Vakn opp, Naustdal!

Prosessen om barnehage- og skulestruktur har denne gongen pågått i eit og eit halvt år og alle har fått sjanse til å uttale seg. Kommunen ønskte ei brei høyring, faktisk så brei som mogleg, men ingen av uttalene som kom inn i fjor vår forsvarte Norconsult sin konklusjon om å samle alle elevane i sentrum. Desse svara er ikkje teke omsyn til i tilrådinga som rådmannen no har skrive til kommunestyret, trass i at det på førehand var sagt at høyringsuttalene skulle vege tungt når rådmannen skulle tilrå. Noko som har fått stor plass i tilrådinga, er rådgjevar Trine Falkenstein si eiga undersøking i oktober i fjor. Alle elevane ved Dalen skule fekk med eit spørreskjema heim. Kvar heim skulle levere eitt skjema. Eg har høyrt at fleire heimar leverte meir enn eitt skjema. Vi skulle krysse av om vi budde i Instedalen, Midtredalen eller Horstad. Eg har også høyrt at heimar skreiv ”feil” adresse. Å gje ei så dårleg kvalitetssikra undersøking så stor vekt i tilrådinga, vert heilt feil. Høyringsuttalene frå i fjor, kan lesast på kommunen si heimeside under ”Postliste”. Foreldremøtet for Dalen skule, konkluderte etter avstemming med at 75 prosent ville ha 1-7 skule i Midtredalen. 11 prosent ville ha skulen slik den er i dag. Til saman 87 prosent av foreldra i dalen vil ha skule i dalen! Berre 27 prosent av foreldra i sentrum vil ha alle elevane til NBU. Fleirtalet av dei tilsette ved NBU vil ha 1-7 skule i Midtredalen.
Norconsult konkluderer med at dei to alternativa for skulestruktur i Naustdal er like gode. Det eine er samling av alle elevane i kommunen i sentrum, det andre er oppretthalding av tre skular, med utbygging i Midtredalen, slik at alle elevane i Naustedalen samlast i eitt bygg. Dei folkevalde må ta stilling til om dei skal gå for “den ideelle skulen” som inneber ombygging av nesten alt på NBU som var nytt for 10 år sidan. Prisen på denne ombygginga er av Norconsult sett til 22,5 mill kr, men dei understrekar at dette er eit svært usikkert tal. Ombygging er vanskeleg å prissette. Eg synest det er råflott å bruke så mykje pengar på denne delen, som er så godt som ny. Den gamle delen, spesialromfløya, treng heilt klart rehabilitering. Innsparing på drifta vert hovudsakleg lærarar, altså større klassar eller “grupper” som det no heiter. Vi har ikkje fått vite korleis dei vil undervise + – 40 elevar pr årskull i sentrum.
20. mai skal Naustdal kommunestyre gjere vedtak om skulestruktur slik at administrasjonen kan begynne å planlegge. Talet på born har overraska dei styrande kvart år, og planlegginga er blitt deretter. At ikkje rektor på innskrivingsdagen i mars kan seie noko om kva for ein skule elevane skal gå på til hausten, er kritikkverdig!
Det som skadar heile kommunen, er desse stadig tilbakevendande diskusjonane om skulestrukturen. Mange er opptekne av det pedagogiske, faglege og sosiale. Det er eg, og alle andre foreldre opptekne av og. Men vi har tydelegvis ulikt syn på KVA som er best pedagogisk, fagleg og sosialt. Betyr det ingenting at lærarane og rektor på Dalen skule meiner ein 1-7 skule her er det beste? Dei vil få eit passeleg stort arbeidsmiljø. Betyr det ingenting at 9 av 16 lærarar på NBU som svarte på spørreundersøkinga i fjor, meiner at ei oppretthalding/utbygging av 1-7 skule i Midtredalen er det beste? Det vil sikre ein nokolunde god arbeidskvardag for dei og. Dersom økonomien skal stå øvst på lista over kriterium for val av struktur, må prosessen starte på nytt. Rådmann Rolf Kalland sa på folkemøtet i februar at kommunen ikkje skal investere noko i skulebygg før den endelege skulestrukturen er avgjort. Kommunestyret bryt sine eigne føresetnader viss dei set økonomi øvst. Saka handlar om den beste løysinga pedagogisk, fagleg, sosialt og skyssmessig. Det er dette kommunestyret skal ta stilling til. SÅ kan dei begynne planlegginga. Kor mange år det tek, veit ingen. Vi er alle interesserte i at pengane skal rekke lengst mogleg.

Vist 258 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir