Skal slagpasientar behandlast ved lokalsjukehusa?Bente Øien Hauge er koordinator for Folkebevegelsen for lokalsykehusene. I dag seier ho til avisa Nationen at behandling av slagpasientar er eit heilt konkret døme på kva lokalsjukehusa kan ta seg av å behandle. Tja, kan dei det? Bør dei ta seg av slik behandling? Når eit hjerneslag rammar er tidsfaktoren avgjerande. Behandling må setjast i verk innan 3 timar. Behandlinga kan vere kraftig blodfortynnande medisin, trombolysebehandling. Det er denne typen behandling Øien Hauge meiner lokalsjukehusa skal ta seg av, fordi tidsfaktoren er så viktig. Helsedirektoratet er klare på sine anbefalingar når det gjeld behandling av slagpasientar. Dei har laga ei retningsline for slagbehandling. Punkt ein av viktige anbefalingar er følgjande: Alle pasienter med symptomer på akutt hjerneslag bør øyeblikkelig innlegges i sykehus med slagenhet som kombinerer akutt behandling og rehabilitering. Varsling bør gå via AMK, nødtelefon 113. Altså eit klart krav om behandling i ei eiga slageining. Meiner Øien Hauge at det skal opprettast slageiningar ved lokalsjukehusa? Hans Johan Breidablikk som er fagdirektør i Helse Førde har skrive litt om akuttberedskap: ”Akuttberedskap – eit mangfaldig omgrep.” Han skriv at av dei 300 personane som får hjerneslag årleg i Sogn og Fjordane er trombolysebehandling aktuell for om lag 20 av desse. Ein kan ikkje gi trombolysemedisin dersom slaget skuldast blødning. Dersom ein behandlar ein slik tilstand med sterkt blodtynnande medisin vil det kunne få katastrofale konsekvensar. Blødning må utelukkast ved CT-scanning før ein gir trombolysebehandling. I realiteten er det svært få som får trombolysebehandling ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Fire slike behandlingar ved Nordfjord sjukehus i 2009. Luftambulansen har ein regularitet på 90%, Det vil sei at det vil gå år mellom kvar gong veret vil forseinke behandlinga av ein pasient. Kanskje er det tryggast å behandle slagpasientane ved sjukehuset i Førde?
Vist 376 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||