Små kommunar har større utfordringar.Noko er i ferd med å skje rundt om i Kommune-Norge, skriv politisk redaktør i Nationen, Pernille Huseby, i avisa laurdag 22.mair 2010. Ho viser til ei undersøking som er utført av Kommunal Rapport blant 1500 norske lokalpolitikarar. 8 av 10 meiner at fleire kommunar bør slå seg saman. Kommunane står framfor stor utfordringar. Huseby peikar på viktige kommunale oppgåver som helse, barnevern og skule. Vil dei minste kommunane ha nok ressursar og nok kompetanse til å møte utfordringane som ligg i framtida på desse områda? Samhandlingsreforma vil gje kommunane større ansvar på helseområdet. Behovet for barnevernstenester er aukande. Mange kommunar har måtte få hjelp frå staten for å greie lovpålagde oppgåver innan barnevernet. Når det gjeld skule peikar Huseby på at små kommunar scorar svakare på resultatmålingar enn større kommunar. Utfordringane står altså i kø. Har dei minste kommunane musklar nok til å møte desse utfordringane? Greier vi å rekruttere dei beste fagfolka til dei minste kommunane? Blir fagmiljøa for små og sårbare i små kommunar? Eg trur dette er reelle problemstillingar. Mange kommunar løyser i dag utfordringane med interkommunale samarbeid. Men kva er eigentleg att av kommunen, om ein inngår interkommunale samarbeid på stadig fleire av dei viktigaste områda? Gjemnes kommune i Møre og Romsdal vågar å tenkje nytt. Ordførar Odd Steinar Bjerkeset la nyleg fram ein plan for kommunen om samanslåing. 13 av 17 kommunestyrerepresentantar sa ja til samanslåingsforslaget. Ordføraren meiner at ein kommune med 2600 innbyggjarar blir alt for smått. Han meiner at ein kommune med 30 000 innbyggjarar er meir høveleg. Eg meiner det er tid for å stille seg spørsmålet om Naustdal kommune er best tjent med å halde fram som eigen kommune, eller om det er tid for å vurdere å slå oss saman med andre kommunar. Det er eit faktum at den økonomiske situasjonen i Naustdal er vanskeleg. Kommunen har høg gjeld. Når revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram nyleg viser det seg at Naustdal igjen kjem dårlegare ut. Det er ikkje mykje hjelp å få frå sentrale myndigheiter. Som kommunepolitikar uroar det meg at vi ikkje greier å gje folk i kommunen den kvaliteten på tenestene som ein bør kunne forvente. Svært mykje er bra i Naustdal. Men eg meiner me må vidare framover! Eg meiner me må ha klare ambisjonar om endå betre tenester til innbyggjarane i Naustdal. Eg trur at ein betydeleg større kommune vil vere i stand til å yte betre tenester til innbyggjarane sine enn ein liten kommune greier. Kva meiner du? Du kan lese Huseby sin kommentar i Nationen her: “Noen ganger er det størrelsen det kommer an på.” På KS sine nettsider kan du lese litt meir om kommunestrukturen i Norge: "Kommunestruktur.
Vist 232 gonger. Følgt av 4 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Den kommunestrukturen vi har i dag vart fastsett på 1960-talet. Samfunnet har endra seg mykje på snart 50 år. På den tida hadde ikkje alle husstander telefon. Mykje kan i dag ordnast via telefon eller internett. Det er i dag ikkje naudsynt å fysisk reise til eit kommunesenter for å levere ein søknad. Dagens kommunestruktur er rett og slett ikkje funksjonell.
Danmark har hatt fleire radikale kommunerevisjonar. Frå 1368 i 1958, gradvis til 1098 i 1969, 277 i 1970 og sist 98 i 2007. Desse endringane har frigjort store ressursar frå administrasjon til tenesteyting. Resultatet har blitt færre papirflyttarar og fleire sjukepleiarar og lærarar.
Det er bra at og politikarar begynner å stille kritiske spørsmål ved dagens kommunestruktur.