Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene


Samlingspunkt på Kvellestad høgtideleg opna.
Onsdag 16.6. var det høgtideleg opning av ballbinge på Kvellestad, som ligg midt i bygda på beste slåttemarka til Rune Engebø.
Ordføraren i Naustdal kommune, Håkon Myrvang, og om lag 100 personar kom til opninga. Ordføraren stod for høgtidleg snorklipping og utdeling av gåve. Leiaren for oppvekst og kultur, Robert Rysjedal var også tilstades. Formann i fotballkretsen Sogn og Fjordane, Olav Kjos Venjum delte ut ballar til potensielle fotball proffar i bygda. Apellen hans var at ballbingen måtte brukast mest mogeleg som samlingspunkt for gamle som unge. Ragnar Aaronsen frå Sparebanken Sogn og Fjordane hadde med seg ein sjekk på 35 000. Han formidla også ein sjekk på 2000 kr frå Tambarskjelvar idrettslag. Underhaldnings menyen bestod seg av linedance oppvisning og sketsj av jentene på Kvellestad. Ein fotballkamp stod også på menyen, kaffi og kaker var ein selvfølge. Loddsalget gjekk strykande, og blei ein kjærkommen ekstra inntekt for Kvellestad Velforening.
Kvellestad velforening vart opretta med det formålet å skape ein trygg arena for fysisk aktivitet. Blant fleire lanserte idèer blei det bestemt at vi ville ha ballbinge i bygda. Planlegginga starta i 2007, og med mykje papirarbeid, våkenetter og fleire hundre dugnadstimar av store og små, stod ballbingen ferdig i september 2009.
Styret i Kvellestad velforening som består av Reni Catrin Grytten, Marit Seljevoll og Knut Horne vil med dette takke Rune Engebø som gav vekk beste slåttemarka si, Naustdal Kommune for forskottering av penger, takk går også til Sparebanken Sogn og Fjordane, Grendalaget, Helselaget og Stavang Bygdelag for god økonomisk støtte. Ei spesiell takk til alle husstandane på Kvellestad for pengegåver og ein fantastisk dugnadsinnsats.
Til sist vil vi rette ei stor takk til butikkane i Florø, Førde, Eikefjord, Vevring og Stavang som sponsa oss med mange flotte gevinstar til utlodninga vår, og alle dei som stilte med kake til opninga :)