KRF og Homofil-aksept

KRF kom for kort tid sidan på bana med sitt utsagn om at dei no hadde blitt eit aksepterande parti i forhold til homofili. Dette utsagnet varma verkelig mitt hjarte, men etter nokre få sekund med fyring, skjønte eg at denne hjartevarminga berre var sløsing av dyr energi: For om ein reknar litt på saken, skjønner ein raskt at KRF ligg i minus på inkluderingstabellen.

- For medan KRF er kjempeflinke til å prate stort om mobbing:
Sitter det ein homofil ungdom, og helde legninga si skjult for vennane fordi han har høyrt at det er unaturlig.

- Medan KRF stolt stemplar inn ord som ”Aksept” og ”Forståing” i planane sine:
Får ein homofil i same månad høyre KRF representantar som fortel at han/ho burde kurerast.

- Medan KRF pratar om verdiar: Høyrar den homofile at han/ho ikkje er like verdifull som alle andre.

Unge homofile ligg i toppen på sjølvmordsstatestikk, og da hjelper det serdeles lite at det finnest eit parti som fortell:
- At han/ho ikkje er laga i bilde av herren
- At han/ho ikkje har evner til å passe barn
- At han/ho burde kurerast

Det KRF sine representantar ikkje heilt har forstått, er at det alltid har eksistert homofile personar, på lik linje med brunetter og folk med frekner. Faktisk, vart det i det gamle Sparta sett på som positivt å vere homofil, for det styrka samhaldet mellom krigarane. Eit samhald KrF kanskje treng 2000 nye år på å etablere.

Men Norske skipet seglar heldigvis i riktig retning for å utvide aksepten til homofili. Dessverre kastar KRF ut anker på anker med sine utsegn. Og det einaste som er mindre inkluderande enn eit moralpoliti, – er eit moralparti som finner seg retten til å snøfte på nasa og grynte ”Unaturlig” til alt og alle.

Dette er eit faktum. Men vi kan ikkje sjå bort ifrå at ein KRF representant kjem på bana for poengtere korleis dette bare gjelder nokre få enkeltmennekjer i partiet. På førehand har eg eit svar til deg:

”Sjølv om KRF ikkje har partifesta allverden med homo-hat, ligger det mange grumsette haldningar blant mange av medlema om akkurat dette. Og grumsette haldingar klarar alltid å boble opp til overflata.”

Til Trude Brosvik

Eg har lyst å rette nokon oppfordringar til deg. Og om du verkeleg er for aksepten du pratar så fint om, vil du i staden for å bort-argumentere deg heller starte arbeidet for eit meir moderne KRF i Sogn og Fjordane. Når desse tiltaka er gjennomførte, skal eg med media komme på husdøra di med blomster for å fortelje kor stolt eg er av deg!

1) Sørg for å få medlemma til å akseptere at det faktisk finnest menneske som likar nokon av same kjønn.
2) Lausriv partiet frå denne heksebrenningspolitikken ifrå middelalderen der fingrar å stygge blikk blir retta imot homofile.
3) Kom på offensiven med ein politikk som verkelig inkluderar alle i vårt samfunn.

- Gleder meg til husbesøk med blomster, kaffe og kaker!
Torbjørn Vereide
Leiar Sogn og Fjordane AUF

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Eg trur du skal vente lenge på det husbesøket, Torbjørn.

Det er standard rutine at KrF kjem med utspel i media, men ikkje bryr seg med å følgje opp når vi nettdebattantar kjem med kommentarar eller ber om utgreiing av synspunkta til partiet. Denne saka vart diskutert på nettsidene til Firda for ei veke sidan. Så langt er det ikkje ein einaste KrF-politikar som har vist interesse eller vilje til å fronte partiet sitt på ein arena som alle kan delta på.

Kristne liker at folk ukritisk trur på det som vert sagt og ikkje stiller spørsmål.

Exclamation_desat_24

Torbjørn frå AUF

Dette er eit innlegg som osar av fordommar, faktafeil og ønskje om å framstille andre på ein uriktig måte. Det blir litt som i songen til Bjørn Eidsvåg om at “eg sa kos, du høyrde bleievask”. Kommunikasjon er ikkje enkelt.
KrF er, tilliks med Ap, eit politisk parti. Partiet bygger, tilliks med Ap, på eit sett verdiar. For KrF sin del er verdiane menneskesyn, nestekjærleik og forvaltaransvar med basis i Bibelen. Det er eit verdigrunnlag som eg er stolt over. Og som er trur er veldig bra for eit samfunn å bygge på.

Men så tillegg du KrF mange grumsete meiningar i forhold til homofile som ikkje har dekning, korkje i verdigrunnlaget eller i partiprogrammet. Slike fiendebilete er det lite lurt å bygge opp viss målet er å hjelpe fram dei homofile sin aksept. Eg må seie at i samtale med vanlege folk (særleg i valkampen), også mange i ditt parti, så finn eg skremmande og “grumsete” haldningar både mot homofile og muslimar. Det må vi som politikarar ikkje tolerere. Ved å late som om dette berre er eit “KrF-problem”, så tar du heilt feil og oppnår lite for saka.
KrF var i mot den ekteskapslova som regjeringa innførte, og som likestiller ekteskap mellom mann og kvinne med likekjønna ekteskap. Det gjorde ein først og fremst utfrå retten til borna. KrF synest det er feil å lage ei lov som systematisk tek frå born retten til å kjenne til opphavet sitt. KrF har heile tida anerkjent samfunnet og dei homofile sin rett til ei “samfunnskontrakt” rundt samlivet sitt. Opprinneleg meinte vi det kunne ordnast med lov om husstandsfellesskap. Etter at partnerskapslova vart innført, så har ikkje KrF teke nokon omkamp på den. Men ekteskapslova inkluderer altså ikkje berre dei vaksne sine rettar, men let desse rettane gå framfor viktige rettar for borna. Og derfor vil KrF framleis arbeide for ei lov som ikkje inkluderer borna.

Eg gler meg til å få besøk av deg, med blomster og kake! For dei krava du listar opp sin del, så kan du kome allereie i dag. Der er aksept i KrF av homofile. Der er ikkje nokon “heksebrennings-politikk” i KrF, og eg lovar at KrF er på offensiven som parti, for å inkludere alle i samfunnet.

Så kan ikkje eg, på same måte som du eller andre tillitsvalde i Ap, gå god for alle meiningar som den enkelte medlem måtte ha. Men det reknar eg med at du skjønar, når du begynner å sjå på eigen medlemsmasse.

mvh. Trude

Exclamation_desat_24

Brosvik – eg skal tru på det du skriv den dagen KrF tek eit oppgjer med folk som Gudmund Furnes i Bygstad. Han seier at “– Homofile prestar er ikkje kristne” og “at det er mogleg å be for homofile for å snu legninga deira.”

Sitata ligg på http://www.firda.no/nyhende/article3344335.ece

Han seier vidare at “– Mange homofile har blitt fridd for legninga si og har blitt heterofile. Eg har høyrt om fleire tilfelle.” Det er ein gylden regel i vitskapen at eksepsjonelle påstander treng eksepsjonelle bevis for at ein skal feste tillit til dei. Så langt har eg aldri sett eit einaste dokumentert tilfelle av at folk har endra legning frå homofil til heterofil.

Furnes “er soknerådsmedlem i Gaular og leiar i Sogn og Fjordane Indremisjon”. Så lenge kristenfolket vegrar seg mot å ta oppgjer med slike haldningar hos kristne leiarar vert utsegner om nestekjærleik og inkludering berre tomt prat.

Exclamation_desat_24

Du seier at de går ut i frå eit forvaltaransvar med basis i bibelen. Jesus’ bodskap var vel utvilsamt i følgje Bibelen å behandle alle på ein likeverdig og omsynsfull måte. Kvifor skal då dei kristne no behandle homofile som ei mindreverdig gruppe i samfunnet, noko som står tvert i mot det Jesus’ bodskap skal ha vore?

I Bibelen står det i realiteten svært få tekstar der samkvem mellom to av same kjønn er omtalt, og dessutan er oversetjingane av dei svært omstridte. T.d. i dei greske og hebraiske versjonane av bibelen viser mange av omtalane at det er snakk om avgudsdyrking, som sjølvsagt var noko forferdeleg innan religion. Der det er snakk om homofili, omtalar dei biblane det med eit langt mildare språk, som at det er religiøst ureint, noko heilt anna enn kva oversetjingane på mange andre språk seier. Dessutan er bibelen skrive på ein måte som samsvarar med datidas normer, som ironisk nok innebar at seksuell omgong med barn var heilt greitt, medan seksuell omgong mellom dei av same kjønn innebar døds- eller svært strenge straffer.

Viss vi dessutan skal sjå på kva som er naturleg, vil eg gjerne vise til følgjande artikkel i Illustrert Vitenskap: http://illvit.no/naturen/dyr-planter/mange-dyr-foretrekker-sex-med-en-partner-av-samme-kjonn

Og sidan du nemner at de var i mot ekteskapslova til omsyn for borna, kan det vel visast til diverse artiklar og undersøkingar:
http://www.dagbladet.no/dinside/2001/08/29/278206.html
http://kilden.forskningsradet.no/c17251/artikkel/vis.html?tid=24280
http://www.helsenett.no/index.php?option=com_content&view=article&id=15983:homofile-foreldre&catid=166&Itemid=159

Exclamation_desat_24

Trude: Du seier at de gjekk imot ekteskapslova grunna omsyn til borna sine rettar. Kvifor seier då KRF sitt partiprogram noko anna?

Sitat: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/artikkel/hva-mener-krf?p_document_id=3585

“_- Hva mener KrF om kjønnsnøytrale ekteskap?
KrF: KrF setter ekteskapet mellom mann og kvinne i en særstilling. Derfor gikk vi imot partnerskapsloven da den var oppe og er nå imot kjønnsnøytrale ekteskap. KrF er samtidig opptatt av stabilitet og gode rammer for samliv – også homofile som velger å leve sammen skal sikres juridiske og økonomiske rettigheter. KrF gikk tidligere inn for at “Lov om husstandsfellesskap” kunne dekke homofile/lesbiske som ville leve sammen i forpliktende samliv. Vi ser nå at partnerskapsloven dekker dette behovet og ser ikke behov for åpne for kjønnsnøytrale ekteskap. Gjennom å gjøre ekteskap kjønnsnøytrale åpnes det også opp for adopsjon for lesbiske og homofile, noe vi går imot_"

Fjordaglimt

Følgt av 4616 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir