Dette vert fjerde påsketuren til eksotiske Kina med reiseleiar Fred-Arild Grøneng i Flora hagelag.


Denne gongen er elvecruise på Den Gule Flod og tur innom Tibet også lagt inn.
Turen startar i Shanghai, Kinas nest største by med 17 millionar innbyggarar, der gatebildet er prega av neonlys og skyskraparar med dristig arkitektur.
Turen går så til Suzhou. som er Kinas svar på Venezia og også kjend for sine vakre hagar. Der brukar vi ein dag, før vi returnerer til Shanghai og nye opplevingar der.
Så flyg vi til Yichang og startar eit tre dagars cruise på Yangtze-elva, og vi får sjå verdas største damanlegg Sanxia-Dei tre kløfter. Sjølv om landskapet har forandra seg dramatisk etter at demninga førte til auka vasstand, er det framleis ei stor oppleving å kunne segle på ”Livets elv” som i alt er 6300 km lang.
Når vi stig i land i Chongqing som er Kinas desidert største by med eit folketal på godt 30 millionar, dreg vi vidare med fly til Lhasa , hovudstaden i Tibet. Lhasa ligg 3600 m over havet og vi treng kvile litt for å tilpasse oss høgda. Difor slappar vi av ein heil ettermiddag og berre dovnar oss på hotellet. Men Lhasa er ein spennande by, og dei neste dagane skal vi utforske byen og omgjevnadene.
Vi dreg vidare til keisarbyen Xi’an med tog. Byen kan i tillegg til terrakottahæren by på spennande marknader og ein kort spasertur på bymuren.
Frå Xi’an tek vi fly til Beijing hovudstaden i Kina. Beijing er viktigaste reisemålet for kinaturistar, men om ein har vore her før, kan turen avsluttas her, og ein kan flyge heim alt no om ein ynskjer det. For dei som vil oppleve Den Kinesiske Muren, Den Forbodne Byen, Den Himmelske Freds Plass, Sommarpalasset og mykje meir, vil turen vare enno to og ein halv dag, fulle av minnerike opplevingar før ein dreg heim.
Turen har ikkje spesiell vekt på hage og planter, men begge deler vert naturlege innslag mellom fantastiske kultur- og naturopplevingar. Det vert garantert mange slike som vil legge seg i minnet og feste seg til netthinna – opplevingar for resten av livet.
Turen er open for alle, og tidlegare turar har hatt deltakarar frå heile landet av begge kjønn i alderen 13 til 81 år!
Vel ein turen som varer i 15 dagar, kostar den kr.28.800.
Vel ein også å ta med Beijing,varer turen i 17 dagar og kostar: kr. 31.400
Dette inkluderer:
- Fly tur/retur Gardermoen inkl. flyskattar og transport i Kina iflg. program
- Delt dobbeltrom på godt 4-stjerners hotell m/frokost
- Cruise i delt dobbeltlugar på 4 – eller 5-stjerners båt
- Full pensjon
- Reiseleiar frå mittKINA i Kina
- Eigen buss og lokale guidar
- Komplett sightseeingprogram inkl. inngangsbillettar
- Tips til guidar og sjåførar
Prisen forutset over 20 deltakerar.
Gruppevisum til Kina (kr. 600) kjem i tillegg. Dette tek turoperatøren seg av.
Ved å klikke HER eller HER. finn ein fleire bilde frå reiseruta og program med prisar og anna nyttig informasjon.
For påmelding eller meir informasjon, kontakt reiseleiar Fred-Arild Grøneng snarast:
hageflor@online.no
eller tlf. 48080548 etter prinsippet “Først til mølla….”


HER kan du trene på kinesisk før turen.