Kjend svensk regissør til Førde for å lage scener til Varg Veumfilmen "Dødens drabanter" etter boka av Gunnar Staalesen

Den kjende filmregissør og manusforattar Stephan Apelgren kjem til Førde tysdag for å regissere Varg Veumfilmen ”Dødens drabanter” etter boka med same namn av Gunnar Staalesen . Apelgren er kjend for bl.a. å ha regissert fleire av Wallanderfilmane etter bøkene til Henning Mankell og ein annan kjend film som kan nemnast er –” Pianolærerens tilbakekomst”. Dei siste åra har han regissert mest krim, men har bak seg både drama og komedieproduksjonar.
Men karriera si starta han som musikar og ei tid spelte han i band saman med bl.a. Bjørn Afzelius.

Her i Førde blir han i ei god veke for å gjere mange scener til denne hittil siste filmen av Staalesen sine bøker. Det blir locationar i sentrum, ved politistasjonen og inne på Pikant. Ei scene skal skytast i Furevika og så ber det inn i Angedalen der både Aksla, vegen innover mot Botnavatnet, elva og to stadar på Indrebøen skal knytast til filmlerretet.
Og veret vårt ser ut til å bli etter filmprodusentane sine yskjer…grått og vått, noko som gjer seg best når det er snakk om kriminalfilm.

Vist 117 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir