Tenkjer posten på miljøet ?

Når ein ikkje har hatt reklame på over to år så saknar ein det igrunn ikkje. Men det kan likevel vera spanande å bla i ein fargerik faldar når han dukkar opp. Så her i førre veke kom dar ein bunke med reklame i postkassa mi. Først vart eg irritert, og sjekka om merket som seier nei takk til reklame framleis to på kassa, og det gjorde det. Sikkert hastige ferievikarar tenkte eg og tok bunken med meg heim for å studere faldarane som skal få meg til å bruke meir pengar på ting eg strengt tatt ikkje treng. Etter å ha gått gjennom bunken, var eg framleis overbevist om at det var rett å ha nei lappen på postkassa. Ikkje fekk eg lyst å kjøpe noko meir heller. Dette var førre veke, og heile den veka kom det reklame i ein postkasse som er godt merkt, og denne veka starta og med ein solid bunke. Det skulle vere unødvendig å bruke tid på å kontakte postverket for å få slutt på elendet, kassa er godt merkt. No kan det nemnast at det tok si tid å få stoppa reklameleveringa då me først skulle ta det store steget ut i den miljøbeviste sfære. Først måtte me tinge lappar som skulle regestrerast hjå posten. Posten er ikkje alltid like rask så me måtte etterlyse dei eit par gonger. Då me so hadde fått desse lappane, fylt dei ut og levert, tok det nokre veker før klistrelappen nei til reklame var kommen på kassen og me kunne sjå resultatet av valet me hadde tatt. Glea var stor og me kunne nyte eit reklamefritt område, trudde vi. Men posten hadde spart på limet og lappen fall av, so var sirkuset i gang att. I irritasjon sende me reklamen i retur, men det skulle me vist ikkje gjere. So kom dar ny lappe med godt lim og det vart slutt på reklamen. Same lappen har me enno, men ingen bryr seg, iallefall ikkje posten. Her skulle vi vere miljøbeviste men posten hindrar oss. Tenkjer posten på miljøet, eller er dei berre opptatt av å tjene pengar? Lese reknar eg med dei kan, om ikkje så skal eg heller ta ein telefon!

Vist 89 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir