«Klimagassutsleppa må ned! Me må køyre mindre bil og reise mindre med fly.»
Du må være logga inn for å kunne ta et standpunkt!
Fem er positive
Ja til satsing på kollektive transportmiddel! Hurra dersom hurtigtog mellom Oslo og Bergen!
Silja S.
er for
Det er fantastisk fint å gå og jeg får abstinens symptomer når jeg av og til må bruke bilen.
Roar G.
er for
Mange flyreiser til møte i jobbsamanheng kunne vore unngått med gode IT-løysingar.
Arild N.
er for
Gå eller sykle. Mange folk tar bilen om dei skal bevege seg to meter. det er usunt for folk og miljø
Anne
er for
Det er mogeleg å køyre litt mindre bil, det er eg overbevist om!
Odd
er for
Utslepp frå transport er ein stor bidragsytar når det gjeld utslepp av CO2. Du finn meir informasjon hjå grønnhverdag Meir nytting informasjon finn du hjå Framtiden i våre hender
Fem er kritiske
Kan ikkje dei som har bussen rett utanfor stovedøra bruke den ?? Gå føre med eit godt xempel??
Anders H.
er mot
Øker bensinprisene bør kollektivtransport bli GRATIS for brukerne. Bensinen er allerede for dyr!
Erlend F.
er skeptisk
auke i bensinprisen er endå ein spikar i kista til bygder uten kollektivtilbod.ja til rushtids a.g
Kenneth L.
er mot
Hvor er bussene da?
Johnny S.
er skeptisk
På vestlandet vert det bak mål å angripe bilbruken når det i realiteten er einaste alternativ.
Joakim S.
er skeptisk
| ||
Skriv ein kommentar i debatten
Kjempeflott at det blir oppretta kampsaker. Men eit tips til dei som legg ut framtidige kampsaker: Det er mykje lettare å få respons om saka blir formulert som ein påstand i staden for eit spørsmål, t.d.: “Vi bør bidra til mindre klimagassutslepp ved å køyre mindre bil eller reise mindre med fly!” Då er det lettare for folk å svare.
Hvem er VI? Er det AP du sikter til eller er det hele norges befolkning som er målgruppen?
Senk avgiftene og bygg ut kollektivtilbudene slik at gamle forurensende biler kan fases ut og nye “renere” biler kommer på veiene, samt at det blir fremkommelighet på norske veier.
Trur du at me reddar klimaet ved at Ap-folk køyrer mindre bil? Så mange medlemmer har me ikkje..endå! Nei, sjølvsagt må alle i landet bidra med sitt. All kan gjere litt om dei har dei rette haldningane. Eg må sei at eg trur ikkje dette går om det er mange som har slike haldningar til bilbruk som du har.
Eg trur ikkje løysninga di er god for klimaet.
Om eg oppfattar deg rett så vil du ha billegare bilar. Og det ved å kutte i avgiftene. Ergo blir det produsert meir bilar i verda. Folk kjøper fleire bilar. Og det blir meir bilkøyring. Bilar er desverre ikkje berre forureinande når dei køyrer. Også når dei blir produserte blir det produsert store mengder klimagassar. Dette hadde du sett om du kikka på linkane over. Kva slags drivstoff skal desse “reinare” bilane du snakkar om bruke? Kva skjer når kinesarane og indarane begynner å køyre like mykje bil som oss? Å halde fram med å bruke bil mykje eller kanskje til og med meir enn i dag er ikkje tolererbart, fordi kloden rett og slett ikkje vil tåle all denne bilbruken.
Hva er det med mine meninger som skal forhindre mindre bilbruk?
Jeg påpeker at det avgiftsnivået som er på biler i dag ikke akkurat stimulerer folk til å bli miljøvennlig når det gjelder bilbruk. Mye kan gjøres og mye kan bidra til å senke utslippene, og en ting er å få byttet ut en eldgammel bilpark.
Og flyving? joda det kan reduseres. Hva med statsminister Jens S. som hasta rundt på helgeland i innleid buisnessfly som til alt overmål, selskapet som fløy flyet ikke hadde søkt om tillatelse for å fly på kortbanenettet på helgelandskysten. Han kunne ha prøvd kollektivtilbudet der oppe, i tilegg ha troffet mange flere på både buss og jernbane på sin rundtur etter stemmer for AP.
Kordan skal folk kjøre mindre bil når Dere i AP og SP legge ned bussrutene???
Og hadde vi hatt brukandes veger så hadde vi jammen spart halve tia og halvparten av forurensinga,som er meget stor.
F.eks las eg no at BMW hadde ein ny motor som gjorde at dei sparte 30-50 gram pr km!!!!!
Bygg veier så folk kjem fram raskare og sikrare.
Kai R.B:
Eg meiner at lågare avgifter på nyare bilar vil føre til at det blir selt og dermed produsert meir bilar. Det er ikkje berre køyringa med bilen som er eit problem for miljøet. Det går med store mengdar energi for å produsere ein bil. Derfor synes ikke eg det er særleg miljø- og klimavennleg at ein stimulerer til at det vert produsert fleire bilar i verda.
Frank S.: Du har heilt rett! Det må leggjast til rette for at folk brukar meir kollektivtransport. Men eg er overbevist om at folk kunne ha brukt dei bussrutene som eksisterer i dag meir enn tilfellet er. Årsaka til at det ikkje er fleire ruter trur eg i stor grad skuldast at det er for lite folk som tar bussen. Altså er ei haldningsendring rette staden å starte etter mi meining.
For svært mange er bilen det eneste fremkomstmidlet som er løsningen for folk flest i dette land. Da er det også gjerne slik at pga jobb og barnehager/skole er behov for to biler. Dette er for mange realiteten i hverdagen. Da er det en stor fordel at det blir stimulert til en bil som forurenser så lite som mulig.
Men så lenge folk er avhengige av en ting så er sosialistene ute og sikrer at skatter og avgifter er til stede for å tyne mest mulig ut av folket.
Det er eit ubestrideleg faktum at bilen er miljøfientleg. Det er ikkje snakk om å slutte å bruke bil. Men eg er overbevist om at folk kan få til å bruke bilen mindre om dei hadde prøvd. Er det verkeleg sånn at det aldri passar å ta bussen? Det har eg litt vanskeleg for å tru.
No veit ikkje eg kva avgiftene på bil går til. Ein del avgifter er fornuftige, andre er det ikkje. Avgifter på forureinande forbruk meiner eg er rett. Pengane kan brukast til miljøtiltak. Avgifter kan også verke adferdsendrande.
Alle avgifter havner i den samme potten og fordeles ut derfra også.
Hva mener du er en rettferdig avgift på feks veitrafikk?
Skal drivstoffavgiftene øke?
Skal årsavgiften øke?
Skal luksusavgiften på motorvogn øke?
Skal det komme flere bomstasjoner?
Skal det komme piggdekkavgift?
Kan du si noe om hva dere i AP mener om dette?
Dette må eg setje meg grundigare inn i før eg kan gje deg eit skikkelig svar. Men eg trur ikkje Ap har programfesta auke i desse avgiftene. Eg trur heller ikkje det er planlagt å redusere dei. Dei fleste av desse avgiftene er vel begrunna. Dei er avgifter på direkte forbruk. Om du vil betale mindre avgifter så må du sjå deg om etter eit alternativ.
Saksopplysning ift. flytrafikk: Tala til Avinor viser at det var heile 825 000 flyavgangar og landingar i Norge i 2006. Berre kring 26 000 av desse var charterturar til utlandet.
Det er riktig at det er mange situasjonar, spesielt i mindre tettbygde strøk, som krev bruk av privatbil. På den andre sida, som Frantzen påpeiker, er det på ingen måte umulig å benytte seg av det kollektivtilbudet som faktisk finnast. Dersom folk let vere å bruke det,vert det jo nedbygd. Det er markedsmekanismer i praksis, og Ap og norsk politikk på klimasida er kostnadsbaserte, det same er til dels kollektivtransporten. Korvidt folk brukar kollektivtransport, er nok haldningsbasert. Mange folk er kort sagt for late til å bevege seg, dei hopper i bilen og vekta suser oppover. Det er berre å kaste eit blikk på statistikken. Det er ei investering å gå og sykle, da gjer en en innsats for både seg sjølv og miljøet.
Det er, så lenge vi faktisk bruker bil så masse som vi gjer, ikkje så dumt å produsere meir miljøvennlige bilar. På den andre sida, kan det fungere med avgifter på feks utslepp slik at produsentane set inn pengar på å utvikle nye meir miljøvennlige motorar for å ta eit døme. Hadde flydrivstoff vore like dyrt som feks til bil, ville det vore sett inn penger på å utvikle meir miljøvennlige flymotorar, men det skjer ikkje pga flytransport i norge jo er fritatt for CO2-avgift. Det kan Ap få i oppgave å endre på;)
“Men så lenge folk er avhengige av en ting så er sosialistene ute og sikrer at skatter og avgifter er til stede for å tyne mest mulig ut av folket” skriv Kai R.B. Dette er klassisk retorikk når ein ikje har skjønt bakenforliggende fordelingsmekanismer i tråd med den nordiske velferdsmodellen. Joa dei som vil betale for private gamleheimsplasser, ha bestemor på anbud og meiner at viktigaste tingen i verden er billigere biler og bensin, argumenterer ofte slik. Kva med åsjå på at ein faktisk betaler skatt for å kunne få gratis sjukehusbehanling, gratis skule, gratis høgare utdanning osv. det finn du feks ikkje i USA, der må du ha forsikring. Om du ser på feks USA betaler folk gjennomsnittlig det same i skatt pluss forsikringspremier, som vi betaler i skatt. Dei har ein an modell enn Noreg. I USA er det også langt meir opp til privat næringsliv å redusere eigne utslepp med internt kvotemarked m.a.
No spora eg litt av her, men mi oppfordring er iallefall å tenke miljøbevisst. Det går an å gjere ganske mykje sjøl og som Frantzen seier så trengs det også ei haldningsendring, muligens også ei kunnskapsheving. Så lenge folk argumenterer på nivå alla “sosialister er dumme”, går det jo ikkje akkurat framover. konstruktive argumetner derimot, er fine ting.
Sosialister er ikkje dumme, men det verkar som om ein har for vane å spele på idealismen i folk, og trur man verkeleg at det er 4,7 millionar idealistar her i landet er ein mildt sagt naiv. I Noreg er det flyet som har best tilbod, og derfor flyg folk mykje, opptil 8-10 gongar så mykje som resten av Europa. Vil ein at folk skal ta buss/tog må ein skape eit konkurransedyktig marked for dette. Eg gidd hvertfall ikkje bruke NI timer på 50 humpete mil når eg skal heim frå Oslo til Førde. Nei, då tek eg heller flyet. Det er rett og slett frykteleg skremmande å sjå kor lite Noreg evnar å satse på infastruktur her til lands.
Det er faktisk moglegheiter for å redusere dei personlege klimagassutsleppa utan å køyre mindre.
Det er visst ein trend at mange vel store og sterke bilar no. Har alle folk som går til innkjøp av ein bil med kraftig motor verkeleg bruk for ein slik bil?
Avgiftssystemet er no utforma slik at det er mindre avgifter på bilar med mindre motor, fordi desse bilane er betre for klimaet.
Folk som ønskjer å køyre like mykje bil som før, kan gjere sitt for klimaet ved å velje ein litt mindre bil med litt mindre motor.
Den siste kommentaren din, Odd, inneheld direkte faktafeil. Det er ikkje slik som mange likar å tru at ein bil med svak motor slepp ut mindre i reell bruk. Dette stemmer når bilen går på tomgang, men når du må dra strikkmotoren din opp i 5000 omdreiningar for å kome deg opp bakken medan naboen med sine ekstra hestekrefter ikkje ein gang treng å øke gasspådraget – då ser skalaen litt annleis ut.
Ok, men trur du ikkje om ein ser på ein tidsperiode på til dømes eit år, at ein bil med større motor brukar meir bensin enn ein med mindre motor? Trur du ikkje ein person som har ein bil med kraftig motor brukar desse kreftene litt og trakkar hardt på gassen av og til? Kva skal ein ellers med ein bil med mykje krefter om ein ikkje av og til ønskjer å bruke desse kreftene? Det er vel grunn til å tru at ein køyrer litt hardare når ein har ein litt sprekare doning.
Kva er då grunnen til at regjeringa legg om avgiftene slik at bilar med større slagvolum får høgare avgifter? Antageleg er det fordi det er gjort vurderingar som tilseier at denne typen bilar er meir miljøskadelege.
Men dette går det sikkert an å finne tal på. Me får sjå om me greier det slik at me har noko å underbygge diskusjonen med.
