| «Bør Sp få ein ny periode for å stogge fråflyttinga?»
Du må være logga inn for å kunne ta et standpunkt!
Syv er positive
La politikerne få jobbe ferdig sakene,uten blir det håpløst å få gjøre noe med det meste.
Ingunn H.
er for
Det første jeg vil si er at Førde Kommune er den eneste kommunen i fylke som kan vise til økn…
Alf V. S.
er for
Selfølgelig.. Men dokke må huske at det ikkje er SP eine og aleine sitt ansvar. Alle kan gjere…
Tonje F.
er for
Hyllestad har vore Ap-styrt med Mowatt som ordførar i 12 år. Likevel har folketalet godt nedove…
Tore B.
er for
SP er opptekne av å få til ei positiv utvikling! Og hugs; nettopp DU kan komme med gode forslag…
Mari A. N.
er for
Politikk er langsiktig. Sp er godt i gang – kven veit kor det hadde sett ut utan Sp ved roret?
Laila M.
er for
Tja..vil det hjelpe? Er det ikkje vi sjølve som må engasjere oss for å snu utviklinga?
Leif T.
er åpen
Siste tre månadane har folketalet gått ned i Sogn og Fjordane, og opp i alle andre fylke. Dette har skjedd medan Senterpartiet siste to åra har site i regjering, og siste fire åra har hatt fylkesordførarvervet i Sogn og Fjordane. I 89 av dei 113 kommunane i landet der Sp har ordføraren, flytta fleire personar ut enn inn i fjor. Bør Sp få ein sjanse til, for å prøve alternativ medisin mot fråflyttinga?
Elleve er kritiske
Eg meiner det er på tide å byte ut fylkesordføraren. No er det Bremer sin tur.
Odd
er skeptisk
Bytt ut det gamle, inn med ungdommen.
Atle I.
er mot
Peddy
er mot
På tide at FRP får vise kva dei kan. No har alle andre parti vist kva dei ikkje er i stand til!
Jens
er mot
Så dårleg samla som fylket har stått i forskjellege sakar dei siste åra, har eg ingen tru på Sp.
Ole L. E.
er mot
nok og sei da e SP,AP og Krf av og til som har stryrt…nok no
Frank S.
er mot
SP sin tradisjonelle “cowboy-politikk” er lite attraktiv å flytte heim att til for by-erfarne unge!
Anne-Cecilie K.
er mot
Tor Bremer. er rett mann til å endre fokus, sikre utvikling, og bygge sterke regionssentre.
Jorunn K. E. K.
er skeptisk
Jeg ville heller satset på tilflytting. Da må det satses friskere enn det Sp er kjent for.
Espen S.
er mot
Er det nødvendigvis bare Sp som kan stanse fraflyttinga?
Kathrine K.
er skeptisk
Noname
er skeptisk
| ||
Skriv ein kommentar i debatten
Sentralisering og urbanisering er ein tung internasjonal trend. Det er tunge krefter me kjempar mot. Etter mitt syn blir det feil med for mykje motstand. Eg opplever at Sp kjempar for mykje i mot. Når det er så pass tydeleg kva folk ønskjer så blir det feil å drive ein heilt annan politikk.
Du seier Sp er godt i gang med arbeidet, og at det er usikkert korleis det hadde sett ut utan Sp ved roret. Ser me nokon som helst effekt av Sp sin politikk på dette området? Har ikkje folketalet i fylket gått nedover i heile 8-årsperioden?
Eg har sjølvsagt berre mine meininar om saka, og har ikkje gjort noko utgreiing om kva som kunne ha skjedd med eit anna styre i fylket.
Eg kan ta eit døme: i Solund har dei no mangel på hus grunna mange tilflyttarar. Dette som ein direkte konsekvens av strategisk satsing på å få folk til å kome til kommunen. Ordførar i Solund, Gunn Mognstad frå Sp, har saman med andre jobba aktivt for å få dette til.
For fylkeskommunen sin del, rår vi over meir langsiktige og inndirekte verkemiddel, og å sikre verdiar i fylket, som kraftressursane våre har vore viktig for å ha midlar til å sette inn i næringsutvikling, samferdsle og kulturføremål, for å nemne noko.
Å jobbe aktivt for å gjere fylket attraktivt for folk å bu i er snakk om blant anna politisk vilje. Nokon meiner at dette skal vi ikkje blande oss bort i – folk må få gjere som dei vil uansett. Vi vil sjølvsagt også at folk må har friheit til å bu kvar dei vil. Forskjelen er at vi ynskjer å gjere noko for at folk skal ha høve til nettopp dette. Det kostar å legge til rette for at det skal vere høve til å bu i utkantar, og utkantar har vi mange av i Sogn og Fjordane. Andre parti har sagt at dei ikkje vil betale dette. Høgre har sagt frå fylketinget sin talarstol at folk kan ikkje i framtida rekne med at dei skal kunne bu kvar som helst og få dei tenestene som alle vi andre har. Dette meiner vi i Sp er feil. Vi vil at det skal vere like rettar for alle i dette landet, anten ein bur i by eller i bygd.
Eg er i alle fall overtydd om at hadde vi ikkje hatt eit parti i førarsettet som går inn for nettopp dette, så hadde situasjonen i Sogn og Fjordane vore enno verre i høve folketalsnedgang.
Når det har gått så bra i Solund, kva med å hjelpe oss andre med kva konkret som er gjort der for å komma i den heldige situasjonen at ein ikkje har nok hus til alle tilflyttarane?
Kva går denne strategiske satsinga på som har gjeve så gode resultat? Eg tippar det er mange som er interessert!
Legg ned fylkeskommunen.. og øremerk midlane fra stortinget så kommunane er nødd bruke pengane på det dei er berekna til.. Ved og legge ned fylkeskommunen sparer en mange penger som kan komme kommunene til gode. Og det er ikke lite penger vi her snakker om.
Eg meiner det må vere ope for lokale prioriteringar, lokal handlefridom. Det må vere ei stor føremon, slik eg ser det, at det er nærleik mellom politikarar som gjer prioriteringane og folk. Det er ulike behov rundt om. Meir øyremerking vil gje mindre moglegheiter til lokal tilpassing.
mindre mulighet til og slurve vekk pengane som skulle gå til f.eks eldre.. lat oss sei en million fekk kommunen til eldreomsårga.. så sløste dei vekk til noke anna.. sånn er da nemlig.. Da Nå Øremerkast siden ikke lokale politikere ikke er vaksne nok og bruke pengane der det var meint.. Fylkeskommunen treng vi ikke da nærleik som du syns er viktig , har vi til dei i kommunen vår. Eg personelig har ikke sett en eneste fra fylket.
Øyremerking er ikkje naudsynt om ein vel dei rette politikarane til kommunestyra. No har du og andre sjansen!!
ja da har du helt rett i.. hadde berre alle stemt på dei rette ;-) Då hadde ikkje da vore noke problem. :-)
jamen kofor vart da strek over da siste eg skreiv..hmm jaja :-)
Nei men hør no her..for og stoppe fraflyttingen så kan eg tenke meg disse tingene må til:
-Mye bedre veier, to felt. (da kan bedriftene satse og, og staten betaler,som dei gjorde før i tiden da politikerene maste til dei fikk penger)
Kommer ikke på så mye mer eg..Det er alfa og omega det med veier..
Betre vegar, betre barnehagetilbod, betre skuletilbod, betre bu og levetilbod etc.. Alt er nevnt før. VI kan purre på det og purre på det.. Men det som regel tid for å få gjennomført alt saman. Om ein skal få med seg fleire velgarar, må ein finne på noke freskt som får fleire med seg. Nils R. Sandal er ein av dei som har satt i gong ei gruppe for å begynne utpønsking på dette.. Om alle hadde bidratt med eit forslag, uansett om dei er lik andre sine eller om dei hadde vore unike forslag, som kunne blitt realisert, så kunne vi ha vore med på å stoppa fråflyttinga. Vi kunne ha profilert betre at Sogn og Fjordane som eit fylke vi er stolt av og som vi ynskjer at folk kanskje kan tenkje her vil eg leve og bu. Vi er i startfasen.. Vi har begynt..
Samme kven som styrer. ein må til med tiltak. kvifor ikkje som i Finmark?
mindre skatt og arbeidjivaravgift. + beire VEIER!!!!!
Nei, det er ikkje same kven som styrer. Ein kan liksom ikkje setje den mest lataste personen til og styre ein fylkeskommune. Det må meir til. Det er det mest riktige partiet som må til. I mine auge er det Senterpartiet. SÅ får andre meine kva DEI vil. Men ein må ha nokon som engasjerar seg og som ikkje er redde for å kome med nye idear, eller som er redde for å få realisert noko.
ok men ein må ha tiltak. mindre skatt da kjem folk. mindre arbeidgivaravgift. da kjem bedriftene. sjikkelige veiar da er det råd å transportere folk og varer til ein gunstigare pris
bygg ut veier til 2 kjørebaner uten altformange svinger.
Så ser eg at det er forslag om div goder i forhold til resten av landet. Det blir feil og forlange noke sånt.
FYLKESKOMMUNEN BØR LEGGES NED!!!
Så slipper vi utgiftene til fylkeskommunen, tenk dere lønn til alle som jobber der+25% arbeisgiver avgift til staten. Alt det koster og adm dei ansatte.
osv..
Når en begynne og snakke om bompenger i Førde blir eg veldig kvalm. Det er en liten tettsted spredt utover, som at det er sluppet fra fly, men poenget er at FORLANG POLITIKERE!! Dere hadde jo gøds før i tiden..kun få år tilbake.. Da betalte staten veiene etter mas og press fra lokal politikerne.
Men er slutt på det no ser en over hele vestlandet, så kanskje en berre skulle lagt ned Kommunene og?? da hadde vi jammen spart penga da.. Noe for AP og tenke på.. ;-)
bygg ut veier til 2 kjørebaner uten altformange svinger.
Så ser eg at det er forslag om div goder i forhold til resten av landet. Det blir feil og forlange noke sånt.
FYLKESKOMMUNEN BØR LEGGES NED!!!
Så slipper vi utgiftene til fylkeskommunen, tenk dere lønn til alle som jobber der+25% arbeisgiver avgift til staten. Alt det koster og adm dei ansatte.
osv..
Når en begynne og snakke om bompenger i Førde blir eg veldig kvalm. Det er en liten tettsted spredt utover, som at det er sluppet fra fly, men poenget er at FORLANG POLITIKERE!! Dere hadde jo gøds før i tia..kun få år tilbake.. Da betalte staten veiene etter mas og press fra lokal politikerne.
Men er slutt på det no,som en ser over hele vestlandet, så kanskje en berre skulle lagt ned Kommunene og?? da hadde vi jammen spart penga da.. Noe for AP og tenke på.. ;-)
Men sluttar folk å flytte vekk om ein legg ned Fylkeskomunen?
Ikkje at eg trur at det stoggar med ein ny periode med Senterpartiet helder.
Dette må nok sje sentralt. Der med veier er eg fulstendig einig med deg.
Men det er ikkje feil å forlange dei godene Finmark fekk når folketalet der gjekk ned. Det er berre snakk om likhet for loven. Men eg veit ikkje noken parti som meiner det. men er det det stemmer eg på dei.
Nei,kan ikke forlange det. Da vil alle ha det.
men VI kunne jo lagt ned AP, så hadde vi sluppet og fø Ap med penger gjennom Lo. Noe som er urettferdig da vi kun har dei og støtte oss til.
Nei må vel berre finne oss i det at LO styrer AP..Er kun medlem i lo fordi det er god forsikring og sånt..men nok om det.
Veier er jo viktigst….ene og alene.
Barnehager og sånt annet slite jo alle plasser med. Men veier i sogn og fj er det som må til for at bedrifter og ikke minst folk blir. Det er dyrt og bu i en utkant kommune der i bestefall er en Spar butikk, som er betraktigere dyrere og handle på en Rema,som dei ikke har på sånne plasser.
Ta Hyllestad f.eks…Hva har dei der bortsett fra båtverftet??? ingen ting…
jo dei har vel ca 1100 meter med to kjørefelt..
