Tidlegare styreleiar ved Førde islamske senter er terrorsikta.

I Dagbladet kan ein lese: Slik levde de terrorsiktede et dobbeltliv

Terrorsikta Shawan Sadek Saeed Bujak Bujak (37) var i 2002 styreleder ved Førde islamske senter. (!)

Det er vel nokon som no synes at “noko utidig” kjem utidig nær innpå.

Dette bør i alle høve vere ein tankevekkjar til dei som (til dels naivt og heilt ukritisk) tykkjer det er så umåteleg stor stas med det såkalla “kulturelle mangfoldet”.

Det er mykje som kan seiast om dette.
Men eg skal nøye meg med å seie lite;
Sunnfjordingane er i full stand til å gjere seg opp sine eigne tankar sjølve……..

Kommentarar?

Vist 325 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det du meiner er vel: “koffor har vi ingen som sit og plukker ut folk som potensielt kan bli problematiske for oss blandt dei flyktningane vi tar inn i landet for å hjelpe? Det burde jo være ein grei jobb”

Exclamation_desat_24

Søtten åttini.
Kva eg meiner er irrelevant.
Og eg skjønar at det er ingen grei jobb dersom ein skulle “sitje og plukke ut folk….” (for å bruke ditt uttrykk).
Det å sortere alle potensielt farlege enkelt-individ på grensa ville vere ei umogeleg oppgåve. Men du skriv vidare:“….flyktningane vi tar inn i landet for å hjelpe”.
Det er her naiviteten ligg og har lagt (norsk dum-snillisme og nissehue-mentalitet) – og det gjeld ikkje berre hos dei raud-grøne.
“For å hjelpe”:
Det er mange av innvandrarane som dei seinare åra har kome inn i landet vårt som ikkje er reelt hjelpe-trengande, men har heilt andre hensikter ved å kome til Noreg.
Eg skulle ikkje seie så mykje (skreiv eg i innlegget mitt),og no har eg sagt meir enn nok.
Og eg likar eigentleg ikkje å diskutere med folk som er anonyme, og som ikkje torer å stå fram med kven dei er (du har heller ikkje skrive noko om deg sjølv i profilen din).
CYBER-BURKA kallar eg slikt!

Exclamation_desat_24

Ein del av poenget med innlegget mitt er at svært mange treng å få hovudet sitt ut or sanden. Men det er eit stort problem (som med strutsen) at dei ikkje forstår at dei har hovudet sitt i sanden sjølv når ein seier det til dei.
Men kanskje dette fokuset på dei nylege terror-sikta får nokre fleire nordmenn til å – sjå seg litt rundt.

Exclamation_desat_24

Stein Joar:
“Det er mange av innvandrarane som dei seinare åra har kome inn i landet vårt som ikkje er reelt hjelpe-trengande, men har heilt andre hensikter ved å kome til Noreg.”, er det minst grumsete du skriv. Eg skal svare, sjølv om “det du meinar er irrelevant”. For å forhindre at terroristar og ekstreme islamistar og kjem inn i landet må vi stogge flyktninginnvandringa totalt, dette er det ikkje støtte for i folket. Vi er og forplikta internasjonalt. Så kan vi sitte og syte over dei negative effektane flyktninginnvandringa har.
“Å få hovudet ut av sanden og sjå seg rundt”, er dette å komme til den trua at vi må stogge innvandringa?
Kor mange av asylsøkjarane er det som eigentlig ikkje treng hjelp? Har du ufeilbarlig statistikk på dette?
Med tanke på kva situasjon flyktningane kjem frå, og helsetilbudet dei får her, syns eg det er positivt overraskande kor få som lagar problem.
P.s: mulighet for anonymitet i debatt hevar ofte nivået.Det kan kallast feigt, men feighet på forskjellige områder og nivå er jo menneskelig, det. Eg kunne f.eks. kalla retorikken din for feig, sidan du ikkje skriv rett ut kva du meiner.
Generelt: å tru at man kan hjelpe trengande flyktningar utan å risikere negative konsekvensar kallar EG å ha hovudet i sanda. Å ikkje ville hjelpe i det heile kallar eg noko anna. Denne debatten ville sett annleis ut om det var fokus på dei positive effektane ved å hjelpe flyktningar.

Exclamation_desat_24

Jarl Olav Steinhovden:
100% samd.

Søtten åttini:
Eg viser til ein del av kommentaren min:
Eg likar eigentleg ikkje å diskutere med folk som ikler seg CYBER-BURKA!

Exclamation_desat_24

Det var leit, du brenn sikkert etter å debattere innlegget mitt på saklig og faktabasert grunnlag.

Exclamation_desat_24

Problemet er vell helst på kva måte vi kan hindre at terror celler veks fram i landet vårt. Det vi kan slå fast er nok at ved å ikkje tore å krevje noko tilbake når vi hjelp ulike folk eller samfunn er dette det føste nivået vi skyt oss sjølv i foten på. I staden for å setje fok i arbeid når dei kjem hit gjennom diverse tiltak, vert dei istaden sitjade å sjå i veggen på eit asylmottak. På desse asylmottaka (m.a. i Førde) florerer det med ulike former kriminalitet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje på langt nær alle, men i enkelte tilfelle rundt enkelte miljø blir ein tvungne til å generalisere for å kunne ta grep. Enkelte av desse har m.a. i Førde byrja å slå seg godt opp på salg og omsetnad av narkotika. Grunnen til at dette nok ikkje vert teke tak i er nok nettopp av frykt for å setje i verk slike generaliserande tiltak.
At staten Noreg er dumsnill er eg fullstendig samd i. Problemet er faktisk at i 70% (minst) av tilfella, klarer vi sjølve gjennom våre naive haldningar og verkemiddel å framverke miljø som til sjuande og sist blir å rekne som samfunnsfiendtlege.
Eg meiner vi må leggje naiviteten i større grad på hylla og hjelpe folk slik vi må og bør. På ein slik måte at dei kan representere eit samfunnsgode og sjølv føle at det er nettopp det dei er.
Samtidig vert det og viktig å separere personar som har fått avslag på opphald/asyl frå resten så fort dette let seg gjere, fordi desse fort kan verte moment som kan føre til ustabile destruktive tankemønster (harde ord, men ikkje mindre sant).
Der er i det heile mange ting som er gale med dagens asylpolitikk. Storberget kan proklamere innstramingar til han vert blå i fjeset, men så lenge innanriks asylpolitikken vert den same, kjem ingenting til å endre seg i det store og det heile..

Exclamation_desat_24

Desse påstandane om narkosalg, og at dette ikkje vert tatt tak i, er dei dokumenterte?

Exclamation_desat_24

Dokumenterte meg her og der søtten åtti…er vel ingen som ynskjer å dokumenter slikt…og aller minst avisene her som synest å ha feie under teppet til det blitt kul på det…….

Exclamation_desat_24

Du har rett det er nok påstander det er snakk om.. Men du må sjå ting litt fra mi side. Eg jobbar som drosjesjåfør. Eg høyrer mykje forskjellig fra det eine og det andre haldet.. Hadde dette vert dokumentert som du seier, hadde det vert vanskelig for politiet å komme seg frå å gjere noko med det. Problemet er at utifrå det eg høyrer er det heva over ein kvar tvil at det foregår narkotika salg av personar som lever der.. Og det er ikkje berre eg som veit eller har høyrt det..

Exclamation_desat_24

Korleis veit man dette, då? pålitelege rykter?

Exclamation_desat_24

At folk har ein tendens til å “anta” ting og framstille dei som fakta er ikkje noko nytt her i bygdeland

Exclamation_desat_24

Det er ikkje berre jungeltelegraf det er snakk om nei.. Men påliteleg det er det.. Du kan vell sei det sånn at eg ved fleire anledningar har hatt folk i bilen som har hatt planer om å “snakke” med en av desse “karane”. Samstundes som der og er en del personer med invandrerbakgrunn som sannsynlegvis ikkje ville vitna om det, men dei veit om at dette skjer…. I en periode var der mellom anna ei rute i eit gitt område i Førde der det var mogleg å treffe dei, for å få “behova” sine dekka. Ikkje sei at du ikkje ser at dette er eit glitrane miljø med innslag av dei rette personlegheitene for oppblomstring av slikt..?? Ikkje noko av det eg seier ville halde vatn i ein rettsal, men no anklagar eg heller ikkje enkeltpersonar.. Samstundes som vi og veit at liknande har skjedd tidlegare ved andre liknande fasilitetar.. EG er ikkje ute etter å stemple nokon, men eg er berre bevist på kva som skjer med folk når ein “oppbevarer” dei under slike høve.. Dei fyller tida si etter beste evne.. Veit ikkje om du veit dette men nesten samtlege studier eg har høyrt om, seier at arbeidsledighets og kriminalitets-statistikk oftast går hand i hand..

Exclamation_desat_24

Eg har og hørt dettte ryktet, med den varianten at fyren var etnisk afrikaner, men budde i privat leilighet. Han blei tatt, (stod i firda), og flytta etter det. Traumer og mangel på noko å fylle dagane med aukar statistisk sett fara for narkobruk. Generalisering aukar fara for……….?

Exclamation_desat_24

Aukar faren for…….?? Det du må huske på når du les det eg skriv er at eg ved å generalisere kanskje prøvar å finne tiltak mot ei spesifik gruppe. Ei gruppe som har alle føresetnader i den situasjonen dei er for å ende opp som ledd i ei eller anna form for kriminell verksemd eller andre former for samfunnsdestruktivt verke. Noko eg ikkje tykjer er rettferdig verken for dei eller oss.. Mangel på noko å fylle dagane med aukar faren for, MELLOM ANNA, narkobruk!

Generalisering kan brukast på so mange måtar. Det å setje i verk ulike kommunale arbeidstiltak f.eks. ganske tidleg i behandlingsprosessen til ein asylsøkjar kunne nok være av verdi. Tiltak som ville representere ein samfunnsverdi for oss, men og eit ledd i å reetablere ein til dags dato svinnade følelse av menneskeverd blant våre nye eventuelle landsmenn..?? Dette kunne kanskje også fungert som eit ledd i ei gryande integrering..? Derav kan du ikkje sei at all generalisering er av det vonde (om du ser teikninga??)..

Det er ingen menneske til dags dato som har tatt skade av å bli kravd noko av (så lenge krava ikkje er umennesklege), vi må berre lære oss å tenkje langsiktig, gjerne setje oss ned å sjå ting i perspektiv (litt vårt og litt deira)..
Kva hadde vi hatt best nytte av om vi kom til eit anna land for å søkje asyl (tenk også kulturelt betinga)…??
Hadde tvinne tommeltottar på eit asylmotak føltest verdig??

Exclamation_desat_24

Ja her kan og vil ein vel tvinne tommetottane som best ein kan nokon og ein kvar og helst dei som redigerar meiningane og faktaopplysningar som best dei kan….som skal ut til disorienterte offentlegheita … Eg for min del bryr meg ikkje med å blande meg meir borti diskusjonen om kva invandringa fører med seg av terrorfare som anna meir enn at vil seie…at før eller seinare så blir vel det begeret fullt og….

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir