Søndagskafè

Søndag 5. februar kl. 15.00, Kletten Grendahus, Førde

Det er igjen klart for søndagskafè i Kletten grendahus på Haugum i Førde. Dette er ein uformell møteplass i nærmiljøet, der ein kan møte andre folk frå grenda og samstundes få kjøpt seg ein kaffiskvett og noko å bite i attåt. Vi opnar dørene kl 1500 og held ope utover så lenge det er folk. I tillegg til kaffi og kaker er det og råd å kjøpe brus, pølse m/ brød m.m. Har du tid og lyst, så legg turen innom. Alle er hjarteleg velkome!

Vist 2 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?