"Vevring si heimeside utan redaktør"Det var med vantru eg las teksten : “Gunnar sluttar som nettredaktør for Vevring si heimeside ". Dette vil eg sterkt beklage,for meg har denne sida betydd svært mykje, har nesten dagleg vore innom for og sjå etter nyhende frå Vevring. Dei fleste har fått med seg, ja, nokre meir en andre, at det er eit "fjell til besvær i Vevring”.Og eg synast at redaktøren har presentert stoff frå denne saka på ein OBJEKTIV OG NØYTRAL måte. Så eg håper verkeleg ikkje det er bakenforliggjande årsaker for at redaktøren sluttar.Eg vil med dette overrekkje deg ein 7-8 roser,ei for kvart år du sat som redaktør. Hilsen Inge Engebø.
Vist 425 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||