Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr.

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla “distriktspartiet” Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett.

Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti grader, det er så varmt at kyrne ikkje maktar ete nok i forhold til kor mykje dei melkar. På enkelte dagar har åtti prosent av kyrne utslag på ketosetest, dei lir av energiunderskot.

Alle slike kyr vert fanga, bundne fast og får ein liter Dextrose, eller sukkervatn, rett i blodet. Mange er så oppstukne på halsen etter sprøyter at der knapt er stadar att å stikke. Sjå føre deg meg som baskar med dei store kyrne, bind dei fast med tau så hovudet står i skrustikke mot jernbåsane, stikk dei i halsen og får skryt for min brutalitet. Eg er ganske sterk, eg har inga frykt for store dyr og vil gjerne imponere mine læremeistrar her ved American Farm of the Year, ein av verdas fremste forskningsfarmar innan melkeproduksjon. Du får unnskylde meg med at eg dette er nokre få år sidan.

Farmen, som har 2 500 melkekyr, er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar. Dei har ansvar for å lære opp morgondagens landbruksforvaltarar.

Tre gongar kvar dag vaggar dei 2 500 kyrne på rekke og rad fram til melkegrava der dei vert melka. Når kyrne nærmar seg melkegrava, går eit straumførande grind ned bak dei. Kvar gong ein ny pulje skal inn i grava, høyrer ein lyden tut-tut, alle kyrne trykker seg saman medan gjerdet bevegar seg framover og gir dei elektriske støt i halen. I melkegrava står illegale meksikanske immigrantar som arbeider sekstentimarsskift og bur i campingvogn i dritten utanfor fjøsdøra. Dei har familie i Mexico som dei aldri får besøkt fordi dei ikkje har papir til å krysse grensa.

Ei av kyrne begynner brått å springe ukontrollert framover, den krasjar inn i veggen og dett i bakken. Hjartestans. Det same hender neste dag, og neste.

Kvar tiande dag sprøyter ein kyrne med melkehormon. Dette er mi oppgåve. Eg stikk tusenvis av kyr på bogen, ved halen, på halsen. Kyrne her kan melke fleire år i strekk. Dette er ikkje normalt. Dei må inseminiserast rundt ti gonger før dei blir drektige. Årsaka til den elendige fruktbarheita er høgt stress og eit enormt produksjonspress.

Alle kviger får ein stram strikk rundt halerota når dei flyttar inn i fjøsen som toåringar. Strikken skal hindre blodtilførsel. Få veker seinare ramlar halen av. Ei ku utan hale held seg nemlig reinare enn ei ku med hale. Berre kyr med stambok får behalde halen, og det er berre desse kyrne som kan dra på utstilling. Då blir dei kamba og børsta først, men det er knapt nokre av denne farmens tusenvis av kyr som nokon sinne ser ein børste. Ei heller ei blomstereng. Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet.

Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som skuggar i fjøsen. Ein tyner dei til det siste.

Fleire kyr ligg strekk ut på betongen og greier ikkje reise seg. Folk gir dei drabelige spark når dei går forbi. Ein dag køyrer dei ho ut med gaffeltrøkk og dumpar ho inn i ein lastebil. Ho rullar kast i kast innover i bilen. Så forsvinn ho til Mac Donalds.

Fleire kyr vert haldne i live som levande skjellett. Beingrinder med tynt skinn på, håra avskalla i store områder, ligg i sjukebingen. Beina er bundne saman med tau. Dei greier ikkje ete, ikkje drikke.

Hadde denne farmen vore i Norge, hadde den vore politianmeldt og stengt, men her i Wisconsin er den ein suksess. Den er kåra til Farm of the Year i USA, og farmarane er i topp ti sjiktet i USA. Eigarane har kjøpt seg inn i store russiske farmar og driv melkeproduksjon i Midt-Austen. Dei skal ut i verda med produksjonsmetodane sine. Dei flyg Holstein-kyr til Russland, til India, til Afrika.

Fleire år seinare drog eg til Andhra Pradesh, India for å gjere eit feltarbeid i veterinærmedisin. I Andhra tek tusenvis av bønder sjølvmord kvart år på grunn av dei vanskelege forhalda i landbruket. Hit flyg amerikanarane Holstein-kyr. Dei indiske bøndene tek opp lån, kjøper kyrne, men Holstein-kyrne tåler ikkje varmen, dei svelt, blir ikkje drektige og kan ikkje nyttast som trekkdyr. Att står bonden med eit slakt han ikkje ein gong kan ete.

I USA er mine amerikanske venner i ferd med å bli multinasjonale. Eg er ikkje naiv. Dette toget kan vi neppe stoppe, men vi kan, ved å oppretthalde eigen matproduksjon, unngå å måtte importere mat produsert under slike forhold. Men det krev politisk vilje og vågemot, samt eit langt høgare kunnskapsnivå enn vår rødgrøne regjering ser ut til å inneha. Historier som denne, vert heldne hemmelige. Sjå sjølv reklamen for amerikanske melkekyr her : USreg Holsteins for maximum profit.

Virkeligheten der ute er langt verre enn vi er i stand til å forestille oss, her vi sit skjerma bak rosemalte fjøsdører og gradvis undergrev eigen matproduksjon, no sist demonstrert i dei miserable landbruksforhandlingane. The American way kan også bli realiteten i Norge om vi ikkje snart får landbrukspolitikarar med ballar. Mat kostar.

Anne Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskole.Artikkelen er publisert i Klassekampen og Firda, og kjem på trykk i fleire aviser framover. Den kan kjøpes for republisering.

Vist 676 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

….og kva har amerikanske melke/mjølkekyr med norsk landbruk å gjere anne enn å blåse opp/pynte på eigen subsisierte/statsfinansiert produksjon av mjølk m.m…til noko fint og reint noko….

Exclamation_desat_24

Interessant artikkel, har høyrt og lese liknande om mjølkeproduksjon i USA andre stader og. Håper mange vil lese den.

Likevel tykkjer eg det blir litt søkt å gi den raudgrøne regjeringa og særleg Senterpartiet skulda for at det norske landbruket slit. Senterpartiet er etter mi meining det einaste partiet som prøver å auke lønsemda i landbruket. Håper at Anne Viken kan komme med kva konkret ho meiner Senterpartiet bør gjere.

Trur neppe folk er villege til å betale det det kostar å oppretthalde eit landbruk som ein har i dag.
Driftsapparateter ofte gammalt, og gjelda til bøndene er rekordhøg. Ein har tært på det som vart bygd på 70 og 80-talet. Det går ikkje særleg mykje lenger, det trengst meir pengar. Men om ein ser på kor mykje folk som bur i høveleg avstand handlar i Sverige, og haldningane til folk flest og dominerande media, då er det vanskeleg å tru at auka matprisar eller auka løyvingar er mogleg å få til.

Mykje er ikkje som det skal vere i Noreg heller, men eg trur i alle høve at det står betre til med til dømes dyrevelferd her enn mange stader i USA. Eg er ikkje av dei som trur at det norske landbruket er så fantastisk miljøvenleg eller automatisk meir dyrevenleg enn alt anna ( sjå t.d. på kvar mykje av kraftforet eigentleg kjem frå, eller den enorme maskinparken ein ser rundt om). Men i staden for å legge ned matproduksjonen her til lands, bør vi heller gjere den bærekraftig og så effektiv ein kan, utan at det går ut over dyr og miljø.

Anne Viken har rett, skikkeleg mat kostar.

Magnus Reiakvam

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir