoretiske fag ? Berre det å må sitje i ro en skuletime kan for nokre vere vanskeleg oppgåve, særleg når lærestoffet går ut det andre øyret.
2. Framleis var det mogleg å velge yrkesskule. Då var det tross alt på den tida fleire praktiske timar enn det var teori. I tillegg var det meste av teorien knyta til dei praktiske faga. Dette vart det etter kvart slutt på, og ungdomsskule vart obligatorisk for inntak i vidaregåande skule.

Reformane sto etter kvart i kø både på ungdomsskulenivå og på vidaregåande. Spesialskulane vart etter kvart borte, og ungdom med ulike vanskar skulle bli integrerte i dei vanlige skulane.

Slik eg ser det, har dette vore en fin tanke sett frå eit sosialistisk grunnsyn, men kva har dette ført til ?

1. Alle som “strevar” blir taparar i meir eller mindre grad.
2. Teoretiseringa fører til uro i klassane.
3. Motivasjonen fell bort for mange.
4. Dei flinke får heller ikkje ro til å meistre det som dei kunne ha føresetnader til.
5. Dei som burde vore på spesialskular maktar ikkje å få med seg så vært mykje. Resursane som etter lova skulle følgje med desse elevane vidare, smuldrar bort i systemet.
6. Frustrasjonen får fritt spelerom.

Har nokon eigentleg oversikt over kor mange elevar som føler seg som tapar og som fell ut av skulen ?
Svaret mitt er at det trur eg ikkje. Dette gjed både grunnskule og vidaregåande skular.

No skal Kristin Halvorsen ordne opp ! Trur vi på at det hjelper med ris bak speilet slik skulestrukturen er i dag??

Kva meinar så eg som kjem med slike påstandar ?

1. Bygg om både grunnskule og vidaregåande skular med VAL for dei som ikkje maktar teorien. Dei må kunne gå vegen om praktiske modular med innlagd så mykje tilpassa teori som elevane toler. Det er ikkje så vanskeleg for en lærar med erfaring å finne ut dette – i tilleg får en hjelp frå PPT.
2. Yrkesfagleg studieretning er i dag blitt en skule med meir teori enn i praktiske fag. Dette er vanskeleg for mange. Her og må det bli meir modulbasert.
3. Dei elevane som har resurser, og er motiverte, har ikkje så store problemer med dagens skule, kan hende noverande skule er en god skule for desse, men det er formange som fell uttafor. Dersom lærarane kunne setje grenser frå første skuledag, så ville dei aller fleste elevane setje pris på dette, og mykje kunne blitt retta opp.
4. Lærarane må få moglegheit til, saman med elevane, å setje opp en mal for korleis skuledagen skal vere. Han/ho må få myndigheit til å utøve ro i klassen.
5. Ein lærar som ikkje klarer å dette er ikkje god lærar. Det treng ikkje vere det faglege som er avgjerande, for teoretisk sterke lærarar kan vere dårlege pedagogar. Det å få fram motivasjonen hjå elevane, er avgjerande for god læring.

Lukke til med snuoperasjonen !

Magne Solheim

Vist 391 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4860 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir