Ei kyrkje er borte i HønefossNokre hendingar gjer eit større inntrykk enn andre ting. For nokre få dagar sidan brann kyrkja i Hønefoss ned. Det var sterkt å sjå TV-bilda av kyrkjetårnet som datt ned til slutt. Så langt har eg oppfatta det slik at ein ikkje har grunnlag for å seie at kyrkja var påtent. Heldigvis. Tenk om det var ”di” kyrkje eller ”mi” kyrkje som brann ned? Det ville nok kjennast sterkare. For sjølv om mange medlemmer av statskyrkja er i gudsteneste mest til jul og gravferder, så er kyrkja ein heilag stad med djupe tradisjonar for slekt og lokalsamfunn. Hendinga i Hønefoss gjorde eit sterkt inntrykk på meg, då mi opphavlege heimekyrkje er i samme fylke – nokre mil unna. Litt før dette som skjedde i Hønefoss var det ein slags debatt i Bergen om kyrkjebrannar. Ein ”antikristen” musikar sa det var han ikkje tykte det var gale om nokon brenn ned kyrkjer. Deler av media elskar ytterpunkt i ein elles daglegdags kvardag, så dette vart slått stort opp. Her bør nemnast at 6. juni 1992 brann Fantoft stavkyrkje i Bergen ned til grunnen, truleg basert på påtenning. Naturlegvis reagerte biskop Halvor Nordhaug på det ferske utspelet om kyrkjebrannar, og det frå ein person som visstnok skal inn på lønningslista til Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Sidan 1993 har dette teatret hatt status som nasjonalt teater. Det er altså ikkje tale om ei revyscene kor som helst, for å seie det slik. I regionavisa Firda hadde dei ei nettsak om Nordhaug sin reaksjon – der overskrifta var ”… har fått biskopen på nakken”, omtrent som om det var ei sinna eldre dame som slo med paraply. Ikkje påtrengande respektfull omtale av dei geistlege, kan ein seie. Kva om ein norsk såkalla ”anti-islamist” hadde stått fram med synspunkt om at det var greitt å brenne ned bygningar med muslimske bønnerom? Den personen hadde blitt rekna som ekstremist og fått mest alle på nakken; kanskje og blitt politiovervåka. Og slike synspunkt er heilt uakseptable; det er forkasteleg å meir eller mindre legitimere grovt skadeverk eller verre ting mot religiøse bygningar. Men personen i Bergen-debatten blir i media omtala nærast som ein litt kuriøs kulturperson. Enda ein kjendis som barn og ungdom kan lese om, liksom. Toleranse for ulike meiningar er vel og bra, men det må det vere ein viss skilnad på rett og gale. Eg tykkjer det har gått for langt i vår tid med ”Dagbladet-toleranse” mot alt og alle. Biskop Nordhaug fortener ros for å ha vore så raskt ute og så klar i sin tale.
Ingvar Torsvik Myrvollen Nyhetene vi snakker om på FjordaglimtNyheten man snakker om på Fjordaglimt 28 Januar 2010 klokka 17.42 er Kor langt skal lojliteten til styre i HF gå?Er lojaliteten for styre i HF gått for langt og er det ein bremsekloss for vidare utvikling for helsetjenestane i S&FJ? I disse dager kan vi lesa om korleis det går når ingen tek ansvar i ein sektor der dei fleste av oss stola på hadde høg integritet og ansvarskjensle.Politikarane har overlete ansvaret til styrer som tenker økonomisk vinning og pyramidebygging.Det har vore lite tanke for dei som er taparane i systemet. Det er det- direktører og spesialistane foreskriver som er forsvarlig behandling i dagens samfunn. Sogn og FJ må snu helsepyramiden. .Behandlingspraksesen i sjukehusa har som vi alle veit endra seg radikalt dei seinare åra og tilbuda til dei sjuke eldre,psykisk sjuke,rus og mennesker med kroniske sjukdommer har vorte dårlegare. Her er det den nye samhandlingsreforma kommer inn,men har kommunane kompetanse og godt nok sammarbeid mellon profesjonane til å kunne ta dette ansvaret? I dag gjekk styre ut og ba om meir penger og fekk nei frå Helse Vest som etter kvart har forstått at noko er riv ruskande gale når det gjelder styringa av økonomien til styre i HF. I Sabeltanns vald....I sommar knela eg for marknadskreftene, og tok med meg tantegutten Sjur på fire (og eit halvt!) til Kristiansand Dyrepark. Med billettar til Sabeltann, fly, hotell, is og brus kosta stasen eit statsbudsjett. Men det er gjeldande takst for tanter i dag, så det var berre å halde visakortet varmt, hovudet kaldt og humøret oppe. Dyreparken og Sabeltann er for pensum å rekne, og millionar er investert i kulissar. Ikkje berre skal ein sjå dyr frå Afrika, ein skal få kjensla av å vere på ein Afrikansk savanne – om enn på ein litt kjølig dag. For dei vaksne er det nok ein smule kommers, men for ungar ein eventyrleg verd å gå inn i. Det var i alle høve det eg trudde før vi drog. Idyllen slo imidlertid sprekkar midt i ein afrikansk landsby. Her gjekk dyra fritt og borna kunne klappe dei. Eg tenkte at det var kjekt for guten, men Sjur sto nærmast nagla i bakken. Her skulle det ikkje klappast eller kosast korkje svin eller geiter – han drog meg i armen og ville UT. Eg spurte kva problemet var. ”Jeg har ikke så lyst til å se på så mange dyr tante Anne” kom det på klingande Bergensk. Då var vi definitivt på feil stad. Dette var på ein måte ein D y r e p a r k, og dyr var det mest overalt. Men korkje geiter eller svin vart rørt – han ville heller renne i tømmerstokk. Denne tømmerstokken vart min Nemesis under opphaldet i Dyreparken. Det er for dei uinnvia ein tømmerstokk som flyt av garde i ein svær renne med vatn – og du får gleda av å sitte oppi. Finalen er at den fyk ned eit bratt fall og flatar ut med stort plask til ellevill fryd. Vi hadde alt vore oppi den fleire gangar, og med blinkskot frå plasket som dokumentasjon. Biletet syner poden i front, frå seg av fryd, og tanten baki – kvit av angst. Turen i tømmerstokken utvikla seg i løpet denne helgen til ein wet T-shirt konkurranse eg tapte gang på gang, og eg gjekk gjennom parken våt til skinnet. Mens Afrika fekk vere Afrika, og dyr fekk vere dyr køyrde vi tømmerstokk til eg vart sjøsjuk. Vi køyrde også tog, radiobil, traktor og ein gang ein jeep, men det bar jamt attende til tømmerstokken for der var guten i knallform. Eg derimot var skjortevåt. Så var det Kardemommeby. Sjur ville sjølvsagt køyre trikken, og så bar det bort i Røvarhola. Men på vegen vart det bom stopp og han drog meg i armen att. ”Kva er det Sjur?” spurte eg bekymra. ”Jeg har egentlig ikke så veldig lyst å gå bort til det der Røverhuset, tante Anne” kom det bestemt.. Eg spurte kvifor. ”Jeg er LITT redd for løven…” peip det stille. Det demra for meg at ingen hadde tenkt på å gjøre reie for tryggleikspolitikken i Dyreparken for ein fire (og eit halvt!!) årig gut. Her gjekk vi blant påfuglar, griser og geiter, og alle gjekk fritt. Lemuren nappa oss i håret, og påfuglen stal småbollar frå småbarn. Det var løver og tigrar overalt, men korleis skal ein gut på fire (nesten fem!!) år vite at ikkje løva også gjekk laus og kunne finne på det same? Og kanskje ikkje nøye seg med bollen? Her sveva vi i livsfare og ingen passa på. Neste halvtimen vart sett av til is på benk og drøfting av tryggleikstilhøvet i parken. Kort oppsummert; dyr som nappa hår og stal bollar gjekk fritt. Dyr som kunne ete oss var inngjerda. Løva til røvarane var to karar i pels, og det mest farlege i parken var pølsene. Spørjande auger og kjapp forklaring; lange køar, kalde pølser, lause mager. Han tok poenget. Nyvunden tryggleik og glad pjokk med is hoppa vidare mot radiobilane. Småtrøtt tante med uggen mage tusla bak. Etter timar med trakking, traktorkøyring og enno eit par turar i tømmerstokken råka vi på eit nytt problem; Sabeltanns verd. I starten var det greitt. Vi cruisa sjappane med sjørøvarutstyr for å førebu oss til showet på laurdagen. Sjur fann seg eit sverd, tanta fann seg eit sjørøvarsjal, og midt i vrimmelen av effektar kom vi over ein bøtte med flagg. ”Sjur?!” sa eg med sensasjonsprega innleving ”Veit du kva dei har her? EKTE SJØRØVERFLAGG!!” Ungen sto mållaus. Den tynne hinna mellom verkelegheit og barnedraum brast og han kviskra andelaust: ”Men…det er jo helt FANTASTISK…!” Store auge på guten. Stort smil på tanta. Endeleg ein ekte Dyrepark augneblink. Verd eit statsbudsjett og vel så det. Kvelden var berga og framtida gild. Trudde eg. For idyllen varte til Den Sorte Dame kom sigande inn på vågen der vi sto i kø. Sjølvaste Sabeltannskipet. Som tanta kjøpte i julepresang lenge før poden hadde fjernaste aning om kven Sabeltann var. Men ein skal tidleg krøkast tenkte eg den gang då eg blakka meg på juleinnkjøp. Så her var vi. Og skulle køyre med den EKTE Sorte Dame. Eg var frå meg av fryd. Pjokken var merkjeleg stille. Eg ana skjær i sjøen. Kva var det no? Då peip det på nytt ”Jeg har ikke så veldig lyst å reise med den båten, tante Anne…” Totalhavari. Skuffelsen var til å ta og føle på. Hjå tanta, ikkje poden. ”Men eg har lyst” peip eg stille. Tårane sto i auga. Hjå tanta, ikkje poden. ”Ja, men jeg har ikkje så veldig lyst, tante Anne” bad han tynt. Eg nekta å tru det. Eg togg og eg svelga og leita etter overbevisande argument. Dei sokk te bånns med knekte master. ”Då trur eg tante Anne begynner å grine” utbraut eg desperat då køen begynte å sige ”for eg har så lyst å reise med Kaptein Sabeltann sin båt!” trygla eg. Men nei. Guten var ikkje til å rikke. Eg tenkte på statsbudsjettet. Og Sabeltannbåten. Investeringar over ÅR som leda opp til denne dagen. Alt gjekk til bånns med mann og mus. Underlippa bivra. På tanten, ikkje…du veit. Då såg eg medynken sakte vinne over motviljen og guten manna seg opp. ”Da har jeg også lyst…” sa han heilt utan overtyding, forpint på mine vegner. Eg tok meg saman. Vi tok oss time out. Ny is og ny tur på benken. Dette var Dyreparkkrise av dimensjonar. ”Houston… we have a problem”. ”Jeg liker egentlig ikke så veldig godt Kaptein Sabeltann” kom det omsider frå ein stad bak isen. ”Kvifor det då?” sutra eg ”Jeg syns han BRÅKER sånn…” Guten viste seg å vere redd sjørøvarar. Trudde dei var ekte! Og rett skal vere rett; dei virka ikkje nett so dei hadde vidare respekt for lov og rett. For eit barn av to politiforeldre er det kanskje ei smule urovekkjande. Det vart ny runde med dekonstruksjon. Sjørøvarane vart avkledd som vanlege folk. Båten vart ein vanleg båt og kanonane var ikkje ekte. Dekksguten heitte Einar, og sablane var av plast. Fireåringen var ikkje overtydd, så eg drog det litt langt og trekte inn nissen. ”Du gjorde ikke det?!” sa broderen då eg seinare gjenfortalde episoden. ”Slapp av” sa eg ”han kjøpte ikkje den. Såg på meg som om eg var gått frå vétet”. ”Ja, for han har jo vært her” humra broderen. Dei har eit vasstett opplegg på nissen, koordinert med naboen. Så det var framleis tindrande auge og nisseidyll julafta. På poden – ikkje på broderen…Pjokken roa seg til slutt ned og vart med på sjørøvarbåten. Det vart tindrade auger, og sjørøvarblodet fossa i årane. På tanta denne gang, gutungen var meir avmålt. Men på kvelden tok han Sabeltann med storm, leika sjørøvar og var tøff som eit tog. Gjekk på showet med sverd i handa og prata med små og store medsjørøvarar. Vart det meg fortald. For tanten falda på dette tidspunktet armane rundt doskåla etter inntak av ein av dei halvlunkne pølsene som skulle syne seg å ha…eit rikt indre liv. Sjur vart sendt med ein tantevikar hyrt inn for høvet. Vel heime oppsummerte guten turen for mor si: Dyreparken var ok. Det var gøy å køyre jeep, radiobil, traktor og tog. Det var mest gøy å renne i tømmerstokk. Og å leike i ballrommet på hotellet. ” Og vet du mamma?” kviskra han fortruleg til mor si ”det finnes ikke sjørøvere i virkeligheten!” Eg planlegg no neste tur med tassen. Den kan like godt bli til IKEA. Ein finn ballrom og tog overalt, og det treng ikkje koste all verda. Pølser og is har dei og, og pølsene deira er varme. Anne-K.Misje
Nordfjord og Helse Førde.Eg vert nesten mållaus når eg eg finn oppslaget i “Fjordabladet” sist veke om at ein i Nordfjord ikkje har lukkast samle seg om kandidat til styret i Helse Førde ( http://bit.ly/8NwaxH ). Det er vil ikkje mykje nytt i å fortelje at det i denne delen av fylket har og er eit sterkt engasjement for korleis strukturen når det gjeld sjukehus kjem til å verte, ikkje minst gjeld dette framtida og funksjonane Nordfjord Sjukehus skal ha. Samstundes er fleire store samferdselsprosjekt starta opp (mellom anna Kvivsvegen). Nord om fylkesgrensa går det føre seg ein debatt om framtida til lokalsjukehuset i Volda. Engasjementet i denne debatten står ikkje attende for den som vert ført i vårt fylke. Eg skal ikkje spå om framtida og kva som vert den endelege skjebna for dei to sjukehusa. I verste fall vert ein naturleg region tett samanbunde med ferjefrie vegsamband mellom Storfjorden og Nordfjorden med til saman 75 000 – 80 000 innbyggarar utan lokalsjukehus. Sogn og Fjordane har nær 110 000 innbyggarar totalt berre for å samanlikne. Det hadde difor vore naudsynt for Nordfjordkommunane denne gongen freiste å få inn i Helse Førde systemet dei beste folka som var å finne frå denne regionen. Det er ikkje mangel på folk med brei røynsle både frå offentleg og privat verksemd og frå politikk. Folk med engasjement når det gjeld framtidig helsepolitikk manglar heller ikkje, folk med fagleg kunnskap og røynsle frå styrearbeid i større organisasjonar er heller ikkje mangelvare. Eg leitar ikkje etter folk som skal “føre krig” i styret til Helse Førde, eg ser etter folk som kan ta med seg vidsyn, framtidsutsikter og ikkje minst målbere det som folk i Nordfjord ser kan finne stad om ting held fram som før – 80 000 innbyggarar mellom Ålesund og Førde kan verte utan lokalsjukehus om ikkje noko tek til vit! Ikkje minst ser eg etter folk som har god nok kompetanse til å sitje i eit føretaksstyre med det økonomiske og administrative ansvaret som ligg i dette. Etter mi meining at det trengs fornying i styret for Helse Førde. Dette har eg påpeikt tidlegare i innlegg her på Origo. Grunnen er svært enkel, kommunikasjonen mellom styret og leiing i Helse Førde, folk og institusjonar held ikkje mål! Det er ikkje enkelt å kommunisere med 40 000 “kranglefantar” i Nordfjord og Sogn, men det er mogeleg om ein vil og kan, og med god strategi for kommunikasjon og informasjon. Difor er det berre trist å sjå at kommunane i Nordfjord, Nordfjordrådet og andre gode krefter i regionen ikkje er i stand til å finne den eller dei personane som distriktet meir enn nokon gong treng – både for fornying av styret i Helse Førde og for å medverke til gode og tenlege løysingar for regionen vår når det gjeld sjukehustilbod! Gratis TurTips på SMS kvar fredag! Send TUR til 26112.![]() TurTips er ein SMS teneste som er heilt gratis for deg! Kvar fredag sender vi ein SMS med eit TurTips til alle som har meldt seg på. Send TUR til 26112 no å kom deg ut av sofaen med våre TurTips! Kvar veke velger vi ein stad langs kysten av Sogn og Fjordane, Fjordkysten! For meir info sjå på FjordKysten.no !
NRK Sogn og Fjordane vel sentrum venstre til sitt panel”Fredagspanelet” er personar redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane meiner er interessante for å kommentere aktuelle hendingar og oppsummere veka som er gått. Det er eit spanande tiltak og har ved fleire høve fungert godt – i ein stort sett bra distriktskanal som m.a. hadde valsendingar med høg kvalitet i fjor haust. Men rekrutteringa til ”Fredagspanelet” har utvikla seg skeivt. I byrjinga nytta ein journalistar frå andre medium rundt i fylket samt samfunnsdebattantar som slår i fleire retningar som den frittalande Ap-mannen Georg Arnestad osb. Men dei siste vekene har det vore ”klyppekort” for Kristine Timberlid (SV-politikar), Brigt Samdal (Ap-politikar), så kom Henning Rivedal (radikal informasjonssjef); før det andre tidlegare eller noverande SV-politikarar – og/el. ektefelle. Ein burde kanskje for moro skuld ha ført arkiv på dette, men det finst viktigare ting å halde på med. NRK er ei statleg verksemd som alle med TV i Norge betaler utgiftene til – anten me vil eller ei. Difor har det vore eit prinsipp at NRK skal prøve å vere nokolunde politisk nøytrale. Me får til ein viss grad leve med at dette ikkje har vist seg så lett å leve opp til i praksis, jamfør t.d. at Gro Holm då ho var nyhendedirektør i NRK sa frå offentleg at ho håpte på raudgrøn valsiger for nokre år sidan, berre for å nemne ein ting. Dei fleste NRK-toppsjefane har jo vore retrettstillingar for nyleg ”avgåtte” Ap-politikarar og. Men eg vil oppmode NRK Sogn og Fjordane om å ikkje gå i forsvarsposisjon med ein gong, men få auga opp for at 38 % av dei som røysta ved Stortingsvalet i 2009 i Sogn og Fjordane røysta mot at Det Kongelege Norske Arbeidarparti, Sosialistisk Venstreparti og det ny-radikale Senterpartiet skulle få halde fram med si regjering. I landet elles var prosenttalet som røysta slik høgare. Det finst blå lokalpolitikarar i ALLE 26 kommunestyra i fylket. Dersom ein ser seg litt vidare rundt, kanskje ein finn einkvan – innimellom dei ein er van med å bruke – som ikkje er på venstresida … Eg ønskjer lisensfinansierte NRK lykke til! Beste helsing Annonse | |||||||||||