Er publikum i Sogn og Fjordane Stig Eikås sine "nyttige høner"

LOKALMEDIA SI ROLLE VED VAL AV KUNST OG KULTURTILBOD

Vi kan like det eller ikkje, men i vårt samfunn er alle aktørar, også når det gjeld kunst og kultur, avhegige av media for å nå fram til publikum. Difor har media eit visst ansvar for kva
som fortener merksemd.

Denne gongen tenkjer eg spesielt på Stig Eikås sine mange utspel, når det gjeld det som han kallar kunst, men som av fagfolk blir karakterisert som dilettanteri og sjarlantanisme.

Det er positivt at Firda 22. juli sette søkelyset på Stig Eikås sin “amatørkunst” og fekk ei
fagleg vurdering av den. Men no er tida inne til å setje punktum, Stig Eikås bør ikkje få meir merksemd.

Det finst alt 78 Eikås-skulpturar, som alle manglar kunstfagleg vurdering, og Eikås trugar
med å auke talet til 200. Dette må for ein kvar pris forhindrast. Men klarar han å halde
mediekjøret, kan ein risikere at han når målet.

Vi toler ikkje meir visuell forureining uten å risikere at Sogn og Fjordane får ord på seg for
å ha ei “anleis og spesiell kunst- og kulturforståing”

Stig Eikås sine produksjonar bør heretter teiast ihel.

Dagunn Klakegg
Vist 306 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Men sjøltillitt og høye tanker om seg selv mangler ikke denne mannen. Det skal han ha!!!

Samtalen er stengt for nye kommentarar.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir