Akustisk konsert m/Odd Erik Lothe
Allsidig, plateklar trubadur
Odd-Erik Lothe er for dei fleste mest kjendt som mangeårig vokalist og gitarist i Fabel. I tillegg lånar han også stemme og gitar til rockabillybandet Green Granadas (sist sett i Norske Talenter), samt at han trakterar orgel i humortrioen Finn-Erix (Radio røynda)
10. og 11. februar spelar Lothe på Rica Sunnfjord Hotell & Spa. Fredagskvelden opptrer han i Bartine i ein dempa singer/songwriter-setting der han bl.a. vil by på smakebitar frå sitt kommande album “Blå song”, som er venta rundt påsketider. Laurdag spelar Lothe på Træskeverket. Med seg har han gitar, munnspel, sikker røyst og eit vidt reportoar som spenner frå 50-talet og fram til i dag. Songar av artistar som Elvis, Bruce Springsteen, Bob Dylan, The Beatles, Cornelis Vreeswjiik og Ulf Lundell blir garantert å høyre denne kvelden. I tillegg byr han sjølvsagt også på sjølvskrivne viser frå m.a. nemde Fabel.


