Veikingkonvoien 2010: Florø - Stavang - Eikefjord

Fredag 25. juni 2010 kl. 18.00 til søndag 27. juni 2010 12.00, Florø - Stavang - Eikefjord

Vyrde Veiking!

Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og
andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi! Og etter å
ha byksa oss forbi talet 13, så feira Veikingkonvoien 15-års jubileum!
-som då er 1/10 av Florø sitt byjubileum.

Fredag dreg vi inn til idylliske Stavang, der Sponbaron Anders Haave
stiller med ein vakker våg, kaier, flytebrygger, servering og god
stemning. Sjølvsagt vert det kaidans der vi får svinga oss til smektande
perler og gnistrande rock, framført av Veikingarna (ex. Nybø Band…)
Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt
på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av
dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss utover og
innover fjorden.
Våre etymologiske granskingar har elles synt oss eit artig dialekttrekk
frå Sentrum-2. Medan sunnmøringane prata halvemål og kutta vekk
bokstaven H fremst i orda, kutta desse fjordingane ut bokstaven V. I
jubileumsåret er det såleis naturleg for oss å ønske veikingane velkomne
til Veikefjord!

Her skal vi nyte det late liv; svinge oss i dansen, preike med gamle
kjende, spele gitar og synge åndelege songar. Sjølvsagt vert det mat og
drikke å få kjøpt. Veikefjord har elles mykje å by på for store og små, så
her bør det vere noko for heile familien!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet
eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går
fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle
veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for
alle.

Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray