| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Norsk forsking og høgare utdanning må vere i europeisk eliteserie.Norge som kunnskapsnasjon må vere i europeisk eliteserie innan høgare utdanning og forsking. Kvifor er det nødvendig å vere tydleg på det perspektivet? Jau, det er basert på forventningar om at ikkje berre nåverande, men også framtidig norsk offentleg velferdsproduksjon skal vere den fremste i verda både når det gjeld kvalitet og tilgjengelegheit for alle. Dei forventningane er, og skal vere, ambisiøse. Dette kobla til det faktum at norsk økonomi, som er svært petroleumsbasert og som med all sannsynlegheit vil holde eit høgt kostnadsnivå i oversiktleg framtid, tilseier at vi må vere i europisk toppsjikt i høgare utdanning og forsking. Dersom me slår oss til ro og tenker som så at me har då så mykje peng i dette landet at det er ikkje så farleg om me senker litt på krava til kvalitet i skulen, slik som Høgre ivrar for i yrkesutdaninga, eller om me i all bedagelegheit synst at det er ok at utdaninga og forskinga ligg på middels nivå i forhold til resten av Europa, ja då er det stor fare for at det går utover innovasjonsevna i næringslivet, sysselsettinga, verdiskapinga og i neste omgang kvaliteten på dei offentlege velferdstenestene. Det er dette som må vere perspektivet når me diskuterar denne saka. Skal også framtidige generasjonar oppleve at petroleumsinntektene er med å sikre velferdssamfunnet så må dei forvaltast på ein måte som ikkje påføre oss den hollandske sjuka. St. meld nr. 44 “Utdanningslinja” og St. meld nr 30 ”Klima for forsking”, synleggjer på ein god måte både kvifor det er avgjerande viktig med eit høgt internasjonalt nivå på høgare utdaning og forskinga og kva utfordringar vi står framføre for å nå dette målet. Ap og regjeringa har tatt eit prisverdig oppgjer med høgresida sin næringsnøytrale næringspolitikk. Regjeringa sin næringspolitikken tydleg innretta mot dei næringane og dei næringsklyngene der Norge i global samanheng har openbare fortrinn. Eg vil her minna om Torgeir Reve som heilt korrekt har påpeikar at vi innanfor I motsetnad til høgresida meinar vi i Ap at dette er områder der vi må ha ein ekstra stor fokus. Desse næringsklyngene har større innovasjon, sterkare vekst, høgare produktivitet, og for oss som er opptatt av arbeidarrørsla, så er det hyggeleg å påpeike at her finn vi også ei høgare gjennomsnittleg lønn hos dei tilsette. Skal me lykkast med denne næringspolitikken, så må også den næringsretta utdanings- og forskingspolitikken ha ei ei tydleg kobling mot dette perspektivet. Deler av den forskinga som føregår i næringslivet er allereie i global eliteserie. Og me har gode moglegheiter til å lykkast fordi det hyggeleg er at 90% av alle forskarar som har levd, ja dei lever i dag. Kunnskap og ikkje minst, læreevne er nå langt viktigare enn kapital, lønnsnivå og naturressursar for eit land sin verdiskaping og konkuranseevne. Då er eg tilbake til der eg starta. Norsk forsking og kunnskapsproduksjon må så absolutt spela i europeisk eliteserie. Tor Bremer
Vist 108 gonger. Følgt av 2 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4860 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Tar du denne tråden også på Nasjonal politikk Tor.?