Ver så snill, ta ansvar og vis omsyn til oss som er livredd for lause hundar.
For 2 veker sidan skjedde det igjen, ein laus hund på sjølvstyr. Nesten oppe i Flugedalen såg eg ein hund eit stykke unna og eigaren endå lengre vekke, og det ante meg at hunden var laus. Eg stoppa opp i håp om å vekke minst mogeleg interesse, men hunden kom imot meg i raskt tempo. Utan å tenke klamra eg meg til eit tre i vegkanten, snudde ryggen til og opplevde at hunden hoppa oppover meg og nådde meg til skuldra. Meir veit eg ikkje før eigaren nådde fram og på ein eller annan måte, endeleg, fekk kontroll på hunden.
Hunden var stor og svart, og svarte hundar er det verste.
Eg fekk ein unnskyldning, men det hjelper så lite og det har heller ingen hensikt å seie at hunden er sååå snill.
Diverre så hender det altfor ofte at eg møter lause hundar, men dette er det verste eg har opplevd. Eg kan ikkje hugse sist eg har vore så vettskremd og gret resten av turen.
For kort tid tilbake på same vegen kom ein hund springande rundt ein sving utan at eigaren var å sjå, men då var eg heldigvis ikkje åleine.
Sjølv om det ikkje bandtvang på denne tida står det i Hundelova m.a.: ”…Hundeholderen skal også sørge for at hundeholdet ikke er til urimelig ulempe for folk…” og vidare ”…Hundeholderen skal søke å avverge at hunden eller hundeholdet skaper utrygghet for andre…”
Eg håpar med innlegget å nå flest mogeleg hundeigarar med bøn om å ta ansvar og vise omsyn til andre, eg veit det er fleire som har det som meg.
Eg har før vore skeptisk til å gå på tur åleine pga lause hundar, men no tør eg rett og slett ikkje. Og slik skal det ikkje vere, me som livredd hundar skal også kunne oppleve at ein tur i det fri er oppbyggande og ikkje det motsatte. Og det gjeld sjølvsagt ikkje berre i Flugedalen, men generelt der det er truleg at folk går tur.
Til slutt, takk til dykk som sørger for å ha hunden i band.
God Påske til alle. Og spesielt til hundeeigarar, la det bli ei fin Påske også for oss som er livredde lause hundar
Torveig Botnen
Førde