Honør til styremedlemmene i Helse Førde.

Det er lite triveleg å lese at Johs B Thue seier at Clara Øberg og Harry Mowatt bør vurdere plassane sine i styret for Helse Førde. Det er dei to mest insiktsfulle helsepolitikarane vi i dag har i Sogn og Fjordane Ap. Etter at fylka ikkje lenger har det økonomiske ansvaret for sjukehusa, ser det ut til at verken fylkestinget eller fylkespartia er i stand til å gje realistiske råd for helsevesenet. Fylkespartia kan heller ikkje binde det enkelte kommuneparti, eller kommunestyre, til eit bestemt standpunkt i høyringa. Det er lett å raljere med dei som er valde til å ta ansvar for heile fylket sin sjukehuspolitikk, men det sysnest å vere få som går særleg inn i den vaskelege debatten. Utvilklinga av medisin og sjukehusbehandling er slik at få vil gjere seg nytte av små sjukehus utan god kompetanse. Det må vere plass for eit godt tenestetilbod på Eid og i Lærdal. Eg kjenner med trygg på at Clara Øberg og dei andre i styret vil bruke tid på å forme ut ein eit sjukehustilbod som vi innbyggarar kan vere tente med. Styremedlemmane har vist godt folkevit i desse stormfulle tider. Øystein Helle

Vist 310 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Heilt einig med deg Helle. Nokon må sjå heilskapen i den viktige diskusjonen om dei framtidige spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Nokon må gå i front for å få til viktige endringar. Eg trur vi kan føle oss trygge på at både Mowatt, Øberg og resten av styret arbeider hardt for å gi alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane spesialisthelsetenester av god kvalitet innanfor dei rammene som Storting og regjering har bestemt.

Exclamation_desat_24

Mykkje kan seiast om styret i Helse Førde i grunnen har dei gjort ka dei kan for å laga “ris til eigen bak”
Det er ikkje eit pent syn når “makta ter seg”seiast det og i sjukehussaka i S& Fj har styret berre valsa over demokrasiske vedtak i mange år.Det er pøsa ut millioner av kroner til smørjing av befolkinga for å roa ned stadig nye nedleggingar, tjenester ved lokalsjukehusa våre opp gjennom åra.Politikarane har ved alle valg i disse åra forsikra oss om at lokalsjukehusa skal bestå.Dei har med andre ord løge oss midt opp i ansiktet.Det har riktig nok vandra historie om dokumentet som skulle liggja i ein skuff på fylkestinget.om at det skulle vera 1 sjukehus i kvart fylke og i like mange år har det heile tida vorte avkrefta av politikarane.Eg ringte for ein del år sidan,mens Svein Kåre Senneset sat som høgast leier for helse i fylkestinget og spurte om ikkje lokalsjukehusa kom til å bli omgjort til medisinske senter /Nærsjukehus?
Eg fekk til svar ”at det kom aldri til å skje”
Ein kan spyrja seg om også politikarane våre viste like lite om prosessen som alt var i gang den gangen ?

Det som er mest irriterende opp i det heile ,er at om vi kommer med spørsmål blir det heile kvitert med å skulle vera til beste for oss. Dei svakaste skulle få betre tjenester og vi skulle få betre spesialist tjenester ,så vi slapp å måtte reisa til Haukeland .Det hevda dei som der og då liksom skulle tala den svakes part.
Det var AP seinare raud-grøn regjeringa som ga styrene all makt til omlegginga av sjukehusa.
Dei valgte å setja i gang med prosessene som om det var heilt i orden å ikkje gje brukarane noko som helst hint om at det ville bli medisinska senter og eit sjukehus at i S & Fj.
.
Folk kjenner seg frustrerte,krenka og provoserte som venta kan vera og styret i HF har langt seg på ein omstridt offerlinje der dei har fjerna seg frå røyndommen og peika nase til samfunnet. Styre har og fått med seg makt-eliten i AP og andre til å gjera den eine domheita etter den andre.
I saka om eigar- tilhøva til lokalsjukehusa er i skrivande stund regjeringa klingande klar.Her kunne styret i HF lagt seg på meir forsonende linje i staden valgte dei og surmule.
Det kan godt vera at Ap politikarane trur at folk gløymer dette til valget neste år,men dei fleste av oss kjenner det som at ein ikkje kan stola på AP lenger og har der med mista tiltrua til partiet.
AP har i S& Fj gjort eit overgrep,og fått fylkestinget med på det.
Særleg for Senterpastiet må dette svi:partiet som så gjerne vil stå som garantist for “folkemeininger”
Så kor stor honør vi skal tilleggja 1 og 2 leiarar i styre,trur eg vil bli sitt ut frå korleis dei klarer å komme seg gjennom denne prosessen dei sjølv har vore stor pådrivarar til ikkje ein skulle komma til einigheit om.Dels har personer som 1 og 2 leiarar i styre for HF stått i vegen for budskapet som andre i styre har prøvd å formidle.
Dette må sentrale myndigheiter vist om utan å røra ein finger for folket i S& Fj
Styret har i sin iver etter å gjera ein “god jobb” ropt “sjå på meg no”og set i scene kontroversielle løysingar.
Og har difor lagt opp til ris for eigen bak.Då må dei tåle at riset blir bruk.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir