Søppel i naturen

Ein stor hyllest til Erik Kvamme som orka å “gå heile vegen” for å finne ut kven som kasta søppel i naturen. Og all ære til politiet som tok tak i saka. Det er sjølvsagt alt for mange som kastar søppel i naturen, det er skjemmande og uheldig, og egentlig ganske irriterande.

Slik eg forstår artikkelen i Firda kan det sjå ut som at det i slike saker er nok å “legge seg flat”, samt å rydde opp etter seg. Dette er for lite straff, og vil sjølvsagt ikkje statuere eit eksempel for resten av oss. Den mest effektive straffa ville vel være å få namnet offentliggjort i media? Kvifor har Firda halde tilbake namnet i denne saka? Bot og offentleggjering av namn, ville kanskje få enkelte til å tenke seg om før ein gjer noko liknande?

Vist 248 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir