Nytt byggefelt på SandaneLeser i Firda Tidend at det legges ut nye tomter til bygging av bolighus. For det første må jeg få si at jeg er ganske imponert over at det enda er folk her som har “gøts” til å komme med nye konkrete forslag som kan være positive for bygda! Det meste av det som blir foreslått her, kveles av en eller flere motstandere. Er det ikke rådmann eller andre med politisk eller formell myndighet som går imot diverse forslag, så er det privatpersoner som enten mister utsikt, eller av andre mer eller mindre saklige grunner ikke bare går imot, men nærmest truer forslagene i senk. Men kommunen ønsker økt folketall….. Den raudgrønne regjeringa er elevane sin beste venn!Eg er stolt over kva regjeringa har gjort i skulepolitikken. Vi har styrka kommunane med over 30 milliarder, noko som har ført til over 4000 nye ansatte i skulen. Vi har innført gratis læremidler, og frå skulestart i år har elle elevar i den vidaregåande skulen gratis skulebøker. Vi har styrka lærarutdanninga og brukt rekordstore beløp på etterutdanning for lærarar. Aldri har skulebygg vore prioritert høgare, eksempelvis Flora VGS som er vedtatt opprusta for 100 millionar. Aldri har det vore like stort fokus på betre rådgivningstjeneste. Resultata på internasjonale testar vert stadig betre – vi er ikkje best endå, men pilene peikar oppover. No vil vi meir, difor treng vi ingen pause, men fortsatt raudgrønt fleirtall etter valet den 14 september! Mathias Stang, Leiar Flora AUF Nærløp i orienteringOnsdag 2. september arrangerer Førde IL Orientering nærløp på Langeland med frammøte/ parkering ved Kleiva skihus. Derifrå er det ein liten kilometer å gå vestover langs gamlevegen til samlingsplass og målområde. Kartet er ”Landskampskartet” frå 1989 med omfattande resynfaring og oppdateringar i sommar. Løypeleggarane tilbyr 4 løyper med ulik lengde og vanskegrad. Den lengste løypa er 5,2 km, medan nybegynnarløypa er 1,2 km. Dei som vel den lengste løypa får ein tur innom Bringelandsdalen, medan dei andre løypene går i terrenget vest for lysløypetraseane. Terrenget i Langelandsområdet er mellom dei finaste og mest lettløpte orienteringsterrenga i Sunnfjord – fritt for steinete ”bukkemark”, ugjennomtrengeleg einekratt eller knehøg lyngmark. Her kan det derfor springast fort for den som har kondisjonen i orden. Annonse | |||||||||||