Kvinnelige bønder i mindretal.Er sjokkert over at ein som kvinne i bondeyrket per definisjon aldri blir like bra som ein mann same kor hardt en jobber og kor gode resultat en har. Og at på gardar som blir drivne av mann og kvinne saman er det alltid mannen som tar æra. Tenkte litt videre på den tankegangen og i kommunen vi bur i Naustdal kjenner eg faktisk ikkje til fleire kvinner som eig og driv gard. Det er for håpentligvis fleire en meg. Uansett er det verkeleg på tide å ta tak i likestillinga her i kommunen og lage tiltak som gjer det interessant for både kvinner og menn å drive gardane som er i kommunen. Ikkje har vi landbrukssjef og det har vi ikkje hat på fleire år heller.
Vist 250 gonger. Følgt av 3 personar. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Dagmar Vigdis!
Lat oss vere enig om at det er interesse og dugleik som bonde som
tel når det gjeld landbruket, UAVHENGIG AV KJØNN!
Dette er då også grunnlaget for å nytte odelsretten til eit gardbruk,
der slik rett hefter på eigedomen.
Vi har likevel mange døme på at hensikten med å nytte odelsretten
er tufta på spekulative interesser om å skaffe seg ein eiendom etter
odelstakt for deretter å selje ut til bolig og eller hyttetomter!
Så lat meg få høyre om du har sett deg inn i verknadene av dagens odelslov,
og Senterpartiets håplause gamaldagse tankegods omkring dette, som
garantert medfører nedslurving av mange gardsbruk!
Flott at du er engasjert kvinne-bonde ! Eg òg er bonde i Naustdal,- då er vi i alle fall to! :)
Naustdal er ein kommune der landbruket er på hell og då er mjølkeproduksjonen den som er mest utsett. Dette er synd fordi mjølkeproduksjonen er den bærande produksjonen i landbruket på vestlandet.
Du set fingeren på eit anna viktig tema, nemleg at vi ikkje har jordbrukssjef. Den stillinga vart desverre aldri besatt etter at vi mista Henry Ranestad, som hadde ansvar for landbruk og skogbruk også utanfor eigen kommune. Likevel har etaten ekspertise, Sortevik og Mallones er dyktige.Det betyr ikkje at andre husdyrproduksjonar ikkje er vilktige, men mjølka dreg mest pengar til vestlandet frå landbruksforhandlingane og dermed er viktig for blandt anna skatteinntekta i kommunen.
Eg trur at vi skal være glade for dei bøndene vi har enten dei er menn eller kvinner. Vi får profilere oss så best vi kan. Ingen kjem å bankar på døra og lurer på om vi VIL syne oss fram ! :)
Eg ser ikkje at Falkenstein ser odelslova som noko problem her, derfor synes eg vi skal halde oss til det ho ser som utfordringa.
Denne lova vert hetsa i alt for stor grad der familiane burda ha rydda i eige hus. Det er for enkelt å skulde odelslova fordi da ikkje gjekk slik da var tenkt. Slike eksempel finnes i hopetal..
Noko godt alternativ til odelslova finnes ikkje og det ville vært ei katastrofe for landbruket om den blei fjerna, slik enkelte politiske parti ynskjer.