Nå er ikke eg noen frp mann, men noe og tenke på er Os kommune..etter dei fikk styre nesten alene så vokser partiet for hvert år.. nå er det og blitt over 50%…
Ein kan ikkje leggje ned fulkeskommunen. Kven skal då styre Vidaregåande skular då som eksempel. Det er mykje som heng saman, takka vere fylkeskommunen.
OM vi skal få billigare skatt her i Sogn og Fjordane, så stemmer eg heller for at vi kvittar oss med eigedomsskatten.
Betre vegar er eit must, men eg klare ikkje å sjå for meg S og F som trivselsfylke med tofeltskjørebane begge vegar. Eg tykkjer dette smått vil øydeleggje den fine naturen og standarden vi har.
Tull . Me snakker sikkerheit og. mindre en to felt er tull.
Søviknes har selt alle aksjane i BKK og fått masse pengar å rutte med.
Men dei tar vel slutt ein gang dei og.
Men kansje me skulle prøve FRP. Til veinettet var på topp?
Men eg er litt redd dei selger alt arvesølvet. Men får dei noverande politikarane ikkje ut fingen å satsar på vei uten Bommpengar. Er eg redd det går den veien.Ser berre i Norhordland der går FRP fram berre grunna Bommpengar. Så, norske politiske parti kan berre satse sjikkelig på vei. 2felt. og finansiere han. Så har dei knekt FRP koden.
Du las vell kanskje ikkje alt eg skreiv.. Eg skreiv at betre vegar er eit must. Altså at det må til. Eg ser heller at vi utvidar vegane, gjer dei betre og sikre, dei som allereie er, enn at vi skal begynne og sprenge meir berg, ta frå meir hjorde og rive hus fordi at vi skal ha to feltsvegar her i Sogn og Fjordane..
Bur med fylkesveg1 i Gulen.Kjørde med campingvogn rundt på austlandet og i Sverige. Det jekk jo bra.men når eg kom heim på Fylkesvegen hoppa jo vogna meir en ho låg nedpå. lurer på kven som prioriterer sånn i fylket vårt. er det ikkje nettop senterpartiet.
Det er allereie blitt løyvd pengar frå stortinget, nettopp Liv Signe, til veg og vi har fått meir til veg her i Sogn og Fjordane. Vegar er allereie begynt og bli utbetra. Men ein kan ikkje ta alt på ein gong. Det er det ikkje noke arbeidskraft til. Der er heller noko ein kan sjå på. Legg fram det som forslag, så får du sikkert betre veg hos deg og ganske snart. Eg har veg heim til meg som faktisk er farleg og kjøre på, med tanke på korleis vegen øydeleggje bilane, der er farar for ras, der er fare for å kjøre rett ned i stein i havet, om ein ikkje er fokusert på vegen, men eg har ikkje gått rundt og klaga på den enda, fordi eg veit det er så mange andre plassar der dei treng det meir, som har endå verre veg heim enn det eg har heime hjå ho mor.
Felles trøst i felles skjebne. Er det det du mener Tonje?
Fordi det alltid er noen som har det like ille eller verre så gjør det ikke noe om veiene her på vestlandet er som en reise inn i fortiden når det gjelder fremkommelighet på viktige veistrekninger i fylket.
Eg har og kjørt på verre veier. Men dei er no stortset i Trifselsfylket.
men VG hadde jo ein repotasje kvar avis i sommar som tyder på at det finnes dårlege veier i heile landet. Så me får vel berre vere glade alle.
Men Reis ikkje for mykje ut av landet. dei har jo ikkje peiling. Sløse vekk pengar på vei huff huff.
Som eg har sagt allereie, vegane kan bli betra og får tryggare standard.. Men det er så mange andre faktorar som spelar inn på at det trengs meir pengar. På eldretun slik at både eldre skal få betre vilkår og auka levestandard på slutten av livet sitt og at dei ansatte ikkje slit seg ut på ovetid med små stillingar. Barnehagar som treng fleire tilsette, med utvida for fleire barnehageplassar. Skular som får kursa lærarar i betre og meir spanande læring. At idrett og kulturskular skal bli vidare styrkja slik at fleire unge kan få meir og gjere, enn å sitje framfor tv-klossen heile dagen. At det blir utarbeida prosjekt mellom vidaregåande skular som gjev erfaring og betra læring til dei skal i arbeidslivet. Det er så uendeleg mykje ein kan fokusere på, for og stogge fråflyttinga.. Betre vegar åleine har ikkje ansvaret for dette.
Men når foreldra held ungane sine heime frå skule, barnehage og fritidstilbud i tida når det er mest fare for ras. da jelper det jo lite om lærarane er aldrig så utdanna.
Folk som arbeidar på eldretun bør bu på rette sida av raset så dei eldre får hjelp. Betre veiar MÅ komme det er alle sektorar avhengig av. Gode veiar Så kan folk bu i bygda si, uten å vere redd for å sende ungane på .Skule,barnehage eller reise på jobb.
Nå har SP ansvaret for olje og energidep. kommunedep. samferdselsdep. og landbruksdep. og SP er for å opprettholde bosetningen i distriktene. Hva skjer? Folketallet i SF går ned sammenlignet med andre fylker og dette i et fylke der SP har mange ordførere og også fylkesordføreren.
Da kan man stille spørsmål om Sp er den rette til å styre i fylket.
Det kan eg forstå. Men om du ikkje har fått det med deg enda, så er dette allereie i gong eller så ventar det på å bli starta, mange plassar og fleire stader blir det. Men skal ein hindre at det eg nemnde i førre kommentar å skje, berre fordi at det er farleg nokre plassar, så kan ein like godt berre leggje ned all framgang i Noreg med ein gong. Fordi dette er noko som må takast tak i, etter at all rassikring og vegsikring er ferdig, uansett. Så kvifor skal det ikkje byrjast på no?
Arbeidet med å stoppe sentraliseringa er tungt og vanskeleg. Ingen av partia kan vel påberope seg å sitje med løysninga. Men dette er ei svært viktig sak for Senterpartiet. Kanskje sjølve hovudsaka. Kven skulle ha betre forutseningar for å greie dette enn Senterpartiet? Antageleg ingen. Då er det svært trist å sjå kor resultatlaust arbeider er! Resultata er magre om kun folketalsutviklinga skal brukast som indikator. Eg kan godt forstå at folk mistar tiltru til eit parti som flaggar distriktspolitikken så høgt og som samstundes oppnår så lite.
Notat til meg sjølv: Kjempeflott at det blir oppretta kampsaker. Men eit tips til dei som legg ut framtidige kampsaker: Det er mykje lettare å få respons om saka blir formulert som ein påstand i staden for eit spørsmål, t.d.: “Sp bør får ein ny periode for å stogge fråflytting!” Då er det lettare for folk å svare ja eller nei.
Poenget med heile arbeidet om å få folk til og flytte tilbake til fylket, er jo ikkje å tvinge dei. Ein kan berre freiste dei, samt gjere Sogn og Fjordane til eit meir attraktivt fylke ved å freiste med det vi har og by på. Det er eigentleg så enkelt.. Og det er jo nettopp det vi gjer. Vi freistar med å gjere Sogn og Fjordane til eit spanande fylke.
Det er då opp til dei som vi prøvar å nå, som må sjå fordelane med å bu her.
Eg trur Senterpartiet må vere førebudde på ein viss tilbakegang no ved valet når måloppnåinga er så pass dårleg. Arbeidet mot sentralisering har vore Senterpartiet sitt varemerke lenge. Men eg trur me kan sei at resultata er magre. Kor lenge skal me halde fram med same medisinen?
Sentraliseringa har ikke vore einaste varemerket. Men eg er eining med deg, Franzten. Men så kan det jo og plutseleg slå andre vegen att. Men skal eg vere ærleg så kan eg ikkje huske å ha lest om så mange andre parti som har jobba så mykje med å få folk attende til fylket heller..
Nei, det er klart. De skal ha kreditt for innsatsen.
Begynn med gul stripe. Som og er innvestering for fremtiden. Hugsa før da eg var liten..då vart veiene reparert og utvidet. Da vart det plutselig slutt på, da en “luring” begynte med bompenga.. no forfaller veiene..ikke berre i sogn, men og her nede i Nordhordland.Veiene blir smalere for kantene gjer etter, og bilene blir bredere..