La oss til dømes sjå på Opel. Dersom du ser på side 18 i Opel Vectra Priser og spesifikasjoner 01.07.2007
Der ser du tydeleg at dess større slagvolum dess meir CO2-utslepp.
Kvifor er framleis hestekreftar også med når ein sett avgiftsprisane då? Regjeringa skal jo framleis ha inn like mykje pengar i avgifter, så heile “CO2-avgifta” er jo berre eit populistisk trekk. Viss hovudintensjonen er å få ned utsleppa frå bilane, kvifor fjernar ikkje regjeringa avgifta heilt frå bilar som slepp ut mindre enn f.eks 120 g/km i CO2, og hevar dei tilsvarande for bilar som slepp ut meir? Jo, for då kjøpar alle dei billege bilane, og staten mistar milliarder som dei brukar på heilt andre ting enn samferdsel, sannsynlegvis sosialbudsjett.
Men eg er heilt samd i at klimagassutsleppa må ned, så Noreg kan jo faktisk gå føre i satsinga, i staden for berre å prate medan vi pumpar opp tonn på tonn med olje. Sats på teknologi! Gje forskningmiljø milliardar på milliardar i utstyr, kompetanseheving osv. Det er mogleg å bruke pengar på andre ting enn sosialbudsjett her til lands.
Sjølvsagt er utsleppa potensielt større på ein stor motor enn på ein liten. Poenget mitt er at i ein klimasammenheng så er hestekrefter og slagvolum uinteressant, det er dei faktiske utsleppa som betyr noko. Avgiftene bør då settast slik som Ole E. seier ved at ein fjernar HK-avgift og aukar CO2-avgifta. Skal regjeringa ha ei seriøs klimasating er dette punkt 1 innan samferdlebiten.
Johnny S har teke standpunkt mot å køyre mindre bil og reise mindre med fly. Han etterlyser bussane.
La oss ta mellom Førde og Florø. Det går mange bussar der! Eg kikkar kjapt på rutene og finn ut at om kvardagane går det 15 avgangar frå Førde til Florø. Eg får meg ikkje til å tru at det aldri vil vere mogeleg å finne ein buss som passar. Det som må til er ei haldningsendring. Om folk byrjar å ta bussane vil det også komma fleire bussruter.
Kva kostar bussen mellom Florø og Førde? Er det ikkje rundt ein hundrelapp? Det er ganske dyrt, men ikkje dyrare enn bil pga bom og bensinutgifter, men den brukar 1t og 5min pga den køyrar delar av strekninga på gamlevegen. Følgeleg kan den ikkje konkurrere med bil på tid. Den brukar jo 20 minutt lenger på ein times strekning!
Jaha..men kva er 20 minuttar i den store samanhengen? Det kan godt hende me må ofre desse 20 minuttane for å få ned klimagassutsleppa.
Dessutan kan ein jo bruke tida på bussen betre enn om ein køyrer bil. Kva med å lese og lære seg nye ting medan ein reiser?
Joda, men då er vi jo igjen tilbake igjen til idealistdebatten. Så det ein då må vurdere, vil vel vere om det er lettare å få folk til å køyre kollektivt ved å gjere tilbodet ved kollektiv betre enn ved å køyre privat eller ved å spele på idealisme og haldningsendring? Men uansett, det er jo andre ting som må til, og som gjer større forskjellar. Store ressursar må settast inn på teknologibiten. Rensing, fornybar energi osv…
Det må heilt klart arbeidast for at fleire blir miljøidealistar! Det ligg eit enormt potensiale i haldningsendring ute blant folk.
Eg lurer på korleis ein skal få folk i hopetal heromkring til å nytte kollektiv-transport??
Då skal ein jammen ha god tid.. og telt…
Og då blir det produktivitetsnedgong i neringslivet her.. og då er vi utkonkurrerte..
Skal vi gjere som han Odd føresler blir det meir klimautslepp… Det går ein bråte med bøker på ein busstur.. og bøker veg..Det går meir drivstoff… og masse cellulose som er laga av tre…frakt på desse bøkene… og mindre tid heime.. Tenk kva tidsklemma kostar..
Me må for søren ha bilen.. og økonomi til å bruke den.
Når det gjeld den tekniske diskusjonen om kva som som forurensar minst eller mest vinn Joakim..