For små skular kan vere årsaka til problem med rekruttering av lærarar.Leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Gunn Marit Haugsbø, meiner at reform-kåte politikarar har vore skadeleg for den norske skulen. Bakgrunnen er at det er vanskeleg for utkantkommunar å rekruttere kvalifiserte lærarar. Eg trur Haugsbø bommar litt her når ho skyt på politikarane. Ho bommar i alle fall på årsaka til problemet, slik eg ser det. Problemet med lærarrekruttering er nok meir samansett. Det er mange små skuler rundt om i landet, grendeskular som blir oppretthaldne fordi mange meiner at skulen er så viktig for grenda. Blir skulen lagt ned så blir og grenda fråflytta, meiner mange. Mange meiner nok og at smått er godt. Personleg meiner eg det å tvihalde på dei små grendeskulane blir feil. Kvalitet på undervisninga må vere det som har prioritet. Skal ein velje å oppretthalde ein liten utkantskule, bør det vere fordi det gir betre undervisning, og ikkje fordi ein fryktar at grenda skal bli fråflytta. Fagmiljøa på desse små skulane kan lett bli for små og sårbare. Eg kan godt sjå føre meg at det er meir interessant og utviklande for ein nyutdanna lærar å jobbe i eit noko større fagmiljø. Kanskje rett og slett fordi det der er fleire å diskutere fag og utfordringar med? Slik sett kan kampen for ein desentralisert skulestruktur like godt vere ein viktig årsak til problema med lærarrekruttering som alle reformane i skulen er det. I debatten som skulestruktur i Naustdal peikte Utdanningsforbundet på akkurat dette. I høyringsuttala si seier Utdanningsforbundet i Naustdal følgjande: Norconsult peika og på dette i rapporten som vart laga i samband med gjennomgang av skulestrukturen i Naustdal. Les sak om dette på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane: “Reformar har skada norsk skule.”
Vist 120 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4863 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||