Administrasjon og styremedlemmer i Helse Førde har ikkje teke ansvar for UPH.

I styremøtet den 18.juni kom det klart fram at styre og administrasjon i mange år har valt å oversjå situasjonen som har vore ved UPH når det gjeld mangel på spesialistar. Styremedlemmer og adm.dir. Bolstad understreka at situasjonen var vel kjent både i høve til tidlegare klagesaker, både frå kommunane, pasientar, eigne tilsette, og tidlegare dialog med Helsetilsynet. Styremedlemmane, administrasjon, fagdirektør og Helse Vest representert av styremedlem Helge Bryne, har valt å totalt oversjå problemet. Dei har vist ein mangel på respekt for pasientane som har hatt bruk for tilbodet ved UPH og familiane deira. Styret og administrasjonen sin manglande vilje og evne til å løyse problema har vore negativ for tilsette ved UPH. Miljøpersonalet har stått på i årevis for at barn og unge skal ha eit døgntilbod i fylket, men dei kan sjølvsagt ikkje erstatte barne og ungdomspsykiater eller barnepsykolog.

Det har vore eit gjennomgåande tema heilt tilbake til oppstarten av avdelinga i 2004 at UPH har mangla barne og ungdomspsykiater og psykologspesialistar. Sjølv om legen som var tilsett var i gang med psykiaterutdanning så var realiteten at drifta ved UPH mangla barne og ungdomspsykiater. Dette var situasjonen fram til at Fylkeslegen greip inn i saka etter at konstituert avdelingsleiar ved UPH, Frank Kalstad, sende eit brev direkte til Fylkeslegen.

Det er ansvarsfråskriving at administrasjonen og styret ikkje har gripe inn i saka tidlegare. Dei har hatt 6 år til å ordne opp i dette. Heller ikkje i 2007 når Klinikk for psykisk helsevern, hadde ubrukte lønsmidlar så vart det prioritert å få til ei løysing. I budsjettet for 2009 og 2010 vedtok styret at det ikkje skulle brukast midlar for å styrke spesialistbemanninga i verken poliklinikkar, BUP, eller døgnavdelinga, UPH. Dette er blitt gjort trass i at styret og administrasjonen har vore kjent med situasjonen ved UPH.

Saksutgreiinga om UPH bygg på ein evalueringsrapport som er utarbeida av konsulentfirmaet PwC. Vi stiller oss kritiske til ein del av saksopplysningane og talmaterialet som blir nytta i rapporten og vi er kjent med at fagdirektør Breidablikk starta forhandlingar med Helse Bergen om kjøp av 2 plassar før PwC starta å lage sin rapport.

Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helsevern, LPP, Sogn og Fjordane har fleire gangar påpeika Helse Førde sin nedprioritering av psykisk helsevern for både vaksne og barn. Det er siste åra lagt ned 24 døgnplassar for vaksne og fleire plassar står tome pga. manglande ressursar. Helse Førde rapporterer likevel inn til staten (Statistisk sentralbyrå og Norsk Pasientregister) at alle 99 plassane har vore i drift. Når det gjeld UPH så har det vore rapportert at det har vore 8 plassar i drift sjølv om lag halvparten har vore ute av drift pga. sparing.

Helse Vest har frist til den 25. juni med å finne ei løysing som kan sikre pasientane på UPH den behandlinga som dei har krav på. Vi er spent på deira tilbakemelding til Fylkeslegen. Vi voner at dei satsar på å oppretthalde UPH slik som i dag og at det skal kome på plass dei nødvendige spesialistane som lovverket krev. Kjøp av plassar i Bergen og behandlingsplassar for barn og ungdom ved dei vaksenpsykiatriske avdelingane vil ikkje gi eit godt og teneleg behandlingstilbod for denne pasientgruppa.

Mvh. Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helsevern, LPP, Sogn og Fjordane, ved Astrid Gytri, sekretær.

Vist 95 gonger. Følgt av 2 personar.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir