I 1957 gjekk det eit jordskred som tok heile gardstunet Eldal og feia det på elva. Bonden Einar Eldal overlevde denne hendinga. Han bygde oppatt huset same året, og ny låve i 1959. I 1960 vart det arrangert jonsokmoro og låvedans på den nye låven. I år har vi igjen rydda låven og arrangerer låvedans på nytt, den 30.juli. Enkel hovudrekning viser at det er 50 år sidan fyrste gongen. Matservering frå kl 1900 og bar i låven.
“Hæla i taket” er røynde dansemusikarar som spelar svært variert musikk som kan passe for folk i alle aldrar.