Eg er på ein måte glad for at du løftar debatten Djuvik, for debatt kan, og vil som oftast være nyttig for å få fram både synspunkt, og negative eller positive sider.
Eg skal innrømme at du har eit godt poeng, når du seier at det kostar mykje å reise til Oslo, ein del av flya som går (spesielt frå Sandane) har mellomlandingar, og både tek fleire timar meir samt kostar minst halvannan tusen kroner meir enn ei direkterute. Sjølv reiser eg helst frå Førde viss eg skal til Oslo, og der er det svært …