Palmerevyen 2010 "Brød og sirkus"

Laurdag 27. mars 2010 kl. 20.00 til 22.30 "Saften" på Hermansverk

Brød og sirkus til folket" er eit uttrykk frå dei gamle romarane som gav ut gratis brød og viste gladiatorkampar for at folk ikkje skulle protestere mot den politiske styringa.

Leikanger Mannskor har teke med seg dette utrykket inn i årets palmerevy. Ikkje for å stagge nokon som helst i det heile teke. Heller under mottoet – Desto meir liv i politikken, desto endå meir liv på revyscena,, og i år gir det seg utslag i stor dramaturgi og sikkeleg sirkusstemning på scenekanten.

Vi kjem til å sleppe ein del kattar ut av sekken i tida som kjem. Det er berre å få kjøpt billettar så fort som råd er, og vi lovar ein revy med trøkk og skikkeleg palmesus

Mer informasjon:
www.lmkor.com
Billettar:

Billettar kan kjøpast på Kiwi Hermansverk og Skjeldestad Libris Sogndal eller tingast hjå:
Hermund Mjelstad tlf 481 43 095
Arnvid Hovland tlf 992 06 457

BILLETTPRIS KR 210,-

Arrangør:

Leikanger Mannskor

[Bilete 866785 fins ikkje eller er sletta]
Revy, Leikanger, Mannskor

Kvar skjer det?