ANKLAGE MOT FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE FOR BROT PÅ LOVER OG INTERNASJONALE KONVENSJONARUnderteikna sit med dokumentariske bevis på at denne anklagen er rett! Det er svært alvorleg når eit fylkesmannsembete, som statens representant, Mine påstander knyter seg til klagesak etter barnevernlova, der Fylkesmannen Med bakgrunn i ovanståande ser alle og einkvar at det er full dekning for Like uforståeleg og alarmerande er det at media ikkje grip fatt i denne Sogndal 30 juli 2009 Alf Reuss Kollsete Vann «folkeskikk-pris» på Norway CupGutelaget til Eikefjord stakk av med ein av tre fairplay-prisar, som vart delt ut av fotballforbundet under Norway Cup. Kort fortalt, går fairplay ut på respekt på fotballbana. Det å tenkje over sin… Les heile saka hos firda.no Ida møtte Gull-Andreas på Norway Cup
EI STOR OPPLEVING! Ida Midtun avbilda i lag med dobbelt olympisk meister Andreas Torkildsen på Norway Cup. Til venstre sprintaren John Ertzgaard. All foto: Ida Børsand Ida Midtun frå Førde IL Fotball deltok i mesterskapet i 40 meter sprint for spelarar mellom 11 og 19 år under Norway Cup. Sprintaren John Ertzgaard var arrangør, og løparane kjempa om tittelen ”Slettas raskaste spelar”. Spydkastaren Andreas Torkildsen var entusiastisk tilskodar og medarrangør. Føremålet med mesterskapet var å syne dei unge fotballspelarane gleda ved å konkurrere i friidrett, samtidig som dei fekk litt avveksling frå fotballen. I fjor deltok over 2000 spelarar i mesterskapet i 40 meter sprint. Sprintaren John Ertzgaard hadde det praktiske ansvaret og sørgja for at konkurransen vart avvikla på ein skikkelig måte med profesjonelt tidtakerutstyr. Bemanningsselskapet Jobzone var ein av tre sponsorar. Adm. direktør Amund Alm hos Jobzone seier at sponsing av friidrett stemmer godt med Jobzone sine mål, strategiar og arbeidsmåtar. – Både i idretten og i arbeidslivet er det naudsynt å trene for å bli god_. Alm synest det er fint at unge spelarar får lære det tidlig i ein ordentlig konkurranse, kor det viktigaste framleis er å delta. Sidan starten i 2002 har Jobzone hatt nære band til friidretten. I år er Jobzone hovudsponsor for NM i friidrett som arrangerast på Lillehammer i perioden 31. juli – 2. august. Selskapet er dessutan sponsor for friidrettsutøverane Christina Vukicevic og Andreas Torkildsen. Andreas Torkildsen er spydspissen i Jobzones idrettssatsing, mens selskapet har også følgt Christina Vukicevic sidan ho var 16 år. Jobzone støttar morgondagens stjerner som hovudsponsor for Norges Friidrettsforbund og sponsar også friidrettsklubbane Tjalve, Tyrving, Minerva, Ski, Steinkjer og Lillehammer. Selskapet er i tillegg godt synlig i store arrangement i regi av Bislettalliansen. I Holmenkollstafetten stiller Jobzone med eigne lag, som har hatt lagleierar som Henry Rono og Hjalmar Hjallis Andersen.
Eivind Vallestad og Andreas Kalland avbilda i lag med John Ertzgaard og dobbelt olympisk meister Andreas Torkildsen.
Kampen om å bli “slettas raskaste” er blitt eit populært innslag under Norway Cup. Her er eit gutelag frå Førde IL Fotball foreviga i lag med medarrangørane John Ertzgaard og Andreas Torkildsen (bakerst til høgre). Dette er Jobzone Funnen mobilFann ein Nokia mobil med SIM-kort frå Tele2 i botnen av skaret mellom Fossedalshengenipa og Høgeholten i dag. Mobilen har truleg lege her relativt kort tid og er nok misst av ein person som har vitja Nipebu. Kontakt underteikna. Legg ikkje Jølstra i røyr!-Det å seie nei til ei kvar utbygging , vil i alle høve være dumt, skriv Firda-redaktøren om planane om å legge Jølstra i røyr. Ja, eg er en slik dumskalle. Jølstra må ikkje røyrast i dobbel tyding, er mi meining. Sjølv om dei hundre grunneigarane eig fallrettar og fiskeretten, kan dei ikkje berre ta omsyn til seg sjølv og selje heile elva for nokre skarve kroner. Jølstra er eit unikt innslag i det landskjende vakre natur- og kulturlandskapet . Elva er ein viktig del av identiteten og det daglige livsmiljøet for dei fleste jølstringane. Difor må alle som bur langs elva være med å avgjere lagnaden. -Alle veit at behovet for elkraft er stort og at rein energi er mangelvare i dag, skriv Firda-redaktøren. Sidan han ikkje er dum, ber eg han og avisa heller bruke dei kloke håvene sine til å utløyse dei kreative kreftene i Sunnfjord til å skape arbeidsplassar med den elkrafta vi allereie har og som vi sender ut av fylket, framfor å gå i lag med kraftkåte og grådige utbyggjarar som ikkje kjenner andre verdiar enn kilowatt-timar og feite sjekkar. Ingen i bygda vår får billigare straum. El-krafta vår sel vi til EU-landa til høgste marknadspris. Vi får berre røyr og betong og linjer som øydelegg stadig meir av den naturopplevinga som for mange av oss er en del av det gode liv. Jølstravatnet er kanskje det beste aurevatnet i heile Europa. Vi har ein unik storaurestamme med Jølstra som gyteelv og oppvekstplass for ungane sine. Under den siste vassdragsreguleringa tok utbyggarane særlig omsyn dette. Kravet i dag må være at vassdraget må vernast for vidare utbygging. No må elva få fred til glede for bygdefolket, fiskarane, dei som driv med vassport og andre turistar. Dette er og ein viktig del av næringsgrunnlaget for bygda. Visst kan nokre av oss gle oss over straumpengane, men det viktigaste er å ta vare på dei naturverdiane som gjev oss eit trivelig og godt bumiljø for oss og komande generasjonar. Kor finn vi konsekvensanalysane for økosystemet i dei nye planane for vassdraget? Kva negative konsekvensar for miljøet har utbyggaren ikkje råd til å ta omsyn til, og dermed må få løyve til å bygge ut uansett? Og kven er med på å turrlegge Gjesdalsfossen. Den er også eit viktig innslag i nærmiljøet for dei stadig fleire familiar som slår seg ned i Jølster nettopp fordi vi har ei så unik natur. Kjøsnesfjorden kraftverk kjem i drift før jul. Det er et glimrande ingeniørarbeid, men utbyggaren tok ikkje omsyn til reiselivsnæringa og kommunen sine ynskje om å føre straumen i kabel fram til Dvergsdal. I staden kasta dei seg på den billigaste løysinga og har laga eit langt skjemmande linjesår på heile den fantastiske fjellsida som turistane beundrar frå riksvegen på nordsida og som er eit av dei mest urøyrde partia i naturlandskapet. Utbyggaren måtte også turrlegge den finaste fossen innafor Sægrov. Vi som har sett på kraftutbygging andre stader frå et meir miljøsyn, veit at turrlegging av dei mange bekkane, vil redusere frodigheita og tørke inn mykje av den grøne skogen og plantelivet oppe i fjellsidene. Og vi som marknadsfører Sunnfjord som Fosseheimen. Før vi gjer fleire inngrep i naturlandskapet, treng vi ein debatt om naturverdiane våre og konsekvensane for ei vidare utbygging av Jølstravassdraget. Eg ber elveeigarane tenkje seg om endå ein gong. Vil vi verkeleg leggje elva vår i røyr. La oss ikkje drepe debatten med å seie at ”slik er det berre”. Eivind Fossheim Annonse | |||||||||||