Kommentar til leiaren 19.mai om at debattmangel gir nei-vind

Firda har tydelegvis ikkje endra syn på EU slik som fleire og fleire i Norge har gjort. Dei vurderingane som står først i leiaren, er greie nok, men på slutten kjem det som truleg skal vere “rosina i pølsa”. Leiaren hevdar at ein annan viktig grunn til den kraftige nei-oppslutnaden, er det totale fråværet av EU-debatt her i landet. Standpunkta til dei politiske partia i regjeringa, hindrar ikkje ein EU-debatt. Folk (grasrota) både ønskjer og har kompetanse til å argumentere mot Regjeringa om dei er usamde i politikken. Folk flest ser no at det er best for oss å halde oss utanfor EU. Dette er ikkje manglande omsorg og solidaritet med andre nasjonar, men verda er større enn EU.

Aud Lunde, Gaular

Vist 174 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir