Vargtime på Krimfest Sunnfjord.

Ei oppleving i ord og tonar – ein nyting for sjela!

Dei som les bøkene til Gunnar Staalesen veit at Varg Veum har eit hjarte for jazzmusikk og spesielt er han glad i saxofon og Ben Webster er favorittartisten. Dette faktum gav Gunnar Staalesen og Jan Kåre Hystad idèen om å gå igang med eit prosjekt dei har kalla Vargtime. Dette er eit program der Staalesen les frå bøkene sine og fortel om krimhelten Varg Veum i fint samspel med Jan Kåre Hystads kvartet. Prosjektet har blitt til 3 Cd-ar og programmet har vore presentert på dei fleste jazzfestivalane i Norge. Tittelen Vargtime assosierer vi sjølvsagt med helten sjølv,Varg, men slik som vi har blitt van med gjennom bøkene til Staalesen har også dette ei djupare meining.

Begrepet VARGTIME høyrest ut som om det er noko som har vore der i alle tider, men det viser seg at det først vart brukt då Ingmar Bergman spelte inn ein film med tittelen «Vargtimmen», og ved premieren forklarte Bergman tittelen slik: «"Vargtimmen är timmen mellan natt och gryning, det är timmen då de flesta människor dör, då sömnen er djupast, då mardrömmarna är verkligast. Det är timmen då den sömnlösa jagas av sin svåraste ångest, då spöken och demoner är mäktigast. Vargtimmen är också den timme då flest barn föds."

Velkommen til “ein god time” der du gløymer alt anna enn den gode Vargtimestemningen.

Vist 2 gonger. Følgt av 1 person.Skriv ut

Vist 46 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 4863 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir