Kommuneøkonomi. Høgt utdanna innbyggjarar betyr meir pengar?NRK Trøndelag har ei viktig sak om små kommunar og økonomi i dag. Saka handlar om ein ordførar i ein av dei mange små kommunene i Norge. Jørn Nordmeland er ordførar i Osen kommune i Sør-Trøndelag. Ordføraren er sterkt indignert over måten regjeringa behandlar små kommunar på. Han meiner han ikkje blir lytta til og vil no melde seg ut av SV i protest. “SV-ordfører mot regjeringa.” Eg trur det sit mange lokalpolitikarar rundt om i landet og er frustrerte over dårleg kommuneøkonomi. Eg har tidlegare skrive fleire blogginnlegg med same tema: Ein ting i artikkelen får meg til å sperre opp augene. Er det verkeleg rett at overføringane frå staten til barnehagar er avhengig av antalet innbyggjarar med høgare utdanning? Dess fleire med høgare utdanning dess meir pengar til kommunen? Hmm..Eg må sei at eg synes dette høyres merkeleg ut. Kva begrunnar ein i tilfellet ein slik regel med?
Vist 89 gonger. Følgt av 3 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Hørte i Nyhetene i dag at folk med god økonomi og god utdanelse får bedre behandling hos lege enn de med lav økonomi.
Ja, vi må vere på vakt. Norge er eit land med relativt små sosiale skilander. Vi må passe på slik at utviklinga ikkje går i feil retning. Alle skal med.
Ja, den begrunnelsen hadde vært interessant å høre.
Kanskje fordi denne gruppen i snitt er 7år mer seigliva enn grupper som har vært i skikkelig jobb hele livet.
Hm. Kan grunnen være at folk med høg utdanning sjeldnare er uten jobb, og dermed oftare treng barnehage?
I så fall kan eg iallfall forstå ordninga. Men blir dette i omvendt situasjon balansert med større tilskudd til nav-utgifter, sosial boligbygging, rusvern o.s.b? Tvilar.