Og når dei endelig vil ordne (vel og merke med bompenga) så er da “midlertidig” for flere hundre mill. Les: Knarvik, rundkjøringer, og senere om noen år,gjenomgangstrafikken ut av sentrum.
I dag bruker en fra Rema 100 og opp i veien opptil 30 min !!!
HVORFOR kan en ikke bygge orntlig med en gang???? Sløser med våre penger…HVORFOR???
Dere som politikere kan kanskje forklare HVORFOR??
det er sånn i sogn og fj og då..
HVORFOR?????
Eg er no glad for at det enno er ein betydeleg andel menneske i fylket som stolar på Senterpartiet. Valet gav oss det beste resultat nokon gong, og no gjenstår det berre å gjere sitt beste for å levere. Eg gledar meg!
Eg registrerer at også me gjorde eit godt val, fram nesten 3%. Som dei to største partia har me no eit betydeleg ansvar for å levere. La oss slå eit slag for godt samarbeid!
Ja, det er ein stor andel menneske i fylket som framleis stolar på Sp, og det skjønar eg ikkje. For kva i all verda har dei oppnådd dei siste åra? Det verkar som om båe Nils R. Sandal og Nils Gjerland er mest opptatt av å halde på makta, så får det heller berre skure og gå. For i Førde har utviklinga dei fire siste åra vore håplaus. Bygningar skyt til vers og nye lyskryss og rundkøyringar kjem med dei, utan nokon som helst slags plan.
Og no med Futurumbygget som kjem, som skal huse statlege instanstar. Kva i all verda skal det vere godt for? Dyrare husleige berre for å få den mest attraktive tomta i sentrum, som dei ikkje har bruk for.
Og ikkje minst fylkeskommunen, som eg forøving har teke til orde for å nedleggje i ein kampsak eg har oppretta her på Fjordaglimt, har vist til slette resultat. Dei klarar ikkje samle fylkes i det heile verken i sjukehusstrid, prioritering av vegmidlar eller no nyleg med kraftlinjestriden. Er det rart folk flyttar? Det einaste fylkeskommunen gjer er å administrerere eit par vidaregåande skular – som kommunane lett kunne tatt seg av viss ein hadde slått saman kommunar og fått færre og større – og lage møter slik at det skal sjå ut som at dei trengs medan dei sug pengar ut av skattebetalarane. Forbanna tull heile greia. Få det vekk, i alle fall når dei ikkje klarar vise til noko som helst.
Når folk er så evneveike at dei forsatt stemmer på ap og sp så måtte eg berre flytte
Er det berre eg som reagerar på ordbruken til Frank?
Ikkje øydelegg debattar med sjikane og ord som evneveike, om du er aldri så ueinig.
Kvifor skal ein stole på senterpartiet? Kvifor skal vi stole på politikarar i det heile? Stortingspolitikarar er vel den einaste yrkesgruppa som kan love og lyge utan at det får konsekvensar for dei, i kvar valgkamp kjem dei med lovnader som dei veit dei ikkje kan stå inne for, dette er å føre folk bak lyset.
Som eg før har utrykt så køyrer eg dagleg på vegar som betre egner seg som traktorveg, vedlikehald eller oppgradering har vel ikkje førekomme dei siste 20 åra når ein ser bort frå reprasjon av skader grunna verforhold. Nei eg ser ingen grunn til å bruke stemma mi på politikarar som lyg meg rett opp i anletet.
Nei, Astrid. Du er ikkje den einaste som reagerer på ordbruken til Frank.
Senterpartiet må ha gjort ein del riktig, ettersom vi fortsatt har eit godt antal med ordørarar, ein fylkesordførar, fleire stortingsrepresentantar og vi sit i regjering. Det er tross alt folket som har stemt Senterpartiet fram, og hos nokre virkar det som dei snur berre dei møter litt motgang, og ikkje får det som dei vil. JA! Nokre ting tar tid, men ein kan ikkje gjere alt på ein gang. Om det skjer kan det skje halvhjertiga, og da vil det bli dårlegare kvalitet.
Tykkjer fleire av dei som klagar kan stå fram og få litt fortgang i prosessen sjølv. Folk har lov og gjere ein innsats dei og, ikkje berre sitje å irritere seg og klage.