RÅDMANNEN SINE UBRUKTE MILLIONAR

Rådmannen i Førde vil fortsatt bruke millionar på ei bru, der det berre er 360 m mellom 2
allereide eksisterande bruer.
Den skisserte brua vil dessuten bli eit forstyrrande element i miljøet rundt Jølstra. og blir brua ,noko nær, ein kopi av den ved Viking, kan vi neppe vente oss eit arkitektonisk meister-
verk.
Førde kommune har mange uløyste oppgåver, så det er bra at det er pengar i kassa. Bl.a.
har problema i eldreomsorga vore ein gjengangar i mange år. I dag vil eg berre nevne dei
største problema, som er:

1. Bemanning og kompetanse på sjukeheimen: - Bebuarane får ikkje fysisk trening/mosjon, så dei blir raskt rullestolbrukarar. - Pasientar som kjem inn for rehabilitering får berre ei seng å sove i, ikkje relevant trening. - Slagpasientar utan språk får ikkje logoped eller trening 2. Avlastningtilbod til heimebuande demente, eksisterar ikkje: - Familier med ansvar for demente blir fullstendig “nedkøyrde” p.g.a. manglande avlastning - Demente har og bruk for stimulering og trening, men dei får ikkje noko tilbod

Og dette er hastesaker, det hjelper lite for dei pleie-og hjelpetrengande at der finst ein plan
for at alt skal bli så mykje betre i 2015. Dei treng hjelp no!

Det vi ikkje treng er unødvendige bruer.

Vist 149 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Og slik er situasjonen i heile landet.Prioriteringane er som bautaer for luksusbygging.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir