| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Folkeakademiet Fjaler, snart ein saga blott – eller?Vi har mange frivillige organisasjonar i Fjaler – ca 90 og har eit rikt, aktivt og blomstrande kulturliv. Vi har også eit folkeakademi, stifta i 1993. Det har som andre lag gått i bølgjedalar – for kven vil ta på seg endå eit styreverv og bruke fritida og sjela si for andre år etter år? Dei er ikkje alltid så lette å finne! No strevar akademiet verkeleg for å halde det gåande… Vi kan stille oss nokre spørsmål: - Veit folk i Fjaler nok om folkeakademiet? At dei kan vere arrangør, tilby turneprogram og yte tilskot. At det er klåre retningsliner med både fylkes- og nasjonalt ledd med samlingar. Her er faktisk mange spennande moglegheiter! - Kan eit anna lag i Fjaler ta over akademiet? Kva for eitt? - Kan vi slå Fjaler saman med dei aktive folkeakademia i nabokommunane Askvoll og/ eller Hyllestad? - Eller skal det berre leggast ned? Ja, kor skal vegen gå? Noko av problemet har vore at ingen ville leggje si sjel i arbeidet.. Det knip hardt ved kvart årsmøte, valnemnda har vanskar med å få fatt i folk, det blir mange ringerunder. Til no har det alltid stilt opp ein person eller tre som seier: ok, eg tek det på meg for å halde det gåande, men eg vil eller kan ikkje gjere så mykje …. Frivilligsentralen har utført sekretærjobben i mange år, men er det rett at dei skal drive folkeakademiet? Styret handsama denne saka i møte 24. februar og har framlegg til årsmøtet den 24. mars om å leggje ned Folkeakademiet Fjaler etter årsmøtet. Kva tykkjer du? Vil vi sakne folkeakademiet i Fjaler? Har du synspunkt? Sjå meir om Folkeakademiet www.folkeakademiet.no - og kom gjerne på årsmøtet 24. mars kl 19.30 på Transplant! [Bilete 1108045 fins ikkje eller er sletta]Oddgeir Bruaset reiste i folkeakademiet hausten 2009.
Vist 187 gonger. Følgt av 2 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||