«La oss få låv å stryke på listene!!»
Du må være logga inn for å kunne ta et standpunkt!
Fem er positive
Ja på listetene skulle det vert obligatorisk og stryke!!
Johnny S.
er for
Joakim S.
er for
Dette er viktig for demokratiet.
Arild G.
er for
Ja til stryk.
Espen S.
er for
Johannes J.
er for
for 4 år sidan blei det ikkje lenger høve til å stryke kandidatane, som står på valglistene. skal interessen for å stemme opp. Må folk få makta tilbake!!!!
En er kritisk
Dei som får mest kryss på valsetelen har betre sjanse for å kome inn. Det ordninga funger godt.
Sigbjørn L. T.
er mot
| ||
Skriv ein kommentar i debatten
Eg meiner strykeordninga verkar rotete og støttar dagens system med personkryss på røystesetelen.
For å få opp valdeltakinga må dei ulike lokale politiske partia bli flikare til å markere sine standpunkt. Personleg aktivitet spelar inn i dette valet men også i 4. årsperioden.
Men det er og andre fakorar som spelar inn:
-Media må bli finkare til å møte opp der politiske vedtak skjer, td. bystyret, planutval og Formannskap. I tillegg bør media bli flinkare til å skulere folk til meir innsikt i det politiske system, rolle, bruk av kjeldekritikk og følgje opp ei sak. Å kome 2 veker etter eit vedtak t.d om Fylkesutvalet si fellesfråsegn om 420 kV-lina mellom Fardal-Ørskog, og kalle det nyhende, held ikkje mål.
-Media må tilegne seg meir kunnskap om saker. Meir informasjon ut til folket, då vil folk få betre innsikt i sakene og kan soleis trekke konklusjonar.
Utestenging av informasjon er ein dårleg verkemiddel for å få valdeltakinga opp.
-Kommunen bør bli flinkare å informere om opne høyringar, møte.
Ueinig med deg her, Sigbjørn. I eit kommunval i størsteparten av kommunane i SF, så er personane på lista viktigare enn partitilhøyrigeita. Det kan heller ikkje vere tvil om at det må vere styrkande for lokaldemokratia og valdeltakinga at ein kan luke ut dei personane som enten ikkje samsvarar med eige syn, eller som ein av andre grunnar ikkje ynskjer som representant i det lokale kommunestyret.
Eg er i likheit med Frode B. einig i at strykinga er einaste effektive hjelpemiddel for å få opp att valdeltakinga, rett og slett fordi ein gjennomsnitts veljar ikkje klarar å finne ei liste som utan unntak samsvarar med eigne meiningar.
Å skulde på media vert som vanleg feil, media kan (heldigvis) ikkje påleggast noko som helst, og slik må det også vere i framtida.
Personslengarar har betre effekt. Stryking av person på ei valliste er uttrykk for negativ lada haldning i tillegg til at det er “smør på flesk”. Personslengarar gjev kandidaten du vil ha. ei ekstra røyst og vedkommande rykkjer fram på lista og har betre sjanse til å kome inn avhengig av kor mange slengarar den personen får.
Nei, personslengarar har ikkje betre effekt, men halv effekt. Du har rett i at det er negativ lada haldning til vedkommande, men det er vel og poenget. Haldninga bak ein slengar er jo ikkje meir positiv, men då er den innpakka som ei positiv stemme til alle dei andre enn vedkommande som ein ikkje ynskjer å ha med.
Negativ haldning er også lovleg, vi kan ikkje gå å gøyme oss kvar gang noko vert negativt. Mi meining er at det må gjelde for dei som stiller til val på ei liste og.
Ueinig med Joakim S.
Strykliste på valliste er uansett utdatert.
Når eg vel parti spelar ideologi og person ei vesentleg rolle.
Kva er det med dette mediet?
Det er mange som har fortalt meg att dei har lagt inn meininger som ikkje er kommt med.
Men uansett så er det mi meining att skal demokratiet leve så må folk få lov til å stryke kandidater dei veit fra erfaring ikkje kjem til å gjere ein god nok jobb i utvalg og kommunestyre.
Det er ikkje alle som står på listene som veit det ein gang.
Dei som tek standpunkt og veit kva deii vil er det vi treng, og det viktigaste er å styrke vekst og tilflytting til regionen.