Akustisk konsert med ODD-ERIK LOTHE

Fredag 10. februar kl. 22.00 til laurdag 11. februar 01.00, BARTINE BAR (Rica Sunnfjord Hotel og Spa)

Odd-Erik Lothe
…akustisk kveld i Bartine Bar

Odd-Erik Lothe er for dei fleste mest kjendt som mangeårig vokalist og gitarist i Fabel. I tillegg lånar han også stemme og gitar til rockabilly-bandet Green Granadas (sist sett i Norske Talenter), samt at han trakterar orgel i humortrioen Finn-Erix (Radio røynda)

Fredag 10. februar spelar Lothe ”unplugged” i Bartine Bar. Med seg har han gitar,munnspel, sikker røyst og eit vidt reportoar som spenner frå 50-talet og fram til i dag. Songar av artistar som Elvis, Bruce Springsteen, Bob Dylan, The Beatles, Cornelis Vreeswjiik og Ulf Lundell blir garantert å høyre denne kvelden. I tillegg byr han sjølvsagt også på sjølvskrivne viser frå m.a. nemde Fabel.

Vist 7 